lørdag, august 31, 2024

Dagbok 2024: 31.august


 

Klokka er no 20.05, temperaturen ute er +13 grader C, og eg trur det har vore opplett i heile dag, Sikker er eg ikkje for det har vore så mykje styr i dag.

Eg hadde bestemt meg for å fare til Volda tidleg på føremiddagen og kjøpe garn, før det  vart altfor mykje trafikk. Eg kom meg av garde, men trafikk var der-rikeleg av..

Eg fekk kjøpt lestegarn og ein ny pakke med bambus-pinnar -kan vere greit å ha dobbelt opp.

Eg bala for å få sjå bryllaupet i Geiranger på TV-en, så det vart til at eg såg på PC-en i staden, mens eg strikka og strikka. Eg har vore utan garn eit par dagar, så det var godt å få strikke igjen.

Elles har eg gjort ingen ting, eg gjekk ein tur på Vernet i dag også mens eg venta på Solveig som ville komme ein tur i dag.

Ho kom som planlagt og vi åt is og drakk kaffi etter hennar ønske. Godt å få prate litt om ditt og datt. No kjenner eg at eg er litt svolten, men det er eg no nesten støtt. Det blir vel meir å få når det lid på.

Eg kan fortelje at Einar, barnebarnet mitt, snakka med brud og brudgom m.fl. i går, som utsending frå avisa. Det blir vel å lese om det i Sunnmørsposten. Eg håper eg får sjå meir frå bryllaupet på TV no i kveld.

Og i morgon begynner vi på første haustmånaden.

     


fredag, august 30, 2024

Dagbok 2024: 30.august





Klokka er no ca 17.00, temperaturen ute er ca 13 grader C og det regnar så smått, det er med andre ord ikkje hagearbeids-ver. Så i dag har eg ikkje fått unna anna enn fredagsvasken-og det var inne.

Eg hadde mange planer for dagen-men det vart ikkje noko av dei. Eg tok sjølvsagt fredagsvasken og så begynte eg på sudokuen i Møre-Nytt, dvs. eg begynte i går kveld , men kom ikkje i mål og så begynte eg om att i dag, og måtte gi meg på det. Eg tok meg litt lunsj og så blei det ein tur på Vernet. Håper eg fekk klarna hovudet, for eg SKAL få til den sudokuen.Eg hadde også ein plan om å fare til Volda og kjøpe garn, men det får eg heller gjere i morgon.

Eg går no her åleine heile dagane no, for Marit kan ikkje gå ned til meg på grunn av trappa.Så lenge eg kan jobbe i hagen treng eg ikkje så mykje selskal, men no er det ikkje kjekt i hagen. Skråninga er full av nedfalls-eple, men eg går ikkje og plukkar dei opp. Før gjorde eg det, og då laga eg nydeleg eple-jus, men så gjekk pressaren sund, og så vart det ikkje meir av den sorten-

Eg ser på FB at Einar har vore ute på gata i Ålesund og intervjua Kronprinsen, Mette-Marit og Sverre Magnus på gata.

Eg er lei av heile styret med bryllaupet til Märta Louis, kvifor i all verda skal dei to ha slikt styr rundt seg. Dei er no ikkje så kongelege heller. Men eg las om presten i Ulsteinvik og hennar vennskap med Mârta  osb. At heile Norge skal skake seg opp med andre bryllaupet til prinsessa. Det forstår eg ikkje. Men det er no ikkje så nøye med.



Eg ser på veret og forstår at eg etter kvart må gjere diverse arbeid inne, for eg MÅ ha noko å jobbe, noko nyttig, elles går eg på veggane. Heldigvis har eg eit heilt hus + ein garasje og eit tilbygg- og alle stader trengst det opprydding, så det er berre å sette i gang- OVER HELGA

I morgon er det siste dagen i august; den 31 august 1899 vart far min fødd.Eg har rekna ut at det må vere 125 år sidan. I gamle dagar var pappa sin bursdag siste dagen i sommarferien, for 1.september begynte skulen etter ferien, så sant det ikkje var ein sundag.

KL.19.05: Margrete rimgde på telefonen min mens eg sat og skreiv. Ho var her, hadde køyrt Erlend hit. Så no har ho og eg skravla og prata ei stund og drukke kaffi. Det var kjekt å få besøk.


Støtt når eg går på Vernet ser eg utover bygda, og registrerer at  det har blitt mykje bygt her sidan vi kom til bygda for nærmare 60 år sidan. Då var det kome ein del hus på Vallabøen, men Mosmarka var ikkje bebygt før lenge etterpå- Men sjå no!
 



torsdag, august 29, 2024

Dagbok 2024: 29.august

Klokka er no 16.10,temperaturen ute er + 17 grader og det plaskregnar ute no. Då eg stod opp i dag var det +20 grader, minst, og stålande sol. Og det var fint til langt ut i treningstimen, men då kom det ei regnbyge. Då eg kom heim att var veret bra, så eg ville gå ein tur på Vernet, som vanleg, Marit har eit "apparat" som ikkje berre viser korleis veret er, men ser også litt inn i framtida. Ho opplyste meg om at det var ein time til neste byge kom, så då rakk eg ein runde før middag ,det gjekk nesten opp, men siste metrane heim fekk eg nokre regndropar. Det gjorde ikkje så mykje. 

Det vart lettvint middag i dag, for eg hadde så mykje att frå i går art det vart nok i dag også. Etter at eg hadde ete sette eg meg inn i godstolen med eit pledd rundt meg og såg TV, men sovna ei lita stund i dag også , og det gjer berre godt. 

No har eg vore ute og funne meg eit par vedskieer og kveikt litt i omnen for å få opp tempen.

