fredag, september 20, 2024

Dagbok 2024: 20.september


 Klokka er no18.41, temperaturen ute er 13 graderC. Eg vart skuffa då eg stod opp i dag, inga sol var å sjå og skodda låg heilt ned på jorda. Skodda har vi litt att av enno, men det er i alle fall opplett.

I dag har eg ikkje kome meg ut verken på Vernet eller i hagen. Fredag er vaskedagen min, men vaskinga er no fort gjort unna slike dagar når eg ikkje kan ha ut verken golvteppe eller sengklede. Så det vart   fort unnagjort.  Til slutt kveikte eg i omnen og fyrte aldri så lite.

Eg hadde ikkje lyst ut verken på Vernet eller i hagen, så eg laga meg ein deilig middag i staden. Eg hadde mandelpoteter og kål og ein pakke med spekesild, Så då laga eg faviorittmaten min til middag. Etterpå blei eg sittande å drikke og strikke framfor TV-en. Eg har ikkje dårleg samvit om eg ikkje får gjort så mykje kvar dag, eg er no pensjonist !


Eg klipte plen i går, men der er så tjukt med mose under graset at eg går som på eidundyne. Eg ser at eit par av naboane stiller klipparen heilt ned, så eg lurer på om dei tek mosen i same slengen eller om dei ikkje har mose. Eg vurderer å prøve på min eigen plen.

Dei to største buskene på bildet, blomstrar no, og eg synest det er litt for seint. Men eg trur at eg kanskje klipte dei seint på hausten i fjor, så det kan vere det som gjer det. Elles held eg no på med å førebu plantane på vinteren både her og der. Det er mykje godt arbeid i ein hage og det er eg glad for, så lenge det er råd å vere ute og jobbe utan at det regnar.

No må eg inn til TV-en og sjå på alt det fæle som skjer i verda, Men nokre lyspunkt er der vel også.

GOD HELG !


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 20.september

 Klokka er no18.41, temperaturen ute er 13 graderC. Eg vart skuffa då eg stod opp i dag, inga sol var å sjå og skodda låg heilt ned på jorda...