mandag, september 16, 2024

Dagbok 2024: 16.september

Klokka er no18.15, temperaturen ute er 12 grader C og det er overskya, men ikkje regn, eg trur det var litt finare tidleg i dag, meiner eg såg sola i dag morgon.

Eg hadde diverse planar for dagen, så eg kom meg ut og i arbeid ganske fort. Eg ville bort på VØR med hageavfall. Hadde fleire sekker ståande rundt omkring -og dei ville eg ha vekk.

Og så måtte eg klippe bartrea ved kjellerdøra, for det hadde så lange greiner at dei kunne stenge for gjennomfarten, Eg klipte dei mykje for to år sidan, då vi heldt på å skifte tak, men no hadde dei vakse godt.
 

Eg lasta inn i bilen fleire svarte sekker og skulle køyre på VØR med dei, men så blei eg redd for at eg kunne ha for lite bensin på bilen, eg veit aldri kor mykje eg har, for bensinmålaren virkar ikkje. Men eg plar seie at eg har det på følelsen når bilen treng påfyll. Så eg var innom Shell og fylte på for sikkerheits skuld.

Det var fort gjort å tømme sekkane i dag, og så køyrde eg rett heim. Einar hadde sendt melding om at han ville komme innom på vegen til Volda, der han hadde eit ærend i dag. Det virka som om han ikkje skulle vere her så lenge, så eg laga ikkje middag, men steikte vafler og koka kaffi , så hadde vi ei koseleg pratestund, som vanleg. Etter at Einar hadde fare, gjekk eg ein tur på Vernet, sjølv om veret ikkje var heilt trygt. Det kom nokre små dropar frå himmelen , men det var stort sett opplett.

I dag fyller kusina mi som bur på  Skjedsmokorset  86 år-og i fall ho er innom bloggen vil eg gratulere henne her også. Ellen Marie og eg har alltid vore gode venner, vi budde begge på Eid til ho var ferdig på realskulen, då flytta familien til Sørumsand, så då vart det skjeldnare vi traff kvarandre. Men vi har kontakt framleis.

søndag, september 15, 2024

Dagbok 2024: 15.september


 Klokka er no 16.57, temperaturen ute er+ 15 grader C, og det er skodde og regn. Eg skulle gjerne hatt litt tørrare ver slik at eg hadde fått rydda opp i hagen før vinteren kjem, Vurderer å køyre eit lass på VØR i morgon.

I dag då eg bvakna var eg heilt ute av tida, eg greidde ikkje å finne ut kva dag der var, så eg måtte berre stå opp- og litt etter litt fekk eg orden på tida. Men sjølv om det var søndag så la eg meg ikkje inn att i senga, menlaga frikost etc. og då klokka var nærmare 10 gjekk eg tur på Vernet. Eg var der ikkje åleine, trefte til og med ei som eg kjende.

Veret var ikkje heilt trygt med store svarte skyer, men sola braut igjennom no og då. Det er kjekt med ein liten morgontur på friske bein.

Her i huset har eg ikkje gjort mykje i dag, det har mest vore TV og strikking.

Men eg laga meg skikkeleg middag i dag, eg hadde tenkt å koke fårikål, men så hadde eg ikkje heil pepar så eg tok spekesild i staden. Og det vart eit nydeleg måltid-eg åt sikkert altfor mykje,men det får vere greit for ein gongs skuld. Etter middagen har det gått med ein del drikke.

Eg hadde i grunnen tenkt å gå ein lengre tur i dag, men var ikkje heilt nøgd med veret så det vart å sitte inne i staden.

Slik var det då eg kom heim i 11-tida, seinare vart det skikkeleg vått.
Solveig og Øysrein har hatt ei veke i Nice, men skal kome heim att i dag.

lørdag, september 14, 2024

Dagbok 2024:14.september

 


Klokka er no 17.52, temperaturen ute er+13 grader C og det er overskya. Veret var finare først på dagen.