I dag vurderte eg å køyre til Volda og kjøpe slikt garn som eg likar, men så tenkte eg at kanskje Margrete kom snart for å hente genseren til Daniel og då kunne eg få henne til å kjøpe garn. Her i Ørsta er det lite utval i garn, synest eg, og eg trur ikkje dei har den sorten eg vil ha. Eg strikkar no helst berre på bambus-pinnar og dei er mjuke på ein måte- så det røyner ikkje så mykje på venstrehanda, den som eg braut. Heilt god er den ikkje enno.

I morgon er det fredag igjen, synest at vekene går farleg fort. Fredag i morgon? Då kan eg hente ut ein vanskeleg Sudoku på nettet i kveld klokka 10. Så har eg noko å henge fingrane i nokre dagar. Førre veka kom eg i mål på laurdag føremoddag. Eg plar løyse alle, men somme tek lang tid. Det er gymnastikk for hjernen, seier eg. 

Eg får ikkje gjort noko i hagen i dag, der er ikkje så mykje å gjere akkurat no, men eg å passe på og plukke plommene før dei dett ned.  Det er Victoriaplommene som modnast no og dei vil eg gjerne ha, for dei er store og gode.

No er det snart tid for å klippe ned og rydde opp i hagen, men eg håper på ein liten Indian Summer.

No ringde det på døra og det var ein ung litt svart mann som ville ha pengar ttil flyktninghjelpen. Eg har diverse som eg  støttar med eit beløp kvar månad, og det ordnar dei i banken. Eg kan ikkje hjelpe alle, sjølv om dei treng hjelp. 

Eg tenkjer på dette med hjelp når eg ser kva som blir brukt til OL til dømes. No har vi hatt vanleg OL og så set dei i gang eit OL for handikappa, nesten like voldsomt. I går då dei heldt på å komme med ilden-såg eg eit bilde i tanken på ein kronprins som sprang opp og kveikte ein ild. I Lillehammer. Eg er ikkje imot å ha OL, men det blir litt for voldsomt etter kvart. På ein annan stad i verda er det krig og svolt og død. Og ikkje berre ein stad. 

For morgondagen har eg ikkje andre planar enn å ta fredagsvasken.




 

onsdag, august 28, 2024

Dagbok 2024: 28.august

Klokka er no20.20, temperaturen ute er  20grader C, det har vore ein fin dag med ein god del sol. I dag morgon visste eg ikkje kva eg skulle bruke dagen til for det var ingen ting eg hadde lyst til. Men for å komme i gang heiv eg noko gammalt skrot inn i bilen+ diverse sekker med hageavfall og køyrde bort på VØR  Eg stolte på at eg trefte like kjekke karar der borte i dag som sist eg var der. Og det gjorde eg, så då var eg i siget. Då eg kom heim gjekk eg ein runde på Vernet før eg tok meg ein matbit. Måtte kvile litt etterpå, men så kom eg meg ut i hagen og plukka plommer og eple frå marka . Dei hamna i bossdunken.

Så sette eg i gang å klippe plen. Første stripa vart litt for djup for eg hadde gløymt å stille opp att klipparen frå sist eg brukte den. Eg klipte rundt huset, og så gjekk eg løs på Skråninga, eg ville klippe så lenge eg hadde bensin. Men bensinen var så dryg at eg vart så å seie erdig med Skråninga også. 

Då eg kom opp på tunet var naboen i gang med å klippe plenen min ovafor garasjen. Eg snakka litt med han, for han har sagt at eg skal kjøpe bensin i småbåthamna, eg var der ein gong og såg, men forstod ikkje kvar bensinen var.

Naboen var snar å seie at vi skulle fare ned der akkurat no, for han skulle også kjøpe bensin. 2 minutt etterpå var vi på veg. Eg hadde 2 5-liters kanner og så fekk eg sjå korleis eg skulle gjere det, for det var sjølvbetjening . Og der fungerte kortet mitt-det gjer det ikkje på SHELL. Eg forstod kva ein skulle gjere, men tvilar på om eg kan greie det sjølv ålene.

Det vart ein litt hektisk slutt på arbeidsdagen, men eg tok meg tid til å lage middag då eg var heime igjen. Det vart pølser og potetstappe(heimelaga)+ grønsaker. Så no er eg mett både av maten og dagen. Eg likar best dei dagane eg får drive på å jobbe fysisk. I morgon er det trening igjen.




 

tirsdag, august 27, 2024

Dagbok 2024:27. august

 

Klokka er no 16.55, temperaturen ute er + 15 grader og det regnar, men ikkje heile tida. Eg likar ijkkje dette veret for det er så mykje eg skulle ha gjort ute, men å gjere hagearbeid i regnver er ikkje så greitt.

I dag var det trening, så eg var relativt tidleg oppe(det er eg kvar dag)så eg fekk dusja og vaska håret før eg for, ålene i dag også. Etter treninga var eg på ALTI,på apoteket og kjøpte tablettar som eg var lens for, i dag var dei gratis for no har eg frikort resten av året.

Då eg kom heim var eg opp til Marit. Ho hadde vore på røntgen i dag, så vi hadde avtalt at eg skulle komme opp. Ho fekk sjølvsagt inne noko resultat i dag, men eg syntest ho såg friskare ut. Etter at vi hadde prata litt, gjekk eg ein runde på Vernet, og i dg gjekk eg lett, det er ikkje alle dagar like.

Heime igjen måtte eg ha litt lunsj og så sette eg meg inn for å sjå nyheiter. Eg må ha dubba av litt, for plutseleg såg eg ei dame som eg kjende .....på skjermen. Eg kipte meg, som vi seier her på Sunnmøre.

Eg smakte (mykje) på plommesylta mi i dag. Eg prøvde ei oppskrift som eg laga sjølv i går: 5 kilo plommer+ 1kilo sukker + ein pakke grøn Jam. Som forventa var sylta både litt sur og veldig flytande. Men eg et den sjølv, med skei. Eg har mykje plommer igjen så eg kan lage sylte som både er søt og litt fastare i fisken. Eg tenkte eg skulle sjå litt på Victoriaplommene i dag, men alt er så vått.

