onsdag, august 07, 2024

Dagbok 2024: 7.august


 Her er vi samla i stova på Hildegard: Elin, eg, Amanda og Bodil. Det må vere Margrete som tok bildet. Eg fekk ikkje tatt særleg med bilde i dag for eg hadde ikkje ladda opp telefonen. Det er bra typisk meg.

Klokka er no 20.30, temperaturen ute er + 17 grader og no er det opplett. Men vi har treft på ei og anna regnbyge i dag. Eg har nemleg  vore ute og reist i dag, heilt til Eid har vi vore. Amanda som bur i Ørsta for tida kom og henta med med sin eigen bil, så bar det til Volda og med ferje over fjorden og ein liten biltur til Margrete sitt hus. Der gjekk vi over til Margrete sin bil og så gjekk det i full fart til Eid. Det føste vi gjorde var å sjå innom gravplassen, der besteforeldra mine, foreldra mine og bror min er gralvlagde ved sidan av kvarandre.  

Vi skulle besøke Bodil i dag, men visste at ho var på Stårheim, men skulle komme att seinare. Vi skulle sjå oss litt omkring i sentrum i mellomtida, men vi vart sittande ved vinduet på kaféen på ALTI. Der drakk vi kaffi og åt litt, mens vi hadde god utsikt til eit kjempestort passasjerskip. Eit litt mindre skip låg lenger ute i fjorden. Det største var tydelegvis tysk, det såg vi av teksten som var måla på skroget. Mens vi sat der ringde Bodil og sa at ho var komen heim. Det freista ikkje å gå tur i gatene , til det regna det for mykje, men vi gjekk og såg oss omkring i butikkane, utan å kjøpe så mykje.

Så kom vi på Hildegard (heimen er oppkalla etter farmora mi, som heitte Hilda.)

No er det berre Bodil som bur der fast, sidan bror min døde. Men vi hadde mykje å snakke om, og etter kvart kom Elin, systra til Bodil også. Vi hadde ei veldig kjekk stund. No har eg sjølvsagt kontakt med Bodil på FB etc.Men det er noko anna å treffast "live". Takk til alle som gjorde dagen min til ei fin oppleving. Og ei særleg takk til Amanda som fekk meg trygt heilt heim. 


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 19.september

  Klokka er no17.45, temperaturen ute er + 20 grader og vi har hatt ein fin sommardag i dag igjen. Eg var på trening som vanleg om torsdagar...