onsdag, august 28, 2024

Dagbok 2024: 28.august

Klokka er no20.20, temperaturen ute er  20grader C, det har vore ein fin dag med ein god del sol. I dag morgon visste eg ikkje kva eg skulle bruke dagen til for det var ingen ting eg hadde lyst til. Men for å komme i gang heiv eg noko gammalt skrot inn i bilen+ diverse sekker med hageavfall og køyrde bort på VØR  Eg stolte på at eg trefte like kjekke karar der borte i dag som sist eg var der. Og det gjorde eg, så då var eg i siget. Då eg kom heim gjekk eg ein runde på Vernet før eg tok meg ein matbit. Måtte kvile litt etterpå, men så kom eg meg ut i hagen og plukka plommer og eple frå marka . Dei hamna i bossdunken.

Så sette eg i gang å klippe plen. Første stripa vart litt for djup for eg hadde gløymt å stille opp att klipparen frå sist eg brukte den. Eg klipte rundt huset, og så gjekk eg løs på Skråninga, eg ville klippe så lenge eg hadde bensin. Men bensinen var så dryg at eg vart så å seie erdig med Skråninga også. 

Då eg kom opp på tunet var naboen i gang med å klippe plenen min ovafor garasjen. Eg snakka litt med han, for han har sagt at eg skal kjøpe bensin i småbåthamna, eg var der ein gong og såg, men forstod ikkje kvar bensinen var.

Naboen var snar å seie at vi skulle fare ned der akkurat no, for han skulle også kjøpe bensin. 2 minutt etterpå var vi på veg. Eg hadde 2 5-liters kanner og så fekk eg sjå korleis eg skulle gjere det, for det var sjølvbetjening . Og der fungerte kortet mitt-det gjer det ikkje på SHELL. Eg forstod kva ein skulle gjere, men tvilar på om eg kan greie det sjølv ålene.

Det vart ein litt hektisk slutt på arbeidsdagen, men eg tok meg tid til å lage middag då eg var heime igjen. Det vart pølser og potetstappe(heimelaga)+ grønsaker. Så no er eg mett både av maten og dagen. Eg likar best dei dagane eg får drive på å jobbe fysisk. I morgon er det trening igjen.




 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...