torsdag, august 29, 2024

Dagbok 2024: 29.august

Klokka er no 16.10,temperaturen ute er + 17 grader og det plaskregnar ute no. Då eg stod opp i dag var det +20 grader, minst, og stålande sol. Og det var fint til langt ut i treningstimen, men då kom det ei regnbyge. Då eg kom heim att var veret bra, så eg ville gå ein tur på Vernet, som vanleg, Marit har eit "apparat" som ikkje berre viser korleis veret er, men ser også litt inn i framtida. Ho opplyste meg om at det var ein time til neste byge kom, så då rakk eg ein runde før middag ,det gjekk nesten opp, men siste metrane heim fekk eg nokre regndropar. Det gjorde ikkje så mykje. 

Det vart lettvint middag i dag, for eg hadde så mykje att frå i går art det vart nok i dag også. Etter at eg hadde ete sette eg meg inn i godstolen med eit pledd rundt meg og såg TV, men sovna ei lita stund i dag også , og det gjer berre godt. 

No har eg vore ute og funne meg eit par vedskieer og kveikt litt i omnen for å få opp tempen.

I dag vurderte eg å køyre til Volda og kjøpe slikt garn som eg likar, men så tenkte eg at kanskje Margrete kom snart for å hente genseren til Daniel og då kunne eg få henne til å kjøpe garn. Her i Ørsta er det lite utval i garn, synest eg, og eg trur ikkje dei har den sorten eg vil ha. Eg strikkar no helst berre på bambus-pinnar og dei er mjuke på ein måte- så det røyner ikkje så mykje på venstrehanda, den som eg braut. Heilt god er den ikkje enno.

I morgon er det fredag igjen, synest at vekene går farleg fort. Fredag i morgon? Då kan eg hente ut ein vanskeleg Sudoku på nettet i kveld klokka 10. Så har eg noko å henge fingrane i nokre dagar. Førre veka kom eg i mål på laurdag føremoddag. Eg plar løyse alle, men somme tek lang tid. Det er gymnastikk for hjernen, seier eg. 

Eg får ikkje gjort noko i hagen i dag, der er ikkje så mykje å gjere akkurat no, men eg å passe på og plukke plommene før dei dett ned.  Det er Victoriaplommene som modnast no og dei vil eg gjerne ha, for dei er store og gode.

No er det snart tid for å klippe ned og rydde opp i hagen, men eg håper på ein liten Indian Summer.

No ringde det på døra og det var ein ung litt svart mann som ville ha pengar ttil flyktninghjelpen. Eg har diverse som eg  støttar med eit beløp kvar månad, og det ordnar dei i banken. Eg kan ikkje hjelpe alle, sjølv om dei treng hjelp. 

Eg tenkjer på dette med hjelp når eg ser kva som blir brukt til OL til dømes. No har vi hatt vanleg OL og så set dei i gang eit OL for handikappa, nesten like voldsomt. I går då dei heldt på å komme med ilden-såg eg eit bilde i tanken på ein kronprins som sprang opp og kveikte ein ild. I Lillehammer. Eg er ikkje imot å ha OL, men det blir litt for voldsomt etter kvart. På ein annan stad i verda er det krig og svolt og død. Og ikkje berre ein stad. 

For morgondagen har eg ikkje andre planar enn å ta fredagsvasken.




 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...