I dag stod eg opp til vanleg tid, men eg hadde ærend på ALTI, på apoteket, for eg var heilt lens for nokre tablettar. Men då eg kom på apoteket hadde dei ikkje att slike tablettar som eg skulle ha, og dei skulle ikkje få att sorten før på tysdag. 

Eg vart oppmoda til å fare bort i Furene, for der er det også apotek - i bygget til Coop. Ja, det var ikkje anna å gjere enn å køyre bort, så det gjorde eg og fekk tablettar.  Så handla eg litt på Coop med det samme, og var også innom Plantasjen og kjøpte ein fin blomst som eg tenkte å gi bort, men bestemte meg for å behalde sjølv.

Då eg kom heim att blei det ein runde på Vernet, men så mykje meir vart det ikkje. Eg var trøtt og sliten av ein eller annan grunn, så etter at eg hadde tatt meg litt mat, sette eg meg inn i stolen min og skulle sjå TV-men sovna.

Så lenger kom eg ikkje i dag. No må eg vel snart tenkje på middag også, men det hastar ikkje. Kvelden er lang.

Tidlebg på dagen var det sol, men no har det skya over, og eg synest det er litt skymt. Sommaren er i alle fall forbi no.

fredag, september 13, 2024

Dagbok 2024: fredag 13.september


 Klokka er no17.26, sola skin inn vinduet på meg, men det varer vel ikkje lenge, for på skjermen står det Regn kommer. Temperaturen er +10 grader C-.

Eg vakna veldig tidleg i dag, men greidde å ligge i ro til det var tid til å stå opp. Det som gjorde meg litt uroleg var at eg skulle til legen. Eg skal kontrollere blodet mitt kvart halvår, det var derfor eg hadde tinga time.Uansett er eg alltid litt spent på legebøsøka. Eg er så heldig at eg har fått ha samme legen i mange år, kanskje 30-40 år. Ikkje veit eg. Men ho er nordfjording, som eg, frå Stryn. Eg greidde godt å overtyde henne om at eg er veldig frisk, og eg trur ho trudde meg. Blodtrykket var så fint at det kunne ikkje bli betre, sa ho. Men om eg er så frisk som eg trur, veit eg ikkje før eg får resultatet av blodprøvane. Det er veldig mange prøver, men dei er så flinke med det no- ikkje slik plunder som det ofte var før i tida. Ja, eg får som regel resultatet på "Helsenorge".

Eg var innom butikken i dag også for det var noko eg hadde gløymt i går. Og då eg kom heim var det å starte på fredagsvasken. Det gjekk relativt fort sidan eg hadde både støvsuga og anna i går. Middagsmat hadde eg også att frå i går, så det var lettvindt.. Etter at eg hadde ete sette eg meg inn i stova og såg nyheiter på TV. Trur eg sovna litt innimellom. 

Eg har telt på knappane om eg skal gå på Vernet, men eg trur eg let vere og heller slappar av litt. Akkurat no er det fristande å gå tur, men godstolen fristar meir. Fredagen for ei veke sidan var vi på tur "ut i øyane" og det var litt av ei oppleving. Denne helga kjem dei vel att dei som har vore i Nice.

Marit har besøk av slektningar i dag, så eg får ikkje snakke med henne på ei stund. Vi brukar å prate heile dagane på maskin og nettbrett slik at vi held orden på kva den andre tek seg til.

Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. Det hadde vore kjekt om vi fekk nokre skikkeleg fine dagar før hausten kjem for alvor. GOD HELG!

Eg ser at Gry har lagt ut bilde på FB, "Nysnø i Saudehornet".

torsdag, september 12, 2024

Dagbok 2024: 12.september


 Klokka er no 18.23, temperaturen ute er+8 grader og det regnar. Eg har slått frå meg å gå på Vernet i dag.

