lørdag, august 24, 2024

Dagbok 2024: 24.august


Klokka er no 18.02, temperaturen ute er +16 grader C, akkurat no er det opplett men det har vore nokre lette regnbyger i løpet av dagen. Ikkje verre enn at det gjekk an å vere ute.

I dag føre middag gjekk mykje av tida til å prøve enda ein gong å fullføre sudokuen. Eg var i ferd med å gi opp, men så kom løysinga og eg kunne tenke på andre ting. Til dømes:Kva skal eg gjere i dag? Dei halvrotne plommene er eg mektig lei av, men dei må no vekk på ein eller annan måte. Eg bestemte meg for å gjere ein innsats i dag også. Eg har ei stor saks med lange handtak, så eg gjekk i gang med å klippe greiner. Plommene flaug hit og dit, men eg tok vare på dei som var fine. Dei andre går i bosset. Eg skulle eigentleg ha nådd litt lenger opp, så eg henta trappestigen. Det var ikkje så enkelt for meg å stå i stigen og klippe, så det slo eg frå meg.Alt fekk eg ikkje ned i dag heller, men eg hadde eit par svarte sekker med greiner, så det blir snart ein tur på VØR igjen

Heilt nede i hagen står der eit mindre plommetre, det er Victoriaplommer, det treet har aldri vore stort og sist eg klipte det, vart det veldig lite. Men i år er der masse store Victoriaplommer på det, det vil seie på eine sida, den sida som vender mot aust, på vestsida var det ikkje ei einaste plomme, så eg klipte nokre greiner der. Treet er lite, så greinene låg heilt ned på jorda. Eg ser fram til gode plommer når dei ein gong vert modne.

Då ville eg ikkje meir, så eg tok klipparen og klipte rundt opaltreet, slik at rusket vart vekk. Etterpå klipte eg plen oppe ved postkassane før eg vaska /spylte klipparen. Eg spyler alltid klipparen rein etter bruk. Nils lærte meg opp til slike ting.

Eg hadde ikkje tenkt på middagsmat i dag, eller lunsj var det vel, så i dag laga eg noko lettvint som eg synest er godt.

 Rå grønnsaker av det ein har. Her: kål, gulrot, tomat, agurk, paprika, med salat-ost i olje.

Til "dessert" - ei grovbrødskive med eksta lagra kvitost + kaffi. Slike måltid kan ein lage når ein bestemmer alt sjølv. 


I går var eg på KIWI og handla, eg skulle blant anna ha brød. Dei hadde tilbod på brød, 10 kroner billegare enn vanleg. Der var lite att i hyllene, så eg vart ståande å sjå på det som var der. Der var ei dame til som stod der, og ho anbefalte dette brødet. Og JA det var kjempegodt, men det er sjølvsagt dyrt og elles så er det ikkje noko ein kan ete for mykje av-for det tek si tid. Eg skal ha det til dessert/kaffimat har eg tenkt.

Eg lurte på kva meir eg ville gjere i dag, det vart til at eg tok ein tur på Vernet.

Eg har ikkje "spøt"- men finn vel litt garn som eg kan lage noko av-

I morgon skal eg passe katten til Marit, for ho skal i barnedåp til oldebarnet.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...