Eg har no eit lite spøt som eg kan halde på med. Viss eg skal gjere ein skikkeleg jobb, må eg starte frå morgonen av. Har planer om å fare på VØR igjen snart, men skal samle litt meir før eg fer. Det blir i alle fall ikkje i dag.

Eg ser på FB at folk går turar i skog og mark og rundt om på setrane, det ser veldig kjekt ut, men eg må halde meg i meir nære strøk og ikkje risikere å skade meg igjen.

mandag, august 26, 2024

Dagbok 2024: 26 august



 Klokka er no 15.42, og akkurat no regnar det ikkje, men det har det gjort før i dag-og ikkje lite heller.

Det er ikkje muleg å få gjort noko ute, så då må einfinne på niko inne. Eg fann på å koke plommesylte av 5 kilo plommer som eg fann i frysaren. Der er meir enn 5X5 igjen, så dette var berre begynnelsen. Eg kunne godt ha kokt meir, men hadde ikkje fleire store glas. Elles brukar eg no å sylte heile året, så sant eg har bær eller frukt i frysaren.I dag vart det 7 store glas med sylte, og det er stortsett det eg et påskivene, så det går vel med.

Etterpå var eg opp til Marit og fekk høyre om den store barnedåpen på Straumshamn. Det var jenta til Stian og Anja som var dåpsbarnet. Og Marit får lov å vere oldemora hennar. Vår Amanda  var fadder mellom andre -det var eit stort selskap men slekt frå fjern og nær. At Amanda var fadder kom av at ho er venninne med Anja.

No har eg ete noko som eg kallar middag, og så håper eg at veret blir slik at eg kan gå ein tur etter kvart. Eg får ikkje ut av hovudet mitt at det er søndag i dag, enda eg veit at det er mandag. I morgon er det trening igjen.

Marit og eg brukar å prise august og seier at det er finaste månaden i året, det tek vi tilbake. Det er ikkje sommar i august i år, sommaren var i mai- og sidan har vi knapt sett han-

Men eg fekk ei god melding på Messenger no. Rasmus skal på "foretningsreise" til Sunndal i veke 43, måndag -torsdag, og då kan han kanskje komme innom Ørsta også, slik som i fjor haust, då var han til Mo i Rana. Det er noko å sjå fram til. 

Elles ser eg fram til at det skal slutte å regne så eg får gå ein tur.

PS: Det blei ingen tur i dag, men i morgon.... 

No fann eg namnet på den raude rosa mi,. Ho heiter Nina Weibull.

søndag, august 25, 2024


 Klokka er no 16.41, temperaturen ute er +12 grader C og det har regna meir og mindre i heile dag.

Eg likar ikkje innedagar om "sommaren", eg misser heilt humøret. No har eg gått ein runde på Vernet i dette veret og det er no litt betre enn å sitte pal inne. Eg har sete ein del med datamaskina og spansken i dag , men ein bli no lei av det også. Det er tusen ting eg kunne ha gjort viss eg ville. Så eg får skulde på meg sjølv. Til middg i dag kokte eg risgraut for å få brukt opp melka før den går ut på dato. Eg har ikkje sett så mykje på TV i dag, eg har ikkje strikketøy og likar ikkje å sitte med hendene i fanget. Men eg skal no raske i hop litt garn så eg kan få begynt på  eit par lestar for eksempel.

Marit har vore i barnedåp i dag, ho var liksom "oldemor" til babyen. Eg har passa Lollo, katten hennar, men eg må slutte å gi den mat på trappa mi, der er skummelt mange kråker og skjorer som fer med godbitane. Eg har tatt dei nærmast på fersken.

Eg håper verkeleg at vi får fine dagar så eg får gjort det eg skal ute. Må snart ein tur på VØR igjen, eg har fleire sekker med plommegreiner t.d.


lørdag, august 24, 2024

Dagbok 2024: 24.august


Klokka er no 18.02, temperaturen ute er +16 grader C, akkurat no er det opplett men det har vore nokre lette regnbyger i løpet av dagen. Ikkje verre enn at det gjekk an å vere ute.

I dag føre middag gjekk mykje av tida til å prøve enda ein gong å fullføre sudokuen. Eg var i ferd med å gi opp, men så kom løysinga og eg kunne tenke på andre ting. Til dømes:Kva skal eg gjere i dag? Dei halvrotne plommene er eg mektig lei av, men dei må no vekk på ein eller annan måte. Eg bestemte meg for å gjere ein innsats i dag også. Eg har ei stor saks med lange handtak, så eg gjekk i gang med å klippe greiner. Plommene flaug hit og dit, men eg tok vare på dei som var fine. Dei andre går i bosset. Eg skulle eigentleg ha nådd litt lenger opp, så eg henta trappestigen. Det var ikkje så enkelt for meg å stå i stigen og klippe, så det slo eg frå meg.Alt fekk eg ikkje ned i dag heller, men eg hadde eit par svarte sekker med greiner, så det blir snart ein tur på VØR igjen

Heilt nede i hagen står der eit mindre plommetre, det er Victoriaplommer, det treet har aldri vore stort og sist eg klipte det, vart det veldig lite. Men i år er der masse store Victoriaplommer på det, det vil seie på eine sida, den sida som vender mot aust, på vestsida var det ikkje ei einaste plomme, så eg klipte nokre greiner der. Treet er lite, så greinene låg heilt ned på jorda. Eg ser fram til gode plommer når dei ein gong vert modne.

Då ville eg ikkje meir, så eg tok klipparen og klipte rundt opaltreet, slik at rusket vart vekk. Etterpå klipte eg plen oppe ved postkassane før eg vaska /spylte klipparen. Eg spyler alltid klipparen rein etter bruk. Nils lærte meg opp til slike ting.

Eg hadde ikkje tenkt på middagsmat i dag, eller lunsj var det vel, så i dag laga eg noko lettvint som eg synest er godt.

