tirsdag, oktober 01, 2024

Dagbok 2024: 1.oktober

Klokka er no21.15, temperaturen ute er +6 grader C
Denne nydelege dagen kom heilt overraskande på meg, for med det samme eg var oppe var det vått på gata. Bildet over tok eg litt seinare på dag, men enno ser ein at det har vore regn.
I dag var eg på treninga igjen, utan Marit, for ho skulle til Ålesund. Etter treninga handla eg litt på KIWI, som vanleg, før eg køyrde heim. Eg vart ikkje verande heime så lenge, for i dag var det fint å gå på Vernet så det gjorde eg. Eg trefte litt folk i dag og og eg kom i prat med ei eldre dame med ein liten hund, vi vart nesten "venninner" på turen. Så trefte eg ei dame som eg kjenner og ho hadde med seg dottera si, som eg hadde som elev i barneskulen. Eg hadde ikkje sett henne sidan heller, i alle fall ikkje spom eg veit om. Det er ikkje mange av elevane mine eg har hatt kontakt med etterpå-og om eg ser dei kjenner eg dei ikkje att.

Til middag i dag hadde eg kjøpt karbonader som eg steikte og hadde på skiva. Etterpå drakk eg appelsinjus, slik som Solveig hadde sagt. Eg har litt lav blodprosent og då seier Solveig at eg må ha C-vitamin for å få nytte av jern som finst t.d. i kjøtt. Eg hadde no kjøpt ein stor kartong med appelsinjus, men eg syntest ikkje den var så god, så neste gong får eg ta eit anna merke.
Etter maten vart eg sittande å prøve å bli ferdig den Sudokuen som eg begynte på i går kveld, og då eg hadde fullført den,vart det å jobbe i hagen. 
Eg har tenkt å ta vekk den store rosebuska som har fått  lov til å vekse seg altfor stor. Eg begynte å klippe den i dag, men dei største og tjukkaste stammane står att, eg vil ikkje ta ned meir egnn eg klarer åleine, så får vi heller ta resten når vi er her fleire. Eg har no så mange sekker med hageavfall at eg må på VØR i morgon. Det er dei høgste og største  "stammane" som står att, og eg ryddar rundt, så då er det ikkje så mykje i å feie dei ned , eg tenkjer på at Rasmus gjer det lett når han kjem. Det blir ikkje så mykje rusk  når eg får rydda opp det eg tenkjer å gjere, men ein aner aldri kor mykje styr det kan bli av ein enkel "operasjon"i hagen.
No har eg strikka litt og høyrt nyheiter. Det vert visst verre og verre ute i verda, skulle tru at folk var blitt fullstenig galne-det var vel Putin som begynte. Eg prøver å ikkje sjå for mykje , men ein kan no ikkje oversjå det som skjer i verda, heller.

                                                             Så langt kom eg i dag

 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.oktober

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 10 grader og det regnar-. Når eg ser på veret no er eg glad for at eg rydda opp i hagen i går, for ...