lørdag, september 21, 2024

Dagbok 2024: 21.september.





                 I dag gjekk eg rongsøles på Vernet, altså MOT SOLA, det gjer eg                         berre av og til, mellom anna fordi eg då må gå ned trappa.


Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 15 grader og det er opplett, og eg sit og angrar på alt eg ikkje har gjort i dag. Dagen vart lenger og drygare enn eg hadde trudd. Kanskje fordi eg står opp relativt tidleg. Ikkje fordi eg har lyst, men fordi eg ikkje får til å ligge så lenge.

I dag gjekk eg ein runde på Vernet i 10-tida, der trefte eg ei som eg jobba i lag med på Velle i si tid. Og vi hadde no litt å prate om, men det er ikkje så sjeldan vi møtest der eigentleg.

Då eg kom heim, køyrde eg ned på KIWI for å handle, der trefte eg også ein tidlegare "kollega" som inviterte meg til å komme og sjå den nye skulen  torsdag kl.12.30, trur eg det var. Vi gamle lærarane frå VELLE har venta på ei slik innbyding, og no skal det endeleg skje. Det er mange eg ikkje har sett snurten av sidan eg slutta for over 20 år sidan.

Eg tok meg litt mat, men tenkte ikkje så langt at eg kunne styre med noko ute i dag, veret var så bra at det kunne gå an. I staden sette eg meg til å sjå TV og strikke. Det hadde vel litt med det å gjere at eg ikkje hadde kledd meg i arbeidsklede; og så er det somme tider eg får besøk på laurdagar.- 

No er det såpass seint at der er ikkje noko meir å tenkje på. Kanskje eg skal lage litt middag ?

Det er litt stussleg no når Marit må halde seg i ro, for det er henne eg brukar å fare i lag med på butikkar etc.





Både ovafor og nedafor Vernet er der store åkrar med lupiner, men denne her og nokre til, er visst litt for optimistiske og trur at det er vår. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.september

  Klokka er no 18.03, temperaturen ute er + 5 grader og det regnar litt no og då.  Då eg stod opp i dag var det snø på garasjetaket og langt...