 Rå grønnsaker av det ein har. Her: kål, gulrot, tomat, agurk, paprika, med salat-ost i olje.

Til "dessert" - ei grovbrødskive med eksta lagra kvitost + kaffi. Slike måltid kan ein lage når ein bestemmer alt sjølv. 


I går var eg på KIWI og handla, eg skulle blant anna ha brød. Dei hadde tilbod på brød, 10 kroner billegare enn vanleg. Der var lite att i hyllene, så eg vart ståande å sjå på det som var der. Der var ei dame til som stod der, og ho anbefalte dette brødet. Og JA det var kjempegodt, men det er sjølvsagt dyrt og elles så er det ikkje noko ein kan ete for mykje av-for det tek si tid. Eg skal ha det til dessert/kaffimat har eg tenkt.

Eg lurte på kva meir eg ville gjere i dag, det vart til at eg tok ein tur på Vernet.

Eg har ikkje "spøt"- men finn vel litt garn som eg kan lage noko av-

I morgon skal eg passe katten til Marit, for ho skal i barnedåp til oldebarnet.

fredag, august 23, 2024

Dagbok 21024: 23.august


Klokka er no18.23, det er overskya og ca 16 grader C. Det har for det meste vore opplett i dag, men der kom ei lita byge på føremiddagen. Sola har eg ikkje sett mykje til.
Fredagen er vaske-og rydde-dagen min, så i dag har eg både vaska golv, støvsuga og tørka støv. Det blir helst lite gjort inne om sommaren.
Eg måtte ut og å plukke plommer i dag også, men mesteparten var ikkje etande for folk. Eg gleder meg til eg skal til å klippe greiner etc.
Då eg var ferdig med desse jobbane. Prøvde er å få til meir  på Sudokuen  min, men eg er langt frå i mål enno.Litt mat vart det også, men eg var lens for brød, så det blei ein liten tur på butikken. Berre kjek det, når ein har ein liten Yaris. Deretter vart det ein tur på Vernet, møtte ingen eg kjende i dag. Gjekk ein liten tur rundt huset då eg kom heim, trist å sjå at det alt er haust, og plantane visnar og må klippast ned etc. sommaren har  eit kort liv.Det er vemodig med haust, men eg synest eigentleg det er den finaste årstida når veret er bra. 
Eg skal ikkje gkjere så mykje meir i dag, men eg prøver på sudokuen igjen, det er god hjernegymnastikk-og det trengst. 
Så blir det vel TV og strikketøy- Den tida eg var i jobb, var fredagskveldane dei beste-å sjå fram til ein heilt fri dag, på laurdag. Søndagen vart det som regel å førebu mandagen. 

Leonardo har hatt ein pause, men kjem sterkt tilbake

Eg hugsar aldri namnet på denne raude rosa, men fin er ho.


.

torsdag, august 22, 2024

Dagbok 2024: 22.august

                                                      Utsikt frå altanen -mot aust
 Klokka er no18.37, temperaturen ute er +20 grader. Det har vore overskya i dag men stort sett opplett, no nettopp kjende eg nokre dropar.

I dag har det vore ein roleg dag. Eg var på trening 10-11, men så køyrde eg rett heim. Eg skulle klippe plen i dag, og det gjorde eg, men først måtte eg plukke plommer -nedfallsplommer stort sett. Dvs.eg klipper greiner og plukkar plommene av. Eg ser fram til at det skal bli plommefritt i treet, for eg har plukka frykteleg mykje, og halvparten, minst, går i bosset. Treet letnar litt etter litt ettersom både plommene og greinene blir borte.

I dag skulle eg klippe plen , og dei dagane eg gjer det, skulkar eg Fonnvernet. No har Gudmund heilt tatt over å klippe ovafor garasjen, men resten klipper eg sjølv.Eg er ikkje så flink til å klippe pent, men det får halde. Det er forresten ikkje så lett å klippe pent når undelaget er så mjukt, men eg er ikkje så nøye på det.

Ein ting som ergrar meg litt kvar gong eg skal klippe er rabarbraen,den er planta midt i plenstykket nedanfor garasjen. No vil eg ha den vekk. Eg har greve opp rota, men så er det slik at rabarbraplanten har fått ein støypt ring rundt seg. Det var ein veldig god ide i si tid, men for meg vart det eit lite problem kvar gong eg skal klippe plen. Eg hugsar den tida då det var Nils som klipte og eg ville plante både her og der, då påla han meg alltid å finne ein plass som ikkje kom i vegen for klipparen.

Eg lurer på korleis eg skal få opp den støypte ringen, men eg finn vel ei råd

Eter at eg hadde klipt ferdig gjekk eg inn og tok meg litt mat, så sette eg meg i godstolen og sovna ei lita stud. Eg hadde kveikt litt i omnen, brende litt papirrusk etc.+ litt thuja-ved.

Så var det ut igjen og plukke meir plommer og rydde opp litt. 

No skal eg finne meg litt mat igjen -det passar vel med middag no snart. Fredag i morgon igjen, eg kan ikkje hugse at helgane kom så ofte då eg var i arbeid. Fredagane vaskar eg huset-meir og mindre,elles har eg ingen planar.

                                          Plommetreet minkar litt kvar dag,

onsdag, august 21, 2024


Klokka er no17.30, temperaturen ute er + 20 grader C. Eg kom akkurat att frå ein tur på Vernet.

Eg har ikkje gjort så mykje til gagns i dag, men eg fekk no plukka opp litt plommer på føremiddagen, før Ragnhild kom klokka 13. eller litt før. Vi hadde avtale med fleire som skulle vere med på" Gamle lærarinne-treffet" i Volda, men det var berre Tone som kunne komme i dag.  Vi hadde ei koseleg stund på Kafeen nedst i "Spinneriet." Eg har ikkje vore på den kafeen før, men der var godt utval i mat og drikke. Eg var litt dum for eg kjøpte eit kakestykke som eg er godt kjend med. Ein annan gong skal eg kjøpe noko "nytt".

