fredag, september 27, 2024

Dagbok 2024: 27.september


Klokka er no 18.46, temperaturen ute er +5 grader og det regnar . Det var ikkje slik eg trudde dagen skulle bli, for det var veldig fint i dag morgon då eg stod opp. Det var så fint at eg fekk ha ut alle teppa på soverommet og vaske der då eg tok fredagsvasken. Eg var rimeleg tidleg oppe i dag også, og sette i gang med å jobbe.

Då eg var ferdig med vaskinga ville eg ta turen på Vernet med det samme; eg vart ståande å snakke med ein nabo opp på gata, og rett som det var kom det ein vassdrope, så eg forstod at det skulle komme ei byge, men eg gjekk på Vernet likevel og det blei ikkje så mykje regn før eg kom heim att. På bildet over ser vi det som eg såg då eg sat på benken-eg trudde sola kom tilbake, men slik vart det ikkje, etter kvar vart det berre meir regn og litt kaldt. Eg hadde tenkt å fare over med klipparen i dag for det var så stygt klipt før i veka. Men det var umuleg. Plenen er like mjuk enno og det går mot kaldare tider.

Eg laga meg ikkje vanleg middag i dag, men fann på ein ny rett;det var makrell i bok + hardkokte egg+ brød. Alt er godt berre ein er svolten nok.

Eg hadde hatt altandøra  på vid vegg før på dagen men då eg skulle sette meg å slappe av var det altfor kaldt så eg fyrte i omnen og fekk det godt og varmt.

I dag fekk eg melding frå legen min på Helsenorge, det var resultatet av dei  andre blodprøvene, men det var som dei første, heilt OK,men på grensa til lav blodprosent. Eg veit ikkje om ein kan gjere noko med det, men det er no ikkje noko som eg merkar sjølv.

Tida går så fort, i dag er det tre veker sidan eg var med Margrete og Amanda på biltur. 


Oppom Vernet er det ei dyrka mark som vi kallar Åsmundmarka. Der blir slått gras om sommaren, men på hausten får sauene lov å beite der, Det er nesten ikkje råd å sjå sauene på bildet,  men dei er ovanfor dei kvite høyballane.

Etter at eg åt middag sat eg og strikka ferdig ein lest, men eg har meir garn så det er ikkje krise.

Eg har ingen plan for morgondagen, men eg må i alle fall ein tur på butikk.

Eg ønsker alle ei god helg, det er snø i fjella men ikkje heilt ned enno. Heldigvis

Naboane skal til Italia og der skal dei på cruise-skip. Ho fortalde at der er ei dame,  eg veit ikkje kvar ho er frå, men ho har selt huset sitt og bur no fast på eit cruis-skip-der har ho alt ho treng inklusive mat. Eg trur ikkje eg skal gjere det same.

God helg!


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.september

  Klokka er no 18.03, temperaturen ute er + 5 grader og det regnar litt no og då.  Då eg stod opp i dag var det snø på garasjetaket og langt...