søndag, juni 23, 2024


 Klokka er no18.32, temperaturen ute er + 17 grader. Etter ein lang, grå og våt dag kom sola fram, og eg kjende kor humøret steig. Eg har vore her åleine heile dagen, men det vart no ein tur på Vernet tidleg på dag. Elles har eg gjort litt husarbeid og så har eg strikka. Eg vart litt irritert fordi eg måtte rekke opp det eg hadde strikka i går kveld og var veldig fornøgd med då. Men eg hadde gjort ein grov feil og kunne ikke skulde på andre enn meg sjølv. No har eg ordna strikketøyet, så då har eg ikkje det å irritere meg over.

Til middag i dag laga eg ein liten klatt rømmegraut til meg sjølv, sidan det var Jonsok og eg ikkje hadde ete graut på Bakk -Ola.

I morgon må eg få tak i bensin til klipparen så eg får ta resten av plenane mine.

Elles har eg ikkje store planar, men her er nok å ta i om eg skulle få eit annfall av 

energi. Vi er ikkje ferdige med fødselsdagane enno, for i morgon blir Einar 37 år.

Han og eg var på kinamat-kafe i Volda. Eg har vore der mange gonger og kjenner Kina-dama .Nyleg har eg vore der i lag med Margrete og Solveig, og då  eg kom i lag med Einar, trudde ho det var sonen min. Ho var sterkt tvilande på at eg var mormor. Men Einar hadde ei god forklaring.

Marit følgjer så godt med på vermeldingane og ho har sett at det skal bli fint og varmt på tysdag særleg.

Her i Ørsta feirer dei ikkje jonsok slik som det var på Eid -før i alle fall. Her er det berre eit "lurvetog" med ungar som har kledd seg ut -og så er det hornmusikk. Marit var ned og såg på det, sidan barnebarnet spelar i hornmusikken.

Før var det skikkeleg feiring på Eid med store bål, musikk etc. Korleis det er no veit eg ikkje. Eg har lese i ei bok eg har om "merkedagar"Der står det om gamle skikkar som bålet t.d.






Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.juli

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +11 garder C, og det regnar. Eg synest ikkje det er så populært -med skodde nedetter fjellsidene. Eg...