torsdag, august 15, 2024

Dagbok 2024: 15.august







 Klokka er no18.10. Temperaturen ute er + 17 grader og det er nokså overskya-og så blæs det litt, og det likar eg.

Men ikkje alltid. I går kveld etter eg hadde lagrt meg syntest eg at eg høyrde at det blæs; eg hadde nettopp lagt meg og klokka var ca.1,30. Eg tenkte på alle dei tomme malingspanna som Einar hadde stilt opp. Eg kunne ikkje la vere å sjå etter, men eg verken såg eller høyrde meir til vinden, og i dag stod spanna  heilt fint då eg såg ut.

Eg gjorde meg klar til å fare på VØR - først best, eg trur eg var første "kunden " i dag. Og der stod det ein kjekk mann og tok imot meg og rusket mitt. Han hjelpte til med å tømme bilen og få alt der dert skulle vere. Den tida eg hadde ein takleggar her med meg, var eg ofte på VØR med diverse rot. Men då greidde eg meg sjølv. Men dei gongane eg var usikker på kvar rusket skulle kastast, spurde eg sjølvsagt. Men i dag tok kjentmannen heile jobben, og då han såg at eg hadde ein sekk med hageavfall i baksetet, insisterte han på å ta den også, så kunne eg berre få køyre.  Dei har ord på seg for å vere hjelpsame og kjekke der borte, det er det mange som seier.

Då eg kom heim tok eg runden min på Vernet først best. Det var ikkje mange ute og gjekk i dag, men eg møtte ei nabodame der og ei som eg jobba i lag med ein gong i tida. Kjekt å treffe kjentfolk.

Så vart det tid for å plukke plommer på marka , To bøtter, ei til sylteplommer og ei til matboss-plommer. Det blir sånn 50-50 med sortane. Men det blir nok. 

Det begynte å regne så eg fekk ikkje gjort meir ute då, så eg gjekk inn og sette på klesvask.

Til middag i dag hadde eg restar frå i går, så det var enkelt. Eg har altfor god appetitt, men det er ikkje så mykje å gjere med det. 

Eg strikka ei stund før eg for ut att og såg til plommene, men dei hang på treet så det var greitt. Så var det å ta grasklipparen og klippe oppe ved postkassane, og til slutt spyle klipparen . Nils var veldig nøye på det, og det er han som har lært meg opp. 

No trur eg at eg har fortalt alt eg har gjort i dag. men dette ER ei dagbok, som eg skriv meir og mindre til meg sjølv, slik at eg kan hugse .........

Eg vart litt sjokka då eg oppdaga at det var fredag i morgon-og då kjem det ein vanskeleg SUDOKU i fredagsavisa, som eg tek ut i kveld klokka 10 på nettet. Førre veka trur eg at eg bala med sudokuen heil til laurdag i alle fall.Men det gjekk bra til slutt. Det er hjernetrimmen min!


Det blir litt skeivt når eg tek bilde på altanen. Meininga var å få med naboen sin fine FLOKS. Det rare med den floksen er at det skiftar farge . Den tida eg jobba hugsar eg den frå første skuledagane om hausten. Då var eg litt tidleg oppe og då var floksen nesten blå, seinare på dag var den raud som på bildet.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...