mandag, september 30, 2024

Dagbok 2024: 30.september

 


Klokka er no 17,50. temperaturen  ute er ca +10 grader , og det kjem ein og annan regndrope. I dag skulle eg opp til Marit klokka13, så eg tok meg ein tur på Vernet først best, det var opphaldsver og ikkje for kaldt- Når eg går turane mine prørver eg å få med meg det som skjer i naturen rundt meg, kva som veks, blomstrar eller visnar. Eg sjekkar også sniglane som ligg i vegen, om dei er brune eller svarte. Men eg tek ikkje luivet av dei.

Då eg kom heim sat eg ei stund os strikka før eg gjekk opp til Marit. Ho skal til Ålesund sjukehus i morgon, ho får drosje begge vegar, men reiser åleine. Det går heilt sikkert bra, for Marit er reisevand-

Vi hadde mykje å snakke om , som vanleg,så eg vart der verande i minst 2 timar. Då eg kom heim åt eg eit par skiver, gad ikkje lage middag i dag.

Eg hadde tenkt å gjere eit storarbeid i hagen i dag, men det begynte så smått å regne . Eg prøvde å rydde litt opp i det hjøtnet sonm eg har kompostane mine mellom anna. Ja, eg fekk no fylt ein sekk i alle fall. Eg vurderer i morgon om eg skal fare på VØR.


Eg har før skrytt av denne rosebuska, som heiter Leonardo da Vinci, eg har minst to av den sorten, og sjå no her, her klatrar Leonardo opp i "Ryggebuska" mi, endå han ikkje ei ei klatrerose i det heile tatt. Viss det ser ut som om det er ei anna rose fordi fargen ikkje er heilt lik, så er det fordi fargen lysnar etter kvart.Eg synest Leonardo tek seg godt ut -også som klatrerose.

I morgon skal eg på trening, det er ei veke sidan sist, og viss det blir ver og føreforhold til det skal eg på VØR, men eg hadde lyst å få med litt meir enn det er har,så eg får sjå kva eg får til. I morgon startar vi i alle fall på månaden oktober som blir ekstra spennande for oss i år. Eg har ein son som skal fylle 60 år i oktober og så ventar eg eit oldebarn på same tid. No må eg ha litt kaffi og TV.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.oktober

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 10 grader og det regnar-. Når eg ser på veret no er eg glad for at eg rydda opp i hagen i går, for ...