mandag, august 19, 2024

Dagbok 2024: 19. august

                                                     Ørsta i dag, sett frå Vernet
 
Klokka er no 18.45, temperaturen ute er +14 grader C. det er overskya , men opplett no, det har regna litt i dag også. Eg hadde ingen gode planar for dagen, og då blir det ikkje utretta så mykje. På føremiddagen gjekk eg ein tur på Vernet og så plukka eg opp alle plommene som hadde falt ned i natt. Arbeidet med det er ikkje plukkinga, men sorteringa i "bruk og kast." Eg har begynt å klippe greinene før eg plukkar, då får eg reinare plommer. Men der heng faktisk att rotne plommer frå i fjor somme stader. Eg gler meg til eg skal til å stusse heile treet, men eg må kanske ha litt hjelp der, for eg er litt for gammal til å klatre i trea no.

Middagen i dag vart slik som i går. Då hadde eg pølser + potetstappe, og så var det att nok stappe til i dag også. Det går ikkje an å sløse med poteter no lenger for no er poteter også dyrt. No kan eg angre på at eg ikkje sette poteter sist vår, for eg hadde faktisk tenkt på det. Men neste år------- Det er for så vidt greit å betale for potetene, hadde dei enda vore gode.
Etter at eg hadde ete middag og slappa av litt, gjekk eg ut i hagen og jobba,  Eg ville ned og sjå til "prosjektet"mitt og eventuelt klippe graset. Eg hadde med ei vanleg saks ut, og først klipte eg graset innimellom nokre busker, for der kjem eg ikkje til med plenklipparen. Så gjekk eg ned og klipte litt på "Prosjektet", alle tre trea var fine og friske og hadde fått nye lyse "skot" på alle greinene. Eg klipte ein god del av graset , men så skal "plenen få fri, til der er så fast at eg kan bruke plenklipper. 

Bildet er tatt før eg klipte. Der kan de også sjå at naboen har kjøpt eit liknande tre, og planta på grensa.

I morgon er det trening, og torsdag skal vi også ha trening, som vanleg. Marit kan ikkje vere med no, for ho er ikkje i form, så då må eg fare åleine; eg må vel handle litt også, sidan eg er heilt lens for poteter.
Eg har vore litt for mykje på FB for tida. No er det mykje styr om prinsessa som skal gifte seg- eg er ikkje interessert i det heile tatt. Dei har no vore så lenge i lag at det ikkje er så "spennande" lenger. Og på hotellet i Geiranger har eg sjølv vore-på kurs og overnatting. Presten har eg også sett, både live og på TV.
Ja, dei får no berre styre på. Elles har no dei kongelege sine problem, dei også.
No har vel alle skulane starta opp igjen. Vi får håpe på eit godt skuleår både her og der og for lærarar og elevar.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...