fredag, august 16, 2024

Dagbok 2024 :16.august

Fint når sola er framme -på veg ut Starevegen

 Klokka er no 17.50, temperaturen ute er + 12grader C, det har regna mykje i dag, men det har også vore streif av sol.

På føremiddagen tok eg den såkalla fredagsvasken-med nogo attåt. Då eg var ferdig med det eg skulle gjere inne, ville eg gå på Vernet, men då kom det ei skikkeleg regnbyge så eg måtte vente til  den var over, I ventetida festa eg trådar i dei tre lestepara eg har strikka i sommar. Eg kan ikkje strikke så mykje eg vil, får det toler ikkje venstrehanda, den som eg braut sist vinter.

Men sola kom att og då var eg snar å komme meg ut. Det kan høyrest litt rart ut at desse turane er så viktige for meg. Men eg går ikkje berre for moro skuld, men for å halde føtene friske. Eg har skadar i begge knea, derfor går eg på trening for å styrke muskulaturen rundt knea, og eg må passe på å trene litt andre tider også, med å gå turar t.d.

Det var ikkje så mange på Vernet i dag, men eg trefte ein mann eg kjenner, som eg prata litt med.

Då eg kom heim var det tid for middag, og eg åt samme maten for tredje gong; kjøttkaker i brun saus. Den brune sausen eg laga på onsdag var ekstra god , synest eg.

Elles i dag har eg gjort ferdig sudokuen som eg begynte på i går kveld. Det gjekk greit denne gongen.

Eg måtte sette meg inn i godstolen ei stund og sjå nyheiter og så fekk eg både Møre-nytt og Vestposten og Pensjonistbladet i postkassa i dag, så det var litt å gå igjennom.

Eg har ikkje vore nede i hagen og plukka plommer i dag, så no blir det vel berre å kaste nedfallsfrukta i bosset.Plommene er ikkje etande viss dei blir liggande lenge i graset. Men det blir nok til meg uansett. 

Sidan det er blitt fredag enno ein gong, vil eg ønske alle ei god helg. Dessverre har august skuffa meg litt- for ofte er det den finaste månaden i året-

                                                           Grå dag på Vernet i dag


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...