lørdag, august 17, 2024

Dagbok 2024: 17.august



Slik har eg det i kveld: Strikketøy, TV og bladet "Familien" som Solveig hadde med.

Klokka er no 21.54, temperaturen ute er   grader. I dag har veret vore skiftande, vi har hatt både regn,vind og sol . Men mest overskya.
Eg var tidleg på farten i dag, eg skulle handle litt på ALTI, og resten på KIWI. Eg trur eg var heime att før halv 12. Eg kan ikkje hugse i detalj alt eg har gjort i dag, men eg var i alle fall oppe hos Marit ei stund. Då eg kom heim att laga eg meg litt middagsmat. Eg var ute og plukka plommer i graset i dag også, men no hamna dei fleste i bosset. Dei hadde lege for lenge i det våte graset.
Eg laga nokre vaflar til Solveig skulle komme, men no hadde eg nesten gløymt korleis eg skulle lage vaffelrøre også, men det gjekk no relativt bra. Solveig hadde med seg to potteplantar til meg, dei hadde ho dyrka fram sjølv. Det er dårleg med plantar i vnduskarmane mine- eg trur ikkje plantane likar seg der. Eg er no så glad i blomster, så eg håpar dei to nye vil trivast.
Elles sit eg og sjonglerer med to fjernkontrollar til TV-en, det er ikkje alt eg bryr meg om å sjå-særleg ikkje rulleski -som eg synest er heilt teit. Men eg er no ikkje nøydd til å sjå på det heller. 

Elles så stikkar eg lestar til ein som ikkje er fødd enno. Ingen skal fryse på beina i familien så lenge eg kan strikke!
No er det liksom slutt på sommaren, når skulane tek til igjen. Og vi som er er så heldige å vere pensjonistar kan berre halde fram med å feriere.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...