lørdag, juli 06, 2024

Dagbok 2024: 6.juli



Klokka er no19.07, temperaturen ute er 14grader C, det er mykje skyer og skodde, men også litt sol.
I dag har eg vore flittig, eg har tatt fredagsvasken i dag i staden for i går, eg har vore på butikken og handla, Marit var nedom ein tur, og då ho gjekk heim gjekk eg ein tur på Vernet. Eg hadda skofta to dagar no. Elles er det ikkje mykje å berette om i dag. Erlend har no slutta seg til dei andre i familien som er i Solund. Han skal vere med å spele på ei tilstelling i kveld med bandet sitt. Der er så kjekt at Margrete held kontakt med slekta i Solund. Eg er ikkje så "flakkfør" lenger -kan i alle fall ikkje reise åleine, slik eg gjorde i ungdommen. 
Rasmus med familie kjem på mandag og så leiter vel resten av storfamilen seg heim etter kvart. Kjekt å treffast igjen.
Denne kvelden blir eg vel sittande å strikke framfor TV-en. Så håper eg på godver når Rasmus-familien kjem.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.oktober

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 10 grader og det regnar-. Når eg ser på veret no er eg glad for at eg rydda opp i hagen i går, for ...