tirsdag, september 24, 2024

Dagbok 2024: 24.september



Klokka er no 18.22, temperaturen ute er +11 grader C.I dag har vi hatt sol og fint ver, og det set vi pris på.
Kvar morgon når eg vaknar er det første eg tenkjer: kva dag er det i dag? I dag er det altså tysdag og då er det trening, så det er god grunn til å stå opp og komme i sving. Men då eg kom ned i Vik og hadde parkert bilen  begynte eg å lure. For det var ingen andre bilar på parkeringsplassen. Då måtte eg opp med telefonen og sjekke og då var det tysdag ,heldigvis.
Etter treninga var eg på KIWI og handla og då eg kom heim gjorde eg klart for ein tur på Vernet. I dag var der sol og fint, og eg trefte ein som eg brukar å prate med, ein som eg har kjent lenge.
Etter kvart måtte eg tenkje på middag og det var enkelt, rett og slett det same som i går. Når eg lagar potetstappe, lagar eg alltid til 2 dagar. Eg har så god appetitt at eg treng ikkje ha så veldig god mat.

Det er vått i jorda og  plenen veks godt enno. Eg tenkte at eg kunne klippe plenen i dag viss det var tørt nok. Og så ser eg litt etter kva naboane gjer. Det vart til det at eg klipte plenen rundt huset+ oppe med postkassene. Det var i grunnen litt for vått i graset, men eg kom no i hamn på ein måte. Eg håper at graset sluttar å vekse snart og at det kan bli litt tørrare ver. 
I dag var det litt nytt i avisa . Bandet som Erlend spelar i har fått platekontrakt med eit stort plateselskap. Alle dei andre er eldre enn Erlend og Erlend er i grunnen vikar for ein annan. Men han er med og spelar både her og der. No har eg gløymt kva by dei skulle til komande helg, men det var i alle fall ein by sørpå.

Torsdag skal eg på den nye Velle skulen og sjå meg om i lag med andre pensjonistar. Det ser eg fram til. Både det å få sjå ein heilt ny moderne skule. og det å treffe att gamle kollegaer. Den eldste er 96 år, men har gyldig sertifikat.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.september

  Klokka er no 18.03, temperaturen ute er + 5 grader og det regnar litt no og då.  Då eg stod opp i dag var det snø på garasjetaket og langt...