søndag, august 18, 2024

Dagbok 2024: 18.august

Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+14 grader C og det regnar og regnar. Eg skulle hatt lyst til å snakke med spåmannen som lova ein fantastisk august-månad. Han bør ikkje gi seg ut for å vere ekspert i alle fall.

Regn på denne tida er skikkeleg irriterande, for det er no eg skulle ha plukka plommene mine. Ja, eg har no fått nokre kilo i frysaren, men i deg ligg dei på marka og rotnar.

Eg har halde meg heime i dag, men  gjekk ein liten tur på Vernet før middag.Det regna då også, men ikkje så mykje at eg vart gjennombløytt, i alle fall berre litt.



Eg har vore åleine heime i dag, men eg kjeder meg aldri, i alle fall ikkje så lenge eg har PC-en min.Den er viktigare for meg enn TV-en. Eg er mykje på "Reels and short Videos" - og øver på spansken der. Elles har eg no ikkje gjort noko særleg til nytte i dag.

Eg laga middag etter turen ut, og i dag(igjen) vart det pølser og potetstappe-og det er heilt OK for meg. Eg har ikkje problem med dårleg appetitt, snarare tvert om.

Først gjorde eg ferdig ein sudoku i "Pensjonisten", så sette eg meg inn og såg TV, og lenger er eg ikkje komen. No skin sola ute, og viss ho held fram med det skal eg gå ut og plukke nedfalls plommer. Viss eg ikkje gjer det i dag, er det berre å rake dei i hop i morgon og kaste dei i bosset. Eg treng litt opphaldsver no, slik at eg kan få stelt i hagen, det er liksom det eg vil halde på med no, før det blir haust for alvor-og vinter.

                                     Det er godt å kome heim att



 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...