torsdag, juni 27, 2024

Dagbok 2024:27.juni

Klokka er no19.47, temperaturen ute er ca 25 grader C og det har vore ein fin og varm dag.

I dag var det trening igjen og vi skal ha enda ei veke  med trening før vi får ferie.

Etter treninga køyrde eg bort på Ose der gartnaren på Urke har utsal. Dermed fekk eg tak i ein blomst til grava utan å fare heilt bort på Plantasjen, eg kjøpte også ein pose med fine tomatar, dei har godt av å ligge litt til før eg smakar dei.

Eg har ein liten spade, ei saks og ein pose med mold liggande i bagasjerommet på bilen i tilfelle eg finn ut å fare på grava. Og de ville eg i dag. Eg planta den blomsten eg hadde kjøpt og så måtte eg klippe gras og fjerne  mose etc. Det er ikkje så enkelt å få der fint, sidan heile gravplassen er dårleg stelt. Blomsten som stod att frå sist tok eg med heim og planta i beddet nedanfor garasjen , der set eg ned litt av kvart som ikkje er heilt topp.

Eg var så trøtt i beina i dag at eg slo frå meg turen på Vernet. Når eg er på trening er det mest føtene eg trenar, så det er ikkje så rart at det kan kjennast etterpå.

Men eg måtte no gjere noko her heime, eg kunne i alle fall halde slangen og vatne litt. Det er ikkje så lenge sidan det regna, men eg trur plantane treng meir vatn-og det fekk dei.

Så hadde eg eit par jobbar i hagen, eg skulle kloppe graset rundt nokre busker her og der, starta på bildet over og det tok si tid, etterpå gjekk er der eg har komposten min, for der kjem eg ikkje så godt til med klipparen, så det var berre å bruke saksa rundt alle bærtrea etc. Eg har tatt bilde av det også, men eg har nok ikkje halde telefonen beint. Dermed fekk eg i alle fall gjort ein kjedelig jobb i dag-så slepp eg i morgon.

Då er det fredag igjen, eg synest dei kjem ofte, og juni er snart brukt opp-det går så altfor fort desse sommar-månadane, og sola har alt snudd. Solveig og Øystein har reist på ferietur og det er dei vel unnt. Rasmus-familien er på Malta og Margrete &Co skal vel ein tur til Solund. Eg blir vel her for det meste, men kan no ta småturar her og der viss eg vil.
 

Eg er heilt klar over at det ikkje er så interessant å lese om hagearbeidet mitt, men det ei mi dagbok, som eg veit mange les. Det synest eg er heit greit.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.juli

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 garder C, og det regnar. Eg synest ikkje det er så populært -med skodde nedetter fjellsidene. Eg...