I dag morgon reiste vi på trening, Marit og eg, og på heimvegen handla vi på KIWI -som vanleg. I staden for å gå på Vernet gjorde eg ein liten innsats her heime, til dømes støvsuga eg teppegolva, bytta på senga, vaska og tromla ein klesvask, sette på oppvask også og så laga eg middag til meg sjølv:heimelaga potetstappe + pølser. Vaska opp for hand også, før eg sette meg inn til TVen med kaffi og strikketøy. Forresten hadde eg fyrt opp i omnen så det var godt og varmt.  Eg gjorde diverse som eg slepp i morgon når eg skal ta fredagsvask. 

Men aller først i morgon skal eg til legen; eg er absolutt ikkje sjuk, har ikkje vondt og har mykje energi. At eg er dårleg i ryggen har berre med alder og slitasje å gjere. Men eg må teste blodet mitt 2 gonger for året fordi der er noko som kan utvikle seg til sjukdom. Hittil har prøvane vore fine, eller i alle fall bra nok.

No har eg lagt på reint sengetøy, men eg fekk ikkje vaska soverommet for der er så mange teppe på golvet, og dei kan eg ikkje henge ut i dag, så det vart berre litt støvsuging.

No har eg snart så mange sekker at eg kan fare på VØR, men eg ventar på tørrare ver.

onsdag, september 11, 2024

Dagbok 2024:11.september

Der var ein stor flokk med skulebarn på Vernet i dag.

Klokka er no 17.14, temperaturen ute er +13 grader C.  I dag har vi hatt både litt sol, og litt regn. Eg var skuffa over e\at det regna då eg var ferdig med frokost etc. Men eg tok ein tur på Vernet først og håpte det vart betre seinare,det var no ikkje så mykje regn heller.


                                                         Utsikta frå Vernet i dag,


Eg åt lunsj i 14-tida og etterpå gjekk eg ut og jobb til klokka var 17. Det høyrest ikkje så mykje ut, men eg fekk no gjort det eg ville.

Det første eg gjorde var å bere fleire bøtter med mold opp oi hola der rabarbraen stod før. Så hadde eg masse grasfrø oppi, tok rikeleg for frøa var nokre som eg fann i tilbygget då eg rydda der, Veit ikkje kor spire-glade dei kan vere. Men tida vil vise det. 

Så var eg ned og raka litt under epletreet, men så fekk eg auge på ein skikkeleg jobb som måtte gjerast først best. Når eg klipper med grasklipparen køyrer eg ikkje heilt ned på muren mot naboen, så der gror det opp både gras og ugras, nesten heile denne muren reinska eg i dag. Eg har stolen med meg og sit så mykje eg kan, for elles protesterer ryggen. Det ser kanskje rart ut å sitte og rake, men det bryr eg meg ikkje om. PÅ veg inn att såg eg litt av kvart som eg skulle ha gjort -og litt gjorde eg.Når eg får gjort ein skikkeleg jobb-er eg fornøgd med dagen. I morgon er det trening igjen. Og meir veit eg ikkje enno.

                                                                   Rabarbra-hola skal bli grøn..

 

tirsdag, september 10, 2024

Dagbok 2024: 10.september


Klokka er no 19.58, temperaturen gjekk ned til + 10 grader då regnet kom etter at vi har hatt ein fin dag med sol og varme.

Eg har hatt ein"travel" dag-  Først var Marit og eg på trening,så var eg på butikken på heimvegen, Eg tenkte eg skulle gå ein runde på Vernet, men kom til at eg måtte prioritere plenklipping og anna hagearbeid, for det såg ikkje så fint ut på tomta.

                                                               Victoriaplommer 

Så gjekk heile ettermiddagen med til å plukke plommer og klippe plommetreet,og etter kvart fekk eg klipt det meste av graset+ at eg samla nedfallseple i to sekker. Eg legg ein plan for korleis eg skal kvitte epla. Det tok si tid, men eg kom i mål.Plenen blir ikkje skikkeleg fin, for graset er aldri tørt nok når eg klipper -det har vel med ver og årstid å gjere.

