onsdag, august 21, 2024


Klokka er no17.30, temperaturen ute er + 20 grader C. Eg kom akkurat att frå ein tur på Vernet.

Eg har ikkje gjort så mykje til gagns i dag, men eg fekk no plukka opp litt plommer på føremiddagen, før Ragnhild kom klokka 13. eller litt før. Vi hadde avtale med fleire som skulle vere med på" Gamle lærarinne-treffet" i Volda, men det var berre Tone som kunne komme i dag.  Vi hadde ei koseleg stund på Kafeen nedst i "Spinneriet." Eg har ikkje vore på den kafeen før, men der var godt utval i mat og drikke. Eg var litt dum for eg kjøpte eit kakestykke som eg er godt kjend med. Ein annan gong skal eg kjøpe noko "nytt".

Vi var der ikkje så lenge og Tone vart henta. Men eg trur vi syntest det var kjekt å treffast

Etter at Tone hadde reist gjekk Ragnhild og eg eit par etasjar opp til NORMAL Å du store all verda! Her var det litt å velje mellom, alt av ansikt-, hår- og kroppspleie elles. Eg trudde ikkje det kunne vere muleg...... Og så kom vi frampå ei snop-avdeling etterpå.....men når ein ser så mykje blir det kanskje til at ein kjøper lite fordi ein ikkje klarer å bestemme seg. No snakkar eg for meg sjølv. Men litt fekk eg kjøpt, og no veit eg kvar eg skal gå ein annan gong eg treng noko i den sjangeren.

Ragnhild og eg køyrde heim til Ørsta, men stoppa i Furene, for Ragnhild hadde eit ærend på COOP. Vi var innpå butikken  og eg sikra meg nokre spekesildmiddagar. Så no skal eg lage middag til meg sjølv. Og no kom sola fram igjen, ho kjem og fer heile tida, trur eg. Eg var glad då eg såg ned i bossdunkane mine, for alle plommene var vekke i den eine og alt  rusk-rasket som var i den andre var og vekk-for alltid.

I morgon er det trening igjen, så no får dagane bein å gå på.





 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 20.september

 Klokka er no18.41, temperaturen ute er 13 graderC. Eg vart skuffa då eg stod opp i dag, inga sol var å sjå og skodda låg heilt ned på jorda...