mandag, september 23, 2024

Dagbok 2024:23.september


Klokka er no 18.20, temperaturen ute er  +9 grader C, og det regnar. Det har det gjort i heile dag, og eg har halde meg inne utan å få gjort noko der heller. I dag hadde eg tenkt å rydde meir i hagen og køyre bort på VØR, men det måtte eg berre slå i frå meg. DEt var ikkje ute verande etter mi meining. 

Eg har ikkje gjort så mykje inne heller at det gjer noko. Eg måtte rekke opp litt av ein lest eg strikka i går, så no er det i orden. Og så laga eg middag til meg sjølv i dag, det vart pølser og potetstappe. Så vaska eg opp litt for hand, og litt kom i maskina.

Eg sette på TV-en ,men det er ikkje kjekt å sjå nyheitene, det er heilt forferdeleg korleis det er i verda no; med krigar mange stader og sivilbefolkning med barn som blir drept, det er verre enn nokon gong før. Det er nesten som eg har lyst å slå av TV-en, men det hjelper vel ikkje. Eg er alvorleg bekymra for det som skjer. Men  eg kan ikkje gjere noko for å stoppe det.

Eg blir ofte sittande framfor datamaskina om dagane, les litt på FB, øver litt på spansken m.m. På Reels and short videos.

Eg har mykje eg kan gjere inne, men eg ville helst bli ferdig ute først, det er godt å få rydde opp før snøen og vinteren kjem.

Eg driv og strikkar lester innimellom, men i går måtte eg legge frå meg "spøtet" for eg vart så låk i venstre handa og armen heilt opp i nakken. Det var den handa eg braut, ho er ikkje heilt god enno. Men det har vore betre i dag. Torsdag skal vi "gamle" lærarane frå Velle skule få komme på besøk på den nye skulen som nettopp er tatt i bruk. Det ser eg fram til. Ikkje minst ser eg fram til å møte gamle kollegaer som eg ikkje har sett etter at eg slutta på skulen. 

I morgon er det trening, men eg må fare åleine denne veka også.




                                      Starevegen. Heimvegen.


 





Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.september

  Klokka er no 18.03, temperaturen ute er + 5 grader og det regnar litt no og då.  Då eg stod opp i dag var det snø på garasjetaket og langt...