Det er langt frå at det blir perfekt, men det får vere bra nok. Eg likar å styre på ute når eg får gjere alt slik eg vil. Og i dag var ikkje ryggen så vond heller, og det er no bra. No har det begynt å regne også , etter ein fin dag.



Slik ser plenen ut når eg klipper, det er fordi graset og underlaget er for vått .
Men ein kan ikkje vente å få det tørt, for no regnar det igjen.

 

mandag, september 09, 2024

Dagbok 2024: 9.september


 Klokka er no 18.32, temperaturen ute er+12 grader og det har regna i heile dag, trur eg-og skodda er sid og tett. No har eg vore ein tur på Vernet, eg har tatt fri i 3 dagar, så i dag syntest eg det var lett å gå.

For mange år sidan kjøpte Nils og eg like regnjakker. Av ein eller annan grunn har begge jakkene blitt hengande nede i kjellaren, nesten ubrukte. Ein dag i førre veka tok eg den eine og brukte ute i hagen, og eg fann ut at den var fullt brukbar. I dag tok eg den på meg og gjekk på Vernet, der er store gode lommer og hette etc. Skikkeleg god å ha på tur. Litt stor var den, men det var kanskje Nils si? Det skal eg undersøke.

Då eg stod opp i dag var eg frisk og rask, og det er eg framleis. Men noko gale eg det no alltid.No er det ryggen min som er verst, særleg viss eg sit i ro og strikkar ei stund, og det gjer eg no. Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag, berre vaska litt klede, rydda litt i skuffer og skap etc- Apropos skuffer så var eg himlande glad i dag då eg fann ein 30  cm lang linjal i ei skuffe, for det var noko eg sakna, har hatt berre ein liten stubbe av ein linjal, og ikkje nok med det- der var ein linjal til samme sorten så no er eg godt hjelpt.

Til middag i dag kokte eg risgraut, for eg ville bruke opp noko melk eg hadde.

I morgon skal Marit og eg på trening, så får eg sjå om fysioterapeuten har noko å hjelpe ryggen min med. Det er ikkje lett å trene ryggar, det veit eg frå før. I dag var det slik at når eg styrte med noko, var det bra, men når eg strikka vart det låkt. Og eg har no så lyst å strikke.

Hagen får eg ikkje gjort noko med så lenge det er så vått, men der er mykje godt arbeid på vent.

                        

               Det var ikkje vidare god utsikt i dag, men slik kan det også vere.





søndag, september 08, 2024

Dagbok 2024: 8.september


 
Klokka er no 20.15, temperaturen ute er ca 17 graderC. Dagen starta med sol og varme, men så vart det verbyte med regn. Same for meg for eg skulle ingen stad,men vere heime. 

Eg har ikkje vore sjuk i dag, men er heller ikkje i toppform; eg er litt forsiktig med maten, har stort sett livberga meg på kjeks , ost og Coca Cola . Cola er medisin for magen, men dokteren hadde sagt til Marit at den skulle vere med sukker. Eg har masse Cola i hus, men alt var utan sukker. Får håpe den hjelper likevel.

Eg har vore heime åleine heile dagen,så eg har fått gjort litt av kvart. Eg har mellom anna strikka ferdig ein lest og begynt på den andre, så har eg vaska klede og tørka i trommelen; eg fekk gjort ferdig sudokuen (den vanskelege i fredagsavisa)og eg har sett mykje TV-det brukar eg ikkje å gjere til vanleg. Eg brukar å halde meg mest til datamaskina.

Det vart ingen tur på Vernet i dag, og ingen andre stader heller, men eg reknar med at eg skal vere i form til treninga tysdag.

                 Bilda har eg tatt frå trappa, eg har ikkje vore lenger i dag.

lørdag, september 07, 2024

Dagbok 2024: 7.september

 Klokka er no18.00 og temperaturen ute er + 26 graderC. det har vore ein nydeleg dag, som eg dessverre ikkje har fått nyte.

