onsdag, august 14, 2024

Dagbok 2024: 14.august


 Klokka er no19.00, temperaturen ute er + 18 grader C, det er lettskya og opphaldsver. Eg skulle eigentleg ha vore på Vernet no, men eg fann ut at eg måtte gjere litt til her heime- før eg tek kveld.

Det har vore ein relativt aktiv dag, Einar har vore her og mala på huset igjen, men han vart ikkje heilt ferdig med det han hadde tenkt, for malarkosten brakk og eg veit ikkje om han mangla maling også.

Før Einar kom hadde eg plukka opp plommer frå bakken og sortert brukande og  ikkje brukande. Og så hadde eg vore på butikken og handla matvarer + at eg hadde plukka alle solbæra ,nesten, frå buske nummer to. Dei var litt overmodne, men tenkte Solveig kunne ha dei til saft.

Einar skulle komme klokka 13, så eg fekk gjort i stand det meste til middagen før han kom. Men vi åt ikkje før han var ferdig å male.


Einar rydda i garasjen og sette ut alt det som eg skal køyre på VØR med. Eg gler meg til den turen. Det vart no litt betre plass i garasjen no, men der er enno overfylt. Det samme er det nede i tilbygget, men eg skal ta med litt derifrå også når eg fer på VØR. Trur det blir i morgon. Nå ikkje Einar tok det med seg i dag, var det fordi malinga var så fersk.( Eg lurer på kva eg skal ha på meg når eg fer bort.)

Eg måtte ned ein gong til for å plukke opp plommer; då kom Erlend ut og litt etter var Amanda her for å hente broren. Dei skulle fram til Lars. Kjekt å sjå barnebarna.

Det er kjåka fullt med plommer på Opaltreet, så det blir vel ein del brotne 

greiner . Eg har sagt at eg kjem ikkje til å klatre opp i treet for å sage greiner i år,  - trur eg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...