fredag, august 30, 2024

Dagbok 2024: 30.august





Klokka er no ca 17.00, temperaturen ute er ca 13 grader C og det regnar så smått, det er med andre ord ikkje hagearbeids-ver. Så i dag har eg ikkje fått unna anna enn fredagsvasken-og det var inne.

Eg hadde mange planer for dagen-men det vart ikkje noko av dei. Eg tok sjølvsagt fredagsvasken og så begynte eg på sudokuen i Møre-Nytt, dvs. eg begynte i går kveld , men kom ikkje i mål og så begynte eg om att i dag, og måtte gi meg på det. Eg tok meg litt lunsj og så blei det ein tur på Vernet. Håper eg fekk klarna hovudet, for eg SKAL få til den sudokuen.Eg hadde også ein plan om å fare til Volda og kjøpe garn, men det får eg heller gjere i morgon.

Eg går no her åleine heile dagane no, for Marit kan ikkje gå ned til meg på grunn av trappa.Så lenge eg kan jobbe i hagen treng eg ikkje så mykje selskal, men no er det ikkje kjekt i hagen. Skråninga er full av nedfalls-eple, men eg går ikkje og plukkar dei opp. Før gjorde eg det, og då laga eg nydeleg eple-jus, men så gjekk pressaren sund, og så vart det ikkje meir av den sorten-

Eg ser på FB at Einar har vore ute på gata i Ålesund og intervjua Kronprinsen, Mette-Marit og Sverre Magnus på gata.

Eg er lei av heile styret med bryllaupet til Märta Louis, kvifor i all verda skal dei to ha slikt styr rundt seg. Dei er no ikkje så kongelege heller. Men eg las om presten i Ulsteinvik og hennar vennskap med Mârta  osb. At heile Norge skal skake seg opp med andre bryllaupet til prinsessa. Det forstår eg ikkje. Men det er no ikkje så nøye med.



Eg ser på veret og forstår at eg etter kvart må gjere diverse arbeid inne, for eg MÅ ha noko å jobbe, noko nyttig, elles går eg på veggane. Heldigvis har eg eit heilt hus + ein garasje og eit tilbygg- og alle stader trengst det opprydding, så det er berre å sette i gang- OVER HELGA

I morgon er det siste dagen i august; den 31 august 1899 vart far min fødd.Eg har rekna ut at det må vere 125 år sidan. I gamle dagar var pappa sin bursdag siste dagen i sommarferien, for 1.september begynte skulen etter ferien, så sant det ikkje var ein sundag.

KL.19.05: Margrete rimgde på telefonen min mens eg sat og skreiv. Ho var her, hadde køyrt Erlend hit. Så no har ho og eg skravla og prata ei stund og drukke kaffi. Det var kjekt å få besøk.


Støtt når eg går på Vernet ser eg utover bygda, og registrerer at  det har blitt mykje bygt her sidan vi kom til bygda for nærmare 60 år sidan. Då var det kome ein del hus på Vallabøen, men Mosmarka var ikkje bebygt før lenge etterpå- Men sjå no!
 



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...