lørdag, august 10, 2024

Dagbok 2024: 10.august



Klokka er no 16.48, temperaturen ute er14  grader og det har regna litt innimellom, no ser det ut til  å lette opp litt, slik det plar gjere på slutten av dagen. Men alt ute er vått, så det fristar ikkje å plukke bær og plommer til dømes. Heile føremiddagen gjekk eg berre her utan å gjere stort anna enn å fyre i omnen -og jobbe med sudokuen. Og jammen greidde eg å få den til denne gongen også, endå det såg umuleg ut ei stund. Eg innbiller meg at eg skjerpar intelligensen med dette, men kven veit. Eg letna i alle fall i humøret, såpass eg kom meg ut og gå på Vernet. 

Der var ikkje mykje folk i dag, men det er no heilt greitt, Då eg kom heim att tok eg ein tur på KIWI og kjøpte litt matvarer. 

Elles har eg gått og ropt på LOLLO , katten til Marit, men den har ikkje vist seg verken i gå kveld eller i dag, så no lurer eg på om det har hendt henne noko. Ho er no ein relativt gammal katt, så det er ikkje så utenkeleg at det kan skje noko.

Det er sørgeleg med alt dette regnet. Eg har ikkje plukka alle bæra mine, og plommene er berre så vidt begynt å bli modne, dei blir fort øydelagde i dette veret.

Blomstrane og alt som veks  blir meir og mindre øydelagt av alt dette regnet, men plenen veks godt og er frisk og grøn, og mosen har det vått og godt og blir enda mjukare å gå på. Men dette er noko ein ikkje kan gjere noko med. Eg hadde gledd meg til fine varme august dagar .og kveldar, men no er det berre å halde seg inne.

                                                                Stakkars plommetre

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...