søndag, september 29, 2024

Dagbok 2024: 29.september







Klokka er no 17,43, sola skin og det er +6 grader. Det var ikkje så fint i dag morgon , men det kom seg etter kvart-
Eg vakna tidleg i dag, og stod opp relativt tidleg, det er ein uvane eg har fått-det å stå tidleg opp altså.
Ikkje berre var eg oppe men eg hadde arbeidslyst, så eg sette like godt i gang med å bake ei gulrotkake, så vart det litt rydding og oppvask m.m. Måtte bruke arbeislysta mens ho var der. 
Og så kom strikketøyet fram ............og TV-en på.
I dag tok eg i bruk dei nye bambuspinnane mine, og dei var enda betre enn dei eg hadde frå før. No strikkar eg to lester ein i kvar  ende av garnnøstet. 

Så må eg skrive litt om fårikål i dag også, det blir siste gongen eg nemner den retten, på ei stund i alle fall. For ei stund sidan kjøpte eg ein liten pakke med fårekjøt som eg ville ha i hus i tilfelle.............Men neste gongen eg var på butikk kjøpte eg ein pakke til i tilfelle det kom gjestar.
Ein dag laga eg fårikål berre til meg sjølv, og kjøtet var godt, men med spansk pepar vart det litt voldsomt.
I dag skulle eg lage middag av den andre kjøttpakken, det vart spansk pepar men i moderat mengde. Eg kokte kjøtet både lenge og vel, men maken til kjøtt har eg aldri sett, Det var så seigt at det var med nød og neppe eg greidde å tygge det. Dessverre vart der litt att i dag også, så det blir kanskje ein porsjon til. Men det blir lenge til eg kjøper fårekjøt, trur eg. Eg var frista til å klage på det eg hadde fått, men å klage til dei som står på butikken er ikkje heilt greit, for det er ikkje deira skuld.

Veret vart finare og finare ut over dagen, så det blei ein tur på Vernet i dag også-Eg ser på sauene som går ute, og på snøen som ligg langt nedetter fjellsidene-eg er redd for at sauene frys, for eg trur ikkje dei har nokon stad å gå inn, men dei legg seg kanskje i ein stor dunge og varmar kvarandre.


Eg likar ikkje art det kjem snø så tidleg, det gjer vel ingen, men det var nydeleg å vere ute i dag .
I morgon har eg ikkje noko spesielt å gjere, men blir det ver
 til det, kjem eg til å jobbe ute i hagen, og kanskje køyre på VØR  med hageavfall, alt ein får gjort om hausten , slepp ein til våren. Men eg synest det vart litt for surt og kaldt, vi har ikkje begynt på oktober ein gong.





Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.oktober

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 10 grader og det regnar-. Når eg ser på veret no er eg glad for at eg rydda opp i hagen i går, for ...