søndag, september 22, 2024

Dagbok 2024: 22. september


 Klokka er no 17.33, temperaturen ute er no + 13 grader C, det er skya , men opplett. Det har ikkje hendt mykje i dag, her hos meg, men det er no heller ikkje så nøye med. Eg stod relativt tidleg opp, som vanleg, og då eg kom på at det var søndag vart eg gledelig overraska-eg trudde det var mandag. Det er ein heil jobb etter kvart å passe på kva dag det er. Eg tok like godt og gjekk ein tur på Vernet først best, ofg eg var der ikkje åleine i dag heller, men møtte ingen eg kjenner og eg gjekk rette vegen rundt. Eg har ikkje snakka med ei sjel i dag, 

Eg tenkjer ofte at eg vil gå ut til Hovdevatnet, der gjekk Nils og eg veldig ofte, men åleine kjem eg meg ikkje til, Det var nokon som sa at det var så dårleg veg ut der no, men det kan no ikkje vere så veldig gale på den korte strekninga. Eg må prøve å komme meg av garde åleine ein dag.

Oppe hos Marit er det fullt hus i dag, dei er ein stor familie etter kvart, med barn, barnebarn og oldebarn. 

Eg kan godt vere åleine, det gjer meg ingen ting, det eg ikkje likar er at eg ikkje kan strikke og styre  på slik eg vil på grunn av handa.

I dag har eg hatt middag av resten av fårikålen, det var ikkje så festlig. Det første fårikålkjøtet eg laga var godt, men det andre var ikkje noko særleg, men det gjekk no ned og så hadde eg rikeleg is til dessert.

Deretter vaska eg opp både for hand og i maskin. Elles har eg stort sett sete og halvsove framfor TV-en, så det er ikkje mykje å skrive om. I morgon er det heldigvis ikkje helgedag, så då er det no mykje å finne på. Eg studerer på kva eg skal ha på  meg torsdag når vi skal på Velle skule. ?

                                             Det er ikkje berre eg som går åleine på Vernet.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.september

  Klokka er no 18.03, temperaturen ute er + 5 grader og det regnar litt no og då.  Då eg stod opp i dag var det snø på garasjetaket og langt...