Vi var der ikkje så lenge og Tone vart henta. Men eg trur vi syntest det var kjekt å treffast

Etter at Tone hadde reist gjekk Ragnhild og eg eit par etasjar opp til NORMAL Å du store all verda! Her var det litt å velje mellom, alt av ansikt-, hår- og kroppspleie elles. Eg trudde ikkje det kunne vere muleg...... Og så kom vi frampå ei snop-avdeling etterpå.....men når ein ser så mykje blir det kanskje til at ein kjøper lite fordi ein ikkje klarer å bestemme seg. No snakkar eg for meg sjølv. Men litt fekk eg kjøpt, og no veit eg kvar eg skal gå ein annan gong eg treng noko i den sjangeren.

Ragnhild og eg køyrde heim til Ørsta, men stoppa i Furene, for Ragnhild hadde eit ærend på COOP. Vi var innpå butikken  og eg sikra meg nokre spekesildmiddagar. Så no skal eg lage middag til meg sjølv. Og no kom sola fram igjen, ho kjem og fer heile tida, trur eg. Eg var glad då eg såg ned i bossdunkane mine, for alle plommene var vekke i den eine og alt  rusk-rasket som var i den andre var og vekk-for alltid.

I morgon er det trening igjen, så no får dagane bein å gå på.





 

tirsdag, august 20, 2024

Dagbok 2024: 20august


 Klokka er no 17.49. temperaturen ute er +20 grader. Det har kome litt regn, og ltt sol, men mest overskya opphaldsver.Bildet over tok eg då eg gjekk på Vernet, rett etter at eg kom frå trening. Det svarte "røret " til venstre er slutten på handtaket til trappa.

Før eg gjekk på Vernet var eg på trening, Marit var ikkje med idag for ho er så låk i ein fot. Eg handla også før eg kom heim. Då eg kom heim att frå Vernet var eg litt trøtt, så eg laga ikkje middag, men drakk kaffi og åt skiver. Måtte sjå litt TV før eg gjekk ut og plukka plommer i dag igjen. Det gjeld å få plommene opp frå graset , før alle stygge, små dyr begynne å ete.I dag plukka eg også frå treet, og eg klipte greiner av treet, men det tek visst aldri slutt. Det blir som regel meir i bosset enn det som er brukbart. Men det blir nok til sylte også.

Tok nokre plommer rett frå treet og gjekk opp til Marit med, så fekk vi prate i dag også. Etter at eg hadde rydda opp på plenen  gjekk eg inn at.

                               Treet ser ikkje ut, men berre vent til eg er ferdig å klippe!

Då eg kom inn til PC-en ringde telefonen min. Det var Ragnhild som ville ha meg med til Volda i morgon, på kafé, i lag med Tone. Og det var ikkje nei i min munn. Ho hentar meg 12.30.

No skal eg snart lage meg noko som minner om middag. Eg kjøpte poteter i dag igjen, og så får eg finne noko attåt. Eg brukar ofte å lage potetstappe, for den kan eg varme opp att viss der er noko igjen. 

                                          Utsikt mot vest frå altanen

mandag, august 19, 2024

Dagbok 2024: 19. august

                                                     Ørsta i dag, sett frå Vernet
 
Klokka er no 18.45, temperaturen ute er +14 grader C. det er overskya , men opplett no, det har regna litt i dag også. Eg hadde ingen gode planar for dagen, og då blir det ikkje utretta så mykje. På føremiddagen gjekk eg ein tur på Vernet og så plukka eg opp alle plommene som hadde falt ned i natt. Arbeidet med det er ikkje plukkinga, men sorteringa i "bruk og kast." Eg har begynt å klippe greinene før eg plukkar, då får eg reinare plommer. Men der heng faktisk att rotne plommer frå i fjor somme stader. Eg gler meg til eg skal til å stusse heile treet, men eg må kanske ha litt hjelp der, for eg er litt for gammal til å klatre i trea no.

Middagen i dag vart slik som i går. Då hadde eg pølser + potetstappe, og så var det att nok stappe til i dag også. Det går ikkje an å sløse med poteter no lenger for no er poteter også dyrt. No kan eg angre på at eg ikkje sette poteter sist vår, for eg hadde faktisk tenkt på det. Men neste år------- Det er for så vidt greit å betale for potetene, hadde dei enda vore gode.
Etter at eg hadde ete middag og slappa av litt, gjekk eg ut i hagen og jobba,  Eg ville ned og sjå til "prosjektet"mitt og eventuelt klippe graset. Eg hadde med ei vanleg saks ut, og først klipte eg graset innimellom nokre busker, for der kjem eg ikkje til med plenklipparen. Så gjekk eg ned og klipte litt på "Prosjektet", alle tre trea var fine og friske og hadde fått nye lyse "skot" på alle greinene. Eg klipte ein god del av graset , men så skal "plenen få fri, til der er så fast at eg kan bruke plenklipper. 

Bildet er tatt før eg klipte. Der kan de også sjå at naboen har kjøpt eit liknande tre, og planta på grensa.

I morgon er det trening, og torsdag skal vi også ha trening, som vanleg. Marit kan ikkje vere med no, for ho er ikkje i form, så då må eg fare åleine; eg må vel handle litt også, sidan eg er heilt lens for poteter.
Eg har vore litt for mykje på FB for tida. No er det mykje styr om prinsessa som skal gifte seg- eg er ikkje interessert i det heile tatt. Dei har no vore så lenge i lag at det ikkje er så "spennande" lenger. Og på hotellet i Geiranger har eg sjølv vore-på kurs og overnatting. Presten har eg også sett, både live og på TV.
Ja, dei får no berre styre på. Elles har no dei kongelege sine problem, dei også.
No har vel alle skulane starta opp igjen. Vi får håpe på eit godt skuleår både her og der og for lærarar og elevar.

søndag, august 18, 2024

Dagbok 2024: 18.august

Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+14 grader C og det regnar og regnar. Eg skulle hatt lyst til å snakke med spåmannen som lova ein fantastisk august-månad. Han bør ikkje gi seg ut for å vere ekspert i alle fall.

