torsdag, september 26, 2024

Dagbok 2024: 26.september





Klokka er no 17.09, temperaturen ute er + 12 grader C og sola skin.

Dette har vore ein litt annleis dag, eg skofta treninga sidan eg skulle på besøk  Velle nye skule. Det store nybygget som er sett opp i fleire etasjar inn mot vegen over brua. Det har vore mykje snakka og spekulert på dette huset i byggeperioden, men no er det ferdig og tatt i bruk. Vi som har vore tilsette ved "gamleskulen" skulle få kome og sjå den nye. Vi var ein bra flokk som stilte opp, men berre eg som var så gammal. Eg kjende ikkje alle som hadde kome etter mi tid. Men nokre kjende eg; Ragnhild, som henta og bringa meg, og Geir som også er pensjonist no- Men eg var den absolutt eldste frammøtte.

Det var interessant å sjå korleis ein moderne skule kan sjå ut, likna ikkje mykje på skulane som var før. Eg kan ikkje gi meg ut på å skildre korleis der var, men tilslutt hamna vi i den eldre skulen og der var lærarrommet og kjøkkenet attkjennande og der fekk vi kaffi og noko attåt. Og der fekk vi prate med kvarandre slik som lærarar gjer. Eg fekk sitte og prate med Geir som eg kjenner godt, han er frå Solund, og det er nesten som om han er  slekt.

Det var interessant å sjå bygget og der kjem ikkje det minste lyd frå trafikken inn i romma. Vi fekk også sjå skuleplassen, som ikkje er heilt ferdig enno. Sist eg var og kika der var det berre rot og rusk, no ser eg at det kan bli eit flott leikeområde. Ja, då eg begynte på Velle var det i eit gammalt skulehus, men vi hadde det kjekt der.

No er det heilt andre krav til skulebygningar og innhald . Rektor fortalde mykje om kva som vart gjort både med det eine og det andre. Ragnhild henta meg og bringa meg heim att. Eg kunne ha køyrt sjølv , men sidan ho like vel køyrde, kunne eg sitte på.

Etter at eg kom heim måtte eg ta meg litt mat, og så var eg opp til Marit for å høyre kva legen hadde sagt i dag.

Det blir ikkje tur på Vernet no, for der gjekk eg tidlegare i dag, før vi for ned på skulen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.september

  Klokka er no 18.03, temperaturen ute er + 5 grader og det regnar litt no og då.  Då eg stod opp i dag var det snø på garasjetaket og langt...