fredag, august 09, 2024

Dagbok 2024: 9.august



Klokka er no 16.57, temperaturen ute er + 17 grader og det regnar. Eg er skuffa over August i år, for det var spådd at den skulle bli veldig fin. Men det var feil. Eg fyrer i omnen og held meg inne enn så lenge. I går var det no råd å vere ute ei stund i alle fall, men i dag held eg meg inne og fyrer i omnen. Eg har brent så mykje rusk at den var heilt svart innvendig, så no prøver eg å brenne reint med Thuja -ved, eg veit ikkje om eg lukkast. 

Ellers har eg no tatt fredagsvasken og i tillegg støvsuga teppegolva. Støvsugaren var heilt rå i dag, det var så vidt eg greidde å bevege den, det var val fordi Margrete hadde opna så eg hadde fått skifta "pose" Så laga eg pannekaker til middag for å få bruke opp melk som var ute på data; det var no heilt greit. Eg plar ikkje handle på fredag til vanleg, men ventar til laurdag. 

I går då eg var på ALTI såg eg at bakarbutikken hadde oppslag om at dei selde brøda til halv pris siste timen dei hadde ope.(18-19) Eg har sett slike oppslag før, men då galdt det berre laurdag

No har eg hatt ei kvilestund  med sudoku, men eg har enno ikkje kome i mål, så det er eg heller ikkje fornøgd med, det er mykje å gramme seg over akkurat i dag. Og Marit har reist på hytta, så eg skal vere kattepassar i helga. Det er no heilt greit. 

No ser det ut til at det kan lette opp ei stund, så då får eg kanskje mosjonere litt. Eg går ikkje opp på Vernet når det regnar og blæs. 

Det er fredag og eg ønsker at alle får ei god helg!



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...