Regn på denne tida er skikkeleg irriterande, for det er no eg skulle ha plukka plommene mine. Ja, eg har no fått nokre kilo i frysaren, men i deg ligg dei på marka og rotnar.

Eg har halde meg heime i dag, men  gjekk ein liten tur på Vernet før middag.Det regna då også, men ikkje så mykje at eg vart gjennombløytt, i alle fall berre litt.



Eg har vore åleine heime i dag, men eg kjeder meg aldri, i alle fall ikkje så lenge eg har PC-en min.Den er viktigare for meg enn TV-en. Eg er mykje på "Reels and short Videos" - og øver på spansken der. Elles har eg no ikkje gjort noko særleg til nytte i dag.

Eg laga middag etter turen ut, og i dag(igjen) vart det pølser og potetstappe-og det er heilt OK for meg. Eg har ikkje problem med dårleg appetitt, snarare tvert om.

Først gjorde eg ferdig ein sudoku i "Pensjonisten", så sette eg meg inn og såg TV, og lenger er eg ikkje komen. No skin sola ute, og viss ho held fram med det skal eg gå ut og plukke nedfalls plommer. Viss eg ikkje gjer det i dag, er det berre å rake dei i hop i morgon og kaste dei i bosset. Eg treng litt opphaldsver no, slik at eg kan få stelt i hagen, det er liksom det eg vil halde på med no, før det blir haust for alvor-og vinter.

                                     Det er godt å kome heim att



 

lørdag, august 17, 2024

Dagbok 2024: 17.august



Slik har eg det i kveld: Strikketøy, TV og bladet "Familien" som Solveig hadde med.

Klokka er no 21.54, temperaturen ute er   grader. I dag har veret vore skiftande, vi har hatt både regn,vind og sol . Men mest overskya.
Eg var tidleg på farten i dag, eg skulle handle litt på ALTI, og resten på KIWI. Eg trur eg var heime att før halv 12. Eg kan ikkje hugse i detalj alt eg har gjort i dag, men eg var i alle fall oppe hos Marit ei stund. Då eg kom heim att laga eg meg litt middagsmat. Eg var ute og plukka plommer i graset i dag også, men no hamna dei fleste i bosset. Dei hadde lege for lenge i det våte graset.
Eg laga nokre vaflar til Solveig skulle komme, men no hadde eg nesten gløymt korleis eg skulle lage vaffelrøre også, men det gjekk no relativt bra. Solveig hadde med seg to potteplantar til meg, dei hadde ho dyrka fram sjølv. Det er dårleg med plantar i vnduskarmane mine- eg trur ikkje plantane likar seg der. Eg er no så glad i blomster, så eg håpar dei to nye vil trivast.
Elles sit eg og sjonglerer med to fjernkontrollar til TV-en, det er ikkje alt eg bryr meg om å sjå-særleg ikkje rulleski -som eg synest er heilt teit. Men eg er no ikkje nøydd til å sjå på det heller. 

Elles så stikkar eg lestar til ein som ikkje er fødd enno. Ingen skal fryse på beina i familien så lenge eg kan strikke!
No er det liksom slutt på sommaren, når skulane tek til igjen. Og vi som er er så heldige å vere pensjonistar kan berre halde fram med å feriere.




fredag, august 16, 2024

Dagbok 2024 :16.august

Fint når sola er framme -på veg ut Starevegen

 Klokka er no 17.50, temperaturen ute er + 12grader C, det har regna mykje i dag, men det har også vore streif av sol.

På føremiddagen tok eg den såkalla fredagsvasken-med nogo attåt. Då eg var ferdig med det eg skulle gjere inne, ville eg gå på Vernet, men då kom det ei skikkeleg regnbyge så eg måtte vente til  den var over, I ventetida festa eg trådar i dei tre lestepara eg har strikka i sommar. Eg kan ikkje strikke så mykje eg vil, får det toler ikkje venstrehanda, den som eg braut sist vinter.

Men sola kom att og då var eg snar å komme meg ut. Det kan høyrest litt rart ut at desse turane er så viktige for meg. Men eg går ikkje berre for moro skuld, men for å halde føtene friske. Eg har skadar i begge knea, derfor går eg på trening for å styrke muskulaturen rundt knea, og eg må passe på å trene litt andre tider også, med å gå turar t.d.

Det var ikkje så mange på Vernet i dag, men eg trefte ein mann eg kjenner, som eg prata litt med.

Då eg kom heim var det tid for middag, og eg åt samme maten for tredje gong; kjøttkaker i brun saus. Den brune sausen eg laga på onsdag var ekstra god , synest eg.

Elles i dag har eg gjort ferdig sudokuen som eg begynte på i går kveld. Det gjekk greit denne gongen.

Eg måtte sette meg inn i godstolen ei stund og sjå nyheiter og så fekk eg både Møre-nytt og Vestposten og Pensjonistbladet i postkassa i dag, så det var litt å gå igjennom.

Eg har ikkje vore nede i hagen og plukka plommer i dag, så no blir det vel berre å kaste nedfallsfrukta i bosset.Plommene er ikkje etande viss dei blir liggande lenge i graset. Men det blir nok til meg uansett. 

Sidan det er blitt fredag enno ein gong, vil eg ønske alle ei god helg. Dessverre har august skuffa meg litt- for ofte er det den finaste månaden i året-

                                                           Grå dag på Vernet i dag


torsdag, august 15, 2024

Dagbok 2024: 15.august







 Klokka er no18.10. Temperaturen ute er + 17 grader og det er nokså overskya-og så blæs det litt, og det likar eg.

