torsdag, august 08, 2024

Dagbok 2024: 8.august

 

Klokka er no17.38, temperaturen ute er + 18 grader og det er skya, men opplett, fint arbeidsver. men eg har no ikkje arbeidd så mykje.

Det første eg gjorde i dag etter frokost etc. var å køyre ned på ALTI. Eg brukar å ta kalktablettar kvar dag, etter legens ordre, og no hadde eg vore lens nokre dagar.Etter at eg hadde vore på apoteket tok eug ein runde i andre etasje for å sjå om der var like mykje fint som på ALTI på Eid. Det var der ikkje. Butikkane på Eid hadde masse fint i fimne fargar etc. Det var det ikkje her. Men...vi har andre butikkar her i Ørsta som sikkert kan varte opp med fine klede.

Eg handla på KIWI på heimvegen, og då eg kom heim gjekk eg ein liten runde på Vernet. Der kom dei med ein stor arbeidsbil i dag, men kva dei gjorde veit eg ikkje.

Men så var der kome hestar igjen og det er så kjekt-vi ser ikkje så ofte husdyr vi som bur her, einaste vi kan møte på er kattar og hundar.


Marit kom ned ein tur, såpass vi fekk prate litt.  Ho skal på familiesamling på hytta i helga så ho får det sikkert kjekt der. Elles har vi no altid muykje å snakke om. Då ho gjekk opp att åt eg resten av suppa som eg har hatt heile veka, så rydda eg kjøkkenet før eg gjekk ut, Der gjorde eg tre ting. 

Først bar eg nokre bøtter med singet frå huset og opp mot vegen. Singelen vil alltid komme nedover, og så blir det for lite oppe. No har eg bøtt litt på det, med skal ta meir ein annan dag. 

Jobb nummer to var å plukke rips. Vi har berre ei ripsbuske att- og det er nok.  

Den tredje jobben var den eg likte minst, for då måtte eg gå og plukke opp plommer frå graset under treet. Fann eit par som var etande, men mesteparten hamna i komposten. Som vanleg. I år kjem det til å komme mange brotne greiner også. Eg får sjå å leige meg eit barnebarn til å sage greiner av treet etter kvart. Eg synest eg er for gammal til å klatre opp i treet for å sage.Men kven veit kva eg kan finne på.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 19.september

  Klokka er no17.45, temperaturen ute er + 20 grader og vi har hatt ein fin sommardag i dag igjen. Eg var på trening som vanleg om torsdagar...