torsdag, august 22, 2024

Dagbok 2024: 22.august

                                                      Utsikt frå altanen -mot aust
 Klokka er no18.37, temperaturen ute er +20 grader. Det har vore overskya i dag men stort sett opplett, no nettopp kjende eg nokre dropar.

I dag har det vore ein roleg dag. Eg var på trening 10-11, men så køyrde eg rett heim. Eg skulle klippe plen i dag, og det gjorde eg, men først måtte eg plukke plommer -nedfallsplommer stort sett. Dvs.eg klipper greiner og plukkar plommene av. Eg ser fram til at det skal bli plommefritt i treet, for eg har plukka frykteleg mykje, og halvparten, minst, går i bosset. Treet letnar litt etter litt ettersom både plommene og greinene blir borte.

I dag skulle eg klippe plen , og dei dagane eg gjer det, skulkar eg Fonnvernet. No har Gudmund heilt tatt over å klippe ovafor garasjen, men resten klipper eg sjølv.Eg er ikkje så flink til å klippe pent, men det får halde. Det er forresten ikkje så lett å klippe pent når undelaget er så mjukt, men eg er ikkje så nøye på det.

Ein ting som ergrar meg litt kvar gong eg skal klippe er rabarbraen,den er planta midt i plenstykket nedanfor garasjen. No vil eg ha den vekk. Eg har greve opp rota, men så er det slik at rabarbraplanten har fått ein støypt ring rundt seg. Det var ein veldig god ide i si tid, men for meg vart det eit lite problem kvar gong eg skal klippe plen. Eg hugsar den tida då det var Nils som klipte og eg ville plante både her og der, då påla han meg alltid å finne ein plass som ikkje kom i vegen for klipparen.

Eg lurer på korleis eg skal få opp den støypte ringen, men eg finn vel ei råd

Eter at eg hadde klipt ferdig gjekk eg inn og tok meg litt mat, så sette eg meg i godstolen og sovna ei lita stud. Eg hadde kveikt litt i omnen, brende litt papirrusk etc.+ litt thuja-ved.

Så var det ut igjen og plukke meir plommer og rydde opp litt. 

No skal eg finne meg litt mat igjen -det passar vel med middag no snart. Fredag i morgon igjen, eg kan ikkje hugse at helgane kom så ofte då eg var i arbeid. Fredagane vaskar eg huset-meir og mindre,elles har eg ingen planar.

                                          Plommetreet minkar litt kvar dag,

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...