onsdag, september 18, 2024

Dagbok 2024: 18.september


No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag-

Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på kjøkkenet gfor å få frokost. Då kom eg på at eg skulle møte fastande på legesenteret for å ta blodprøver. Så det blei dusj i staden for mat. Egkøyde bned og var der litt etter klokka 9 og fekk tatt mange prøveglas med blod, så no minkar det vel i kroppen. Å ta blodprøver no er bere moro i staden for slik det var mange gonger før, minnest legar som stod og stakk og stakk utan at blodet kom.

Det var veldig kjekt å kome heim att og få seg frokost. Etter frokosten gjekk eg ein runde på Vernet mens sola enno stod i aust.

I dag har eg jobbe ute i hagen nesen heile tida. Eg måtte ta ein liten pause fordi venstrehanda mi ikkje likar så mykje klipping og styr. Eg har jobba mykje, men ikkje alt viser like godt igjen. No har eg tatt kvelden, og skal sjå om eg finn meg litt middagsmat-eller noko anna. Ein nydeleg dag har det vore. Gjev vi få fleire slike.





 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...