mandag, august 26, 2024

Dagbok 2024: 26 august



 Klokka er no 15.42, og akkurat no regnar det ikkje, men det har det gjort før i dag-og ikkje lite heller.

Det er ikkje muleg å få gjort noko ute, så då må einfinne på niko inne. Eg fann på å koke plommesylte av 5 kilo plommer som eg fann i frysaren. Der er meir enn 5X5 igjen, så dette var berre begynnelsen. Eg kunne godt ha kokt meir, men hadde ikkje fleire store glas. Elles brukar eg no å sylte heile året, så sant eg har bær eller frukt i frysaren.I dag vart det 7 store glas med sylte, og det er stortsett det eg et påskivene, så det går vel med.

Etterpå var eg opp til Marit og fekk høyre om den store barnedåpen på Straumshamn. Det var jenta til Stian og Anja som var dåpsbarnet. Og Marit får lov å vere oldemora hennar. Vår Amanda  var fadder mellom andre -det var eit stort selskap men slekt frå fjern og nær. At Amanda var fadder kom av at ho er venninne med Anja.

No har eg ete noko som eg kallar middag, og så håper eg at veret blir slik at eg kan gå ein tur etter kvart. Eg får ikkje ut av hovudet mitt at det er søndag i dag, enda eg veit at det er mandag. I morgon er det trening igjen.

Marit og eg brukar å prise august og seier at det er finaste månaden i året, det tek vi tilbake. Det er ikkje sommar i august i år, sommaren var i mai- og sidan har vi knapt sett han-

Men eg fekk ei god melding på Messenger no. Rasmus skal på "foretningsreise" til Sunndal i veke 43, måndag -torsdag, og då kan han kanskje komme innom Ørsta også, slik som i fjor haust, då var han til Mo i Rana. Det er noko å sjå fram til. 

Elles ser eg fram til at det skal slutte å regne så eg får gå ein tur.

PS: Det blei ingen tur i dag, men i morgon.... 

No fann eg namnet på den raude rosa mi,. Ho heiter Nina Weibull.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...