mandag, august 12, 2024

Dagbok 2024: 12.august


                                                                  Ein nydeleg morgon

No er klokka 18.54, og det er snart tid for dagsnytt. Men de kan vi no sjå og høyre når det passar..

Det er + 19 grader C ute no det har kome skyer på himmelen no, men det har vore ein strålande dag. Eg har vore ute og jobba det meste av dagen, for det var mykje som trong litt stell. Då tenkjer eg på hagen, og tre og plantar der.

Eg begynte med å plukke opp plommer frå graset og sortere det eg ville ha .og det som gjekk rett i komposten. Plommene ligg ikkje lenge på bakken før alle slags kryp vil ete dei. Det var ikkje mange som fekk komme i frysaren. 

Elles så stelte eg med blomsterbedda mine etc..Eg likar å halde på med slikt utearbeid. Og der er alltid noko som treng å bli ordna på. Marit kom ned ein tur og fortalde om helga på hytta med heile storfamilien.

Så tok eg fram klipparen og klipte plenane rundt huset, men Skråninga fekk stå så lenge.

Eg var inne og tok meg litt mat, då måtte eg velje kva eg skulle gjere etterpå; gå tur på Vernet eller klippe Skråninga. Eg valde det siste og det gjekk bra heilt til klipparen takka for seg. Eg tenkte det var startbatteriet som var overforbrukt, så eg gjekk inn og sette det på ladding, men då eg kom ut var det like ubrukeleg, eg måtte ladde meir, fann eg ut. Men då eg kom ut andre gongen, virka det heller ikkje. Eg gjore klart for å avslutte jobben, men DÅ virka batteriet plutseleg og eg fekk klipt heile Skråninga, 

Etterpå tok eg beddet nedafor garasjen og diverse andre småjobbar. Eg var sliten og trøtt og skitten, så det var  rett i dusjen. Og no skal eg lage middag, eg trur det blir pølser i dag, for det hastar.

I morgon skal vi begynne på treninga igjen. Eg føler ikkje at eg treng så mykje trening, men kven veit ?







Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 20.september

 Klokka er no18.41, temperaturen ute er 13 graderC. Eg vart skuffa då eg stod opp i dag, inga sol var å sjå og skodda låg heilt ned på jorda...