Eg er svært sjeldan sjuk, men i går kveld etter at eg hadde slått av datamaskina,oppdaga eg at eg var både låk i kroppen og kvalm.  Eg lurte på om det kunne vere matforgiftning eller noko slikt. Men eg la meg no inn i senga til slutt, og har ikkje skikkeleg stått opp enno,  Eg er oppe berre på prøve.

Eg var litt mismodig til å begynne med, for eg er ikkje vant med å vere sjuk. Eg var så svimmel at eg kunne knapt gå. Og så den fine dagen! Eg har lege i senga mi til no, med open altandør. Eg var så svimmel at eg kunne ikkje gå, men eg fann ut at viss eg tok brillene på, gjekk det betre. No er eg oppe på prøve, og har fått i meg ein liten sluk med Coca Cola. Eg ser at det går litt framover-  litt surt å misse ein slik dag. Men eg skal ikkje klage berre eg blir bra. håper det beste.

fredag, september 06, 2024

Dagbok 2024: 6.september

 Klokka er  no 19.40, temperaturen ute er +20 graderC, og det har vore ein nydeleg sommardag. Føremiddagen gjekk med til helgavask og førebuing til tur. Margrete spurde i går om eg hadde lyst å vere med på tur i dag, og det var ikkje nei i min munn. Eg seier ofte at eg saknar bilturane som Nils og eg hadde rundt omkring,ofte utan mål og meining. 

Så i dag fekk eg in slik tur, i lag med Margrete, Amanda og dei to yngste hundane Albert og Dennis. Margrete ville ut mot havet, og det var ikkje meg imot. Eg likar så godt å sjå utover havet,

Eg angrar på ein ting og det var at eg skulle hatt med kart, det hadde eg alltid når NIls og eg farta omkring. For då visste eg kvar vi var og kvar vi skulle. Heldigvis var Margrete meir kjend enn eg. Men eg hadde no vore dei fleste stadane før eg også, sjølv om eg ikkje kunne finne vegane tilbake..

Vi starta med å køyre ut til Runde, det var ein del skodde over havet, men somme gonger kom sola fram. Det var ikkje noko spesielt vi skulle der, berre sjå oss litt omkring og sjå utover "havet"-og så måtte hundane få strekk på beina dei også.

Det var mykje skodde somme stader, så det var litt spennande å fare over dei høge bruene i relativt dårleg sikt. Men Margrete greidde det fint. Ho er ein flink sjåfør-

Runde i skodde og sol.

Eg trur ikkje eg kan gjengi køyreruta våt heilt rett, men vi var i alle fall innom Fosnavågen før vi reiste ut til  Kvalsvik.     Der var det nokre digre sauer som gjekk og beita, og litt lenger ute var det eit fyrtårn, Margrete gjekk ut dit, men ikkje vi andre. Margrete har ei som som ho jobbar i lag med som er der ute frå og hadde fortalt om ei grav frå bronsealderen(?)som vi trur vi såg.


I Kvalsvik såg eg nokre store digre sauer, vi trudde det mått vere villsauer


Så var vi tilbake i Fosnavåg, der vi fann ein Kina-restaurant og fekk oss middag. Etter maten og litt fotografering, køyrde vi beine vegen heim- og vi var førnøgde med dagen.-

Takk til Margrete, Amanda, Albert og Dennis, for ein kjekk dag-


                                          Margrete i Fosnavåg.

torsdag, september 05, 2024

Dagbok 2024: 5.sepember

Klokka er no 16.31, temperaturen ute er +21 grader, og sola skin litt mellom lette skyer, Det eg eit nydeleg ver.

Det var ikkje så nydeleg med det samme eg stod opp i dag, då låg skodda tett langt nedetter fjellsidene. Marit vart med meg på treninga i dag-ho hadde fått lov av legen å trene aldri så lite. Og det gjekk fint. Ho har ikkje lov å køyre bil-men det har eg. Eg stoppa litt på KIWI på heimvegen og handla litt.

