tirsdag, august 20, 2024

Dagbok 2024: 20august


 Klokka er no 17.49. temperaturen ute er +20 grader. Det har kome litt regn, og ltt sol, men mest overskya opphaldsver.Bildet over tok eg då eg gjekk på Vernet, rett etter at eg kom frå trening. Det svarte "røret " til venstre er slutten på handtaket til trappa.

Før eg gjekk på Vernet var eg på trening, Marit var ikkje med idag for ho er så låk i ein fot. Eg handla også før eg kom heim. Då eg kom heim att frå Vernet var eg litt trøtt, så eg laga ikkje middag, men drakk kaffi og åt skiver. Måtte sjå litt TV før eg gjekk ut og plukka plommer i dag igjen. Det gjeld å få plommene opp frå graset , før alle stygge, små dyr begynne å ete.I dag plukka eg også frå treet, og eg klipte greiner av treet, men det tek visst aldri slutt. Det blir som regel meir i bosset enn det som er brukbart. Men det blir nok til sylte også.

Tok nokre plommer rett frå treet og gjekk opp til Marit med, så fekk vi prate i dag også. Etter at eg hadde rydda opp på plenen  gjekk eg inn at.

                               Treet ser ikkje ut, men berre vent til eg er ferdig å klippe!

Då eg kom inn til PC-en ringde telefonen min. Det var Ragnhild som ville ha meg med til Volda i morgon, på kafé, i lag med Tone. Og det var ikkje nei i min munn. Ho hentar meg 12.30.

No skal eg snart lage meg noko som minner om middag. Eg kjøpte poteter i dag igjen, og så får eg finne noko attåt. Eg brukar ofte å lage potetstappe, for den kan eg varme opp att viss der er noko igjen. 

                                          Utsikt mot vest frå altanen

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...