onsdag, september 25, 2024

Dagbok 2024: 25 september


 Klokka er no 18.53, temperaturen ute er +8-9 grader C,det er overskya og det har regna i løpet av dagen.

Denne dagen vart litt rotete,  eg hadde tenkt å få gjort noko ute, men det vart ikkje aktuelt då det begynte å regne.

Eg hadde avtalt med Marit at eg skulle komme opp til henne i dag, og ho ville eg skulle komme i 12.tida. Derfor gjekk eg turen min på Vernet først best. Eg hadde ikkje planlagt noko her heime når veret var slik det vart.

Ragnhild ringde då eg var komen opp til Marit for å høyre om eg ville sitte på med henne i morgon eller køyre sjølv. Ho fortalde at det var berre ho og eg i "gjengen" som skulle på VELLE skulen i morgon. Det var berre vi to som hadde helse til det. Og eg er den nest eldste av oss alle. 

Det hadde begynt å regne kraftig etter kvart, så eg bestemte meg for å kjøpe nye støvølettar i dag, så eg kan vere godt skodd i morgon. Eg har gode støvlettar frå før, men dei skal eg bruke til kvardags. Eg rekna med at skikkelege støvlettar ville koste ca 2 tusen, men det fekk våge seg. Då eg kom heim frå Marit gjorde eg meg klar til å fare nedover, det var dei støvlettane eg skulle ha, og så var eg lens for kalktablettar. 

Ho som ekspederte meg kom med eit par som var heilt nydelege på foten, og fine i det heile tatt, men dei kosta over 2 tusen, så eg syntest dei var dyre. Då kom ho med eit anna par som var nesten heilt likt, skilnaden var berre at der var berre eitt glidelås  på kvar, dermed kom dei litt under 2 tusen. Og eg kjøpte dei. Dei gamle støvlettane skal eg bruke til kvardags, men dei må få litt svart skokrem på tærne.

Det er ikkje så ofte eg er på ALTI og ser meg om, det er ikkje så kjekt å gå og snuse i butikkane åleine. Eg tok ein liten runde i dag,men kjøpte ingen ting.

Eg har ikkje gidda å lage middag i dag, kan no ikkje ha middag KVAR dag heller- Eg har sete mest og strikka, men eg kan ikkje overdrive strikkinga heller, for då blir eg låk i handa.

Eg treng nokre dagar med fint ver slik at eg får rydde opp ute og køyre på VØR.

Eg må avlyse treninga i morgon elles blir det stress.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.september

  Klokka er no 18.03, temperaturen ute er + 5 grader og det regnar litt no og då.  Då eg stod opp i dag var det snø på garasjetaket og langt...