Veret hadde blitt veldig mykje betre etter kvart og no var det sol og varmt, eg bestemte meg for å gå ein tur på Vernet,og det gjorde eg. Det vart ein varm tur, for eg  måtte ha ei jakke på meg for å ha lommar til eplebåtar og telefon-

Litt skodde låg det att i lufta, men den vart fort borte. Eg sat relativt lenge på kvar benk i dag for å nyte sola og varmen.

Då eg kom heim laga eg meg eit lite måltid-og kaffi. Eg såg at Marit sat ute på platten og strikka, så eg gjekk opp til henne og sat der ei god stund.

Eg har mykje att å gjere i hagen, men i dag var eg litt for låk i ryggen til å sette i gang. Her er mykje som skal klippast og stellast før hausten og vinteren kjem, men det er kjekt å styre på mens veret er bra.

I morgon er det atter ein fredag,og då blir det å gjere litt husarbeid, men denne årstida prioriterer eg hagen fram for huset, Tida og kreftene vinn ikkje over alt.

No skal eg ned å plukke litt Victoria-plommer, dei er veldig gode å ete, så det spørs korleis det blir med syltetøy.




 
                                                                 Heime i Starevegen

onsdag, september 04, 2024

Dagbok 2024: 4.september

 


Klokka er no 18.20, temperaturen ute er + 20 graderC,og sola skin, berre små skoddedottar ligg att i fjella. I dag før middag regna det.

Eg har vore litt ute av dato i dag, trudde heile tida at det var søndag og visste ikkje heilt kva eg skulle ta meg til. Eg hadde tenkt å jobbe ute i hagen, men det var ikkje råd. Derfor tok eg like gjerne og gjekk runden min på Vernet først best. Etter lunsjvar det litt lettare ver ute og eg bestemte meg for på å gjere ein innsats. Tok på meg regnjakke for sikkerheits skuld. Planen var klar, eg skulle plukke opp nedfalls-eple og rydde rundt epletreet. Og det vart gjort. 10 grøne posar med "matavfall" vart det i bossdunken, og så klipte eg ein god del greiner av epletreet,og hadde i sekk til VØR. 

Eg skal ikkje gå meir i detalj, men eg jobba godt i fleire timar.(tok ikkje tida). Det som gjer at eg kan få gjort litt, er at eg har ein stol som eg har med meg og sit i når eg kan. Det feiler meg ikkje noko anna enn at eg er låk i ryggen. Det er noko som høyrer alderen til.

Eg leska meg litt på Victoriaplommer då eg var ferdig med jobben. Eg har elles vore ein del på nettet i dag og lese meir om bryllaupet, eg er litt sjokka over Märtha og alt ho styrer med. Eg trur at dei i andre land som ser og høyrer om det norske kongehuset, må få eit underleg syn på det som skjer.

I morgon er det trening igjen og no føler Marit seg så bra at ho kan vere med , det er no kjekt for meg også at ho er betre, så slepp eg å fare åleine.

No kom eg på at eg ikkje har laga middag enno, men det går bra.

                      Eg raka opp dei siste plommene frå Opal-treet




                                     Slik har vi det no

tirsdag, september 03, 2024

Dagbok 2024: 2.september

I dag stod eg opp litt tidleg fordi eg skulle på trening, så då brukar eg å shine meg opp litt. Marit vart ikkje med i dag heller, men ho er litt betre etter kvart synest eg. Etter treninga var eg til Urmakaren og fekk nytt batteri i klokka mi. Eg får no helsepå han av og til, for eg kjenner han litt. Eg har vore lærar til dottera hans ein gong i tida. 

I dag visste eg ikkje kva eg ville og skulle. Det skulle vere pensjonistmøte på Rjåneset i dag klokka 16. Eg køyrer ikkje sjølv ut dit, så eg kunne til dømes ta bussen. Men det blir så mykje styr att og fram, og heim att må ein helst sitte på med einkvan.Eg tenkte og tenkte, men tenkte at neste månad er det Eldredagen og då får vi vere på Kulturhuset.