Men ikkje alltid. I går kveld etter eg hadde lagrt meg syntest eg at eg høyrde at det blæs; eg hadde nettopp lagt meg og klokka var ca.1,30. Eg tenkte på alle dei tomme malingspanna som Einar hadde stilt opp. Eg kunne ikkje la vere å sjå etter, men eg verken såg eller høyrde meir til vinden, og i dag stod spanna  heilt fint då eg såg ut.

Eg gjorde meg klar til å fare på VØR - først best, eg trur eg var første "kunden " i dag. Og der stod det ein kjekk mann og tok imot meg og rusket mitt. Han hjelpte til med å tømme bilen og få alt der dert skulle vere. Den tida eg hadde ein takleggar her med meg, var eg ofte på VØR med diverse rot. Men då greidde eg meg sjølv. Men dei gongane eg var usikker på kvar rusket skulle kastast, spurde eg sjølvsagt. Men i dag tok kjentmannen heile jobben, og då han såg at eg hadde ein sekk med hageavfall i baksetet, insisterte han på å ta den også, så kunne eg berre få køyre.  Dei har ord på seg for å vere hjelpsame og kjekke der borte, det er det mange som seier.

Då eg kom heim tok eg runden min på Vernet først best. Det var ikkje mange ute og gjekk i dag, men eg møtte ei nabodame der og ei som eg jobba i lag med ein gong i tida. Kjekt å treffe kjentfolk.

Så vart det tid for å plukke plommer på marka , To bøtter, ei til sylteplommer og ei til matboss-plommer. Det blir sånn 50-50 med sortane. Men det blir nok. 

Det begynte å regne så eg fekk ikkje gjort meir ute då, så eg gjekk inn og sette på klesvask.

Til middag i dag hadde eg restar frå i går, så det var enkelt. Eg har altfor god appetitt, men det er ikkje så mykje å gjere med det. 

Eg strikka ei stund før eg for ut att og såg til plommene, men dei hang på treet så det var greitt. Så var det å ta grasklipparen og klippe oppe ved postkassane, og til slutt spyle klipparen . Nils var veldig nøye på det, og det er han som har lært meg opp. 

No trur eg at eg har fortalt alt eg har gjort i dag. men dette ER ei dagbok, som eg skriv meir og mindre til meg sjølv, slik at eg kan hugse .........

Eg vart litt sjokka då eg oppdaga at det var fredag i morgon-og då kjem det ein vanskeleg SUDOKU i fredagsavisa, som eg tek ut i kveld klokka 10 på nettet. Førre veka trur eg at eg bala med sudokuen heil til laurdag i alle fall.Men det gjekk bra til slutt. Det er hjernetrimmen min!


Det blir litt skeivt når eg tek bilde på altanen. Meininga var å få med naboen sin fine FLOKS. Det rare med den floksen er at det skiftar farge . Den tida eg jobba hugsar eg den frå første skuledagane om hausten. Då var eg litt tidleg oppe og då var floksen nesten blå, seinare på dag var den raud som på bildet.




onsdag, august 14, 2024

Dagbok 2024: 14.august


 Klokka er no19.00, temperaturen ute er + 18 grader C, det er lettskya og opphaldsver. Eg skulle eigentleg ha vore på Vernet no, men eg fann ut at eg måtte gjere litt til her heime- før eg tek kveld.

Det har vore ein relativt aktiv dag, Einar har vore her og mala på huset igjen, men han vart ikkje heilt ferdig med det han hadde tenkt, for malarkosten brakk og eg veit ikkje om han mangla maling også.

Før Einar kom hadde eg plukka opp plommer frå bakken og sortert brukande og  ikkje brukande. Og så hadde eg vore på butikken og handla matvarer + at eg hadde plukka alle solbæra ,nesten, frå buske nummer to. Dei var litt overmodne, men tenkte Solveig kunne ha dei til saft.

Einar skulle komme klokka 13, så eg fekk gjort i stand det meste til middagen før han kom. Men vi åt ikkje før han var ferdig å male.


Einar rydda i garasjen og sette ut alt det som eg skal køyre på VØR med. Eg gler meg til den turen. Det vart no litt betre plass i garasjen no, men der er enno overfylt. Det samme er det nede i tilbygget, men eg skal ta med litt derifrå også når eg fer på VØR. Trur det blir i morgon. Nå ikkje Einar tok det med seg i dag, var det fordi malinga var så fersk.( Eg lurer på kva eg skal ha på meg når eg fer bort.)

Eg måtte ned ein gong til for å plukke opp plommer; då kom Erlend ut og litt etter var Amanda her for å hente broren. Dei skulle fram til Lars. Kjekt å sjå barnebarna.

Det er kjåka fullt med plommer på Opaltreet, så det blir vel ein del brotne 

greiner . Eg har sagt at eg kjem ikkje til å klatre opp i treet for å sage greiner i år,  - trur eg.

tirsdag, august 13, 2024

Dagbok 2024:13.august

Klokka er no 18.30, temperaturen er + 21 grader C, og i dag har vi hatt både sol og regn.

I dag starta vi dagen med trening frå 10-11, det var litt kjekt å komme i gang igjen, Og vi er ein gjeng som har gått der i lag lenge. Det skal ikkje vere trening torsdag, så vi har enno litt fri.

Marit og eg køyrde ikkje i lag i dag, for Marit "skulle på noko" før ho kunne fare heim.Då eg kom heim kom ho ned til meg fordi vi hadde noko å diskutere.

Eg tok meg ei kvilestund og litt mat før eg gjekk ut og jobba i hagen. Eg plukka plommer,  og i dag var plommene mykje finare fordi dei ikkje hadde lagt så lenge på pakken. Og så ser eg alltid noko som eg må gjere, i dag tok eg vekk ugras og gras som var der det ikkje skulle vere , under altanen. Så måtte eg rydde opp under plommetreet, og då tok eg fram grasklipparen. Eg ser så mykje eg har lyst å gjere og eg har energi nok-men eg har også ein rygg, så eg må ha ein stol i nærleiken heile tida, så eg kan sette meg ned og kvile ryggen min.

