lørdag, september 28, 2024

Dagbok 2024: 28.september

 


Klokka er no 18.03, temperaturen ute er + 5 grader og det regnar litt no og då. 

Då eg stod opp i dag var det snø på garasjetaket og langt nedetter fjellsidene, det var litt uventa, men ikkje noko å gjere med. Eg måtte i alle fall utsette lufteturen min. Men til butikken tek eg bilen så det var ikkje problem å hente heim litt mat- Solveig ville kome ein tur på føremiddagen, så då vart det å lage til litt lunsj til henne og meg sjølv. Kjekt å ha nokon å ete i lag med.

Solveig kom som planlagt og vi hadde mykje å snakke om, som vanleg. Margrete kunne også ha vore her, men ho har fått ein låk arm, så ho måtte ta det med ro heime. Eg har ikkje laga middag i dag, men det er ikkje så nøye med. Eg får alltid i meg nok mat.

Ettar at Solveig hadde fare, fekk eg gått ein tur på Vernet, for det vart ei stund med opphaldsver. Det var friskt og godt ute, men eg håper no at vi skal få litt meir finever før hausten og vinteren kjem for alvor.


Det er for tidleg med snø så langt ned, så eg håper den vert vekke igjen.


Fin himmel i vest. Fjelltoppen som vi ser er Helgehornet. Der har eg faktisk vore eit par gonger.  Fint å få sjå litt blå himmel

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.september

  Klokka er no 18.03, temperaturen ute er + 5 grader og det regnar litt no og då.  Då eg stod opp i dag var det snø på garasjetaket og langt...