I staden for å reise på møtet, la eg opp ei bukse som eg har, den var litt ugrei i lengda, så no håper eg at den blei betre. Fiskesuppa som eg laga i går åt eg resten av i dag, det var ein stor rest så eg blei skikkeleg mett. 

Eg tok ein runde på Vernet i dag også, men i dag møtte eg ingen kjende.Ikkje ukjende heller for så vidt. Då eg kom heim att måtte eg ned i hagen og finne med nokre Victoriaplommer. eg må snart plukke dei no, før dei blir øydelagde.

No skal eg finne meg ein kaffikopp og så strikkar eg på ein lest igjen, med veldig tynt garn.

                       

Ikkje så fint i dag som i går. No er klokka 17.30, temperaturen ute er 20 grader, det har vore overskya i heile dag Og på PC-en min står det at det skal bli regn i morgon, men det var no regn sist natt også. Eg er no glad så lenge vi ikkje har snø

 

mandag, september 02, 2024

Dagbok 2024:2.september

                                                         Sol over Melshornet
Klokka er no19.35,temperaturen ute er + 15 grader, no når sola er borte, men vi har hatt ein strålande dag. Eg har vore ute mesteparten av dagen, eg har gått tur på Vernet og elles har eg jobba i hagen.Det blir ikkje gjort så mykje som eg har lyst til, men det er den ryggen min som ikkje spelar på lag. Det gode er at når eg slappar av så verker eg ikkje meir .

Det første eg gjorde i dag var å rydde litt på tunet. Der var det enkelte plantar som ville vekse nede i singelen, og det får dei ikkje lov til. Det var særleg i det området der det stod bilar i før som var litt overgrodd. Men ikkje no lenger. Etter at eg hadde halde på ei stund, gjekk eg ein tur på Vernet og då eg kom att vart eg sittande oppe hos Marit ei stund. Tok meg ein liten lunsj -  litt husleg arbeid vart det også, før eg for ut att og tok ein tørn i hagen. Eg prøvde å få det litt betre på Eføy-veggen etc-før eg tok kvelden. 

No har eg laga heimelaga fiskesuppe til meg sjølv, laga så mykje at eg skal ha i morgon også. Då skal eg på trening, og så må eg til urmakaren ein tur. Marit blir ikkje med i morgon heller.Eg har ikkje bestemt meg for om eg skal fare på pensjonistmøtet på Rjåneset i morgon, trur nesten at eg blir heime.


             Fint å gå på Vernet når veret er slik. Måtte det berre vare


søndag, september 01, 2024

Dagbok 2024: 1.september

 


Klokka er no 18.40, og sola strålar frå skyfri himmel, som ho har gjort i heile dag. Temperaturen er no + 19 grader C. Slike dagar er ei gåve som må nytast best muleg. Det første eg gjorde i dag rett etter frokost, var å plukke litt plommer frå Victoria-treet og så lette treet for nokre store greiner. Alt fekk eg ikkje tatt, for der er umodne plommer på treet og dei må ha det slik ei stund til.

Litt seinare tok eg ein tur på Vernet og der var fint i dag. Då eg kom heim sat Marit ute så eg gjekk opp til henne og så sat vi i sola og prata ganske lenge før eg gjekk ned att. Eg spanderte litt is på meg sjølv,  middag har eg ikkja laga enno, men det bør vel gjerast snart. Eg sette meg ut på altanen i ein stol og berre sat der, strikka ikkje ein gong.  Så i dag har det vore kviledag for meg. Takk og pris for at ein får slike dagar innimellom- og eg kan gjerne tenke meg fleire slike.

Eg lurer på om september blir like fin som mai. ?



Dagbok 2024: 16.september

Klokka er no18.15, temperaturen ute er 12 grader C og det er overskya, men ikkje regn, eg trur det var litt finare tidleg i dag, meiner eg s...