Eg åt brødmat til lunsj i dag og tenkte å ha middag i lkveld, men no veit eg ikkje om eg har lyst på noko middagsmat. Eg kan no tenkje på det ei stund og sjå kva det blir til.
 

mandag, august 12, 2024

Dagbok 2024: 12.august


                                                                  Ein nydeleg morgon

No er klokka 18.54, og det er snart tid for dagsnytt. Men de kan vi no sjå og høyre når det passar..

Det er + 19 grader C ute no det har kome skyer på himmelen no, men det har vore ein strålande dag. Eg har vore ute og jobba det meste av dagen, for det var mykje som trong litt stell. Då tenkjer eg på hagen, og tre og plantar der.

Eg begynte med å plukke opp plommer frå graset og sortere det eg ville ha .og det som gjekk rett i komposten. Plommene ligg ikkje lenge på bakken før alle slags kryp vil ete dei. Det var ikkje mange som fekk komme i frysaren. 

Elles så stelte eg med blomsterbedda mine etc..Eg likar å halde på med slikt utearbeid. Og der er alltid noko som treng å bli ordna på. Marit kom ned ein tur og fortalde om helga på hytta med heile storfamilien.

Så tok eg fram klipparen og klipte plenane rundt huset, men Skråninga fekk stå så lenge.

Eg var inne og tok meg litt mat, då måtte eg velje kva eg skulle gjere etterpå; gå tur på Vernet eller klippe Skråninga. Eg valde det siste og det gjekk bra heilt til klipparen takka for seg. Eg tenkte det var startbatteriet som var overforbrukt, så eg gjekk inn og sette det på ladding, men då eg kom ut var det like ubrukeleg, eg måtte ladde meir, fann eg ut. Men då eg kom ut andre gongen, virka det heller ikkje. Eg gjore klart for å avslutte jobben, men DÅ virka batteriet plutseleg og eg fekk klipt heile Skråninga, 

Etterpå tok eg beddet nedafor garasjen og diverse andre småjobbar. Eg var sliten og trøtt og skitten, så det var  rett i dusjen. Og no skal eg lage middag, eg trur det blir pølser i dag, for det hastar.

I morgon skal vi begynne på treninga igjen. Eg føler ikkje at eg treng så mykje trening, men kven veit ?







søndag, august 11, 2024

Dagbok 2024: 11. august

Klokka er no16.44,temperaturen ute er + 14 grader og det har regna stort sett i heile dag, noko som viser att på Vikelva.

Eg har hatt ein noko kjedeleg dag i dag, men det gjer ingen ting. Eg kan ikkje strikke så mykje som eg har lyst til, for då får eg låkt i handa som eg braut, den er ikkje heilt god enno. Men så har eg datamaskina og spansken. Eg er meir på datamaskin enn på TV. Mykje underhaldning på "Reels and short videos"-

Men eg kom meg no ut og gjekk ein runde på Vernet i dag også. Eg trefte ei eg kjenner som eg gjekk i lag med ei stund. Eg trudde det skulle ver opplett ei stund, men det var der ikkje, så eg var klissvåt i håret då eg kom heim. men det var no ikkje så farleg. Eg laga meg litt lunsj, men har ikkje laga middag enno. Eg har gått over til sein middag, så er eg i takt med Marit.

Eg har ikkje så mange opplevingar når eg er heime åleine og det er regnver. Hadde det vore opplett kunne eg styrt på i hagen, men no får alt berre styre seg sjølv, så blir det mykje å ta att seinare. Eg håpar på nokre fine dagar, det plar skine opp når skulane startar, synest eg å hugse. Eg treng verkeleg litt fint ver i hagen no viss ikkje plommene skal bli øydelagde.

Marit og familen kom att frå hytta for ei lita stund sidan, og heldigvis var LOLLO på plass.


 

lørdag, august 10, 2024

Dagbok 2024: 10.august



Klokka er no 16.48, temperaturen ute er14  grader og det har regna litt innimellom, no ser det ut til  å lette opp litt, slik det plar gjere på slutten av dagen. Men alt ute er vått, så det fristar ikkje å plukke bær og plommer til dømes. Heile føremiddagen gjekk eg berre her utan å gjere stort anna enn å fyre i omnen -og jobbe med sudokuen. Og jammen greidde eg å få den til denne gongen også, endå det såg umuleg ut ei stund. Eg innbiller meg at eg skjerpar intelligensen med dette, men kven veit. Eg letna i alle fall i humøret, såpass eg kom meg ut og gå på Vernet. 

Der var ikkje mykje folk i dag, men det er no heilt greitt, Då eg kom heim att tok eg ein tur på KIWI og kjøpte litt matvarer. 

Elles har eg gått og ropt på LOLLO , katten til Marit, men den har ikkje vist seg verken i gå kveld eller i dag, så no lurer eg på om det har hendt henne noko. Ho er no ein relativt gammal katt, så det er ikkje så utenkeleg at det kan skje noko.

Det er sørgeleg med alt dette regnet. Eg har ikkje plukka alle bæra mine, og plommene er berre så vidt begynt å bli modne, dei blir fort øydelagde i dette veret.

Blomstrane og alt som veks  blir meir og mindre øydelagt av alt dette regnet, men plenen veks godt og er frisk og grøn, og mosen har det vått og godt og blir enda mjukare å gå på. Men dette er noko ein ikkje kan gjere noko med. Eg hadde gledd meg til fine varme august dagar .og kveldar, men no er det berre å halde seg inne.

                                                                Stakkars plommetre

Dagbok 2024: 16.september

Klokka er no18.15, temperaturen ute er 12 grader C og det er overskya, men ikkje regn, eg trur det var litt finare tidleg i dag, meiner eg s...