torsdag, desember 25, 2025

Dagbok 2025:25.desember


 Klokka er no ca kvart på 8, temperaturen ute er +5 grader C, og det regnar litt.Ikkje akkurat julestemning  ute , men eg er glad for å sleppe snøen.

I dag har eg vore heime åleine heile dagen, før om åra har eg invitert alle hit2.juledag og då har eg hatt nok å gjere 1.dag. Men i år skal vi alle til Solveig 2.dag, så då er det ho som jobbar i dag. Eg skal sitte på med Margrete denne gongen, og vi har no med oss litt kaker etc. til festen. Det er Solveig som har best plass, for no er vi mange, og dei som veks opp treng meir plass for kvart år som går.

Eg har gått i "gamlekleda" i dag og gått ut for døra så vidt, har mata katten til Marit og henta ved til omnen, Elles har eg sett mykje TV, men ikkje strikka, for hørgrehanda er framleis ikkje heilt god- og eg veit ikkje om den blir det nokon gong heller. 

Eg ser fram til morgondagen, det er så kjekt å få vere i lag med alle. Litt rart i går, når guten til Håkon, Amund, kalla meg oldemor-men det er no det eg er. Svigerinnene mine Bodil og Mimi har mange fleire oldebarn enn eg. Eg har berre 2 så langt.

Eg vil ønske alle som er innom bloggen min ei fortsatt god jul.

onsdag, desember 24, 2025

Dagbok 2025: 24.desember. Julaften

 




God jul! Klokka er no 23.25 og det er ei lita stund sidan eg kom heim. Øystein køyrde meg heim i år også, i fint ver,ikkje snø og ikkje regn og ikkje kaldt.

Det har vore ei fin julaftan . Einar henta meg her, så var vi ned og såg  til Nils si grav, og såg etter om lysa brann. Så køyrde vi, dvs. det var Einar som køyrde i dag, og på Hareid var vi først ein tur på kyrkjegarden før vi for heim til Solveig og Øystein. Olaug, Thomas og Tobias var der , og Audun, Håkon og Amund også, Så i år var vi mange. Men der var rikeleg mat og drikke og alle åt godt.

Pakkehaugen under juletreet var større enn nokon gong og eg trur vi brukte fleire timar på utdeling og opning. Alle vart glade for tinga dei fekk-og sjølv fekk eg mykje som eg ikkje på førehand hadde trudd at eg mangla, Eg er enno ikkje ferdig med å få alle tinga på rett plass her.. 

Eg får nesten dårleg samvit fordi eg har det så godt, mens andre i verda svelt og frys og lid. Men eg må få lov å vere glad for at eg har ein familie som bryr seg om meg. Eg sit her i eit litt kaldt rom no, men på meg har eg ein tjukk og varm genser som Margrete har strikka til meg. Det var kanskje den største overraskinga i dag

Eg ønsker alle som er innom bloggen min  fleire gode juledagar !

tirsdag, desember 23, 2025

Dagbok 2025: 23.desember


Klokka er no 18.12, temperaturen ute er ca 0 grader C- det er skya, men opplett . Det var kaldare tidlegare i dag, så det kan sjå ut som om det blir "varmare" etter kvart.

I dag hadde eg ikkje så mykje å gjere, skulle berre ha ein tur på butikken og så på grava. Men aller først måtte eg opp og gratulere Marit med 87-års-dagen.

Då eg kom ned på gravplassen såg eg at der var møtt opp ein del folk,, og etter kvart forstod eg at der var gravferd, så då reiste eg heim, men ned igjen etter ei stund. Då var den nye grava ferdig stelt. Eg hadde med meg små lys og sette eitt av dei inni buret på gravsteinen. Og så hadde eg kjøpt eit stort lys i eit glas, det skal kunne brenne i 4 dagar, så får vi sjå. De ser det til høgre i bildet. Til venstre ligg kransen som eg kjøpte før i veka, men alt er kvitt av rim.

Eg hadde ikkje tenkt å gjere så mykje i dag, men det er litt trasig å sitte framfor TV-en utan å strikke. Handa mi er nesten heilt bra no, men eg veit ikkje kva som skjer viss eg begynner å strikke igjen no.

Eg har ikkje gjort mykje i dag, men ut på ettermiddagen fekk eg besøk av alle 4 barna til Margrete, to av dei er no langvegsfarande, Ingeborg frå Oslo og Eirik frå Trondheim. Dei skulle fram til faren som bur i Mosmarka og besøke han.

I morgon skal eg til Hareid og feire jul hos Solveig og familien. Einar kjem og hentar meg.

Eg skriv ikkje julebrev og julekort lenger. Dei fleste eg har kontakt med les her på datamaskina. 

Eg vil ønske alle som er innom bloggen ei god jul og eit Godt nytt år. Verda er ikkje så fredeleg lenger så ønska våre er nok meir inderlege enn før.

God jul og godt nytt år ønsker eg alle.




mandag, desember 22, 2025

Dagbok 22.desember 2025

 


Klokka er no20.20, temperaturen ute er minus 2graderC og det er ikkje verken snø eller regn. Fint eigentleg.

Dagen i dag begynte med at eg var altfor trøtt til å stå opp. så etter at eg hadde fått frokost la eg men ned på Dagsenga mi. Men så måtte eg hugse å gratulere Marit med 87-årsdagen, Eg sende melding, som ho takka for, men minte meg på at dagen var i morgon.

Litt etter kvart kom eg i gang så eg fekk vaska kjøkken og bad. Eg er heilt i beit for kva eg skal gjerenår eg ikkje kan strikke. Det må eg nok vente litt meir med, for høgrehanda er ikkje god.

Då det leid på dag kom Margrete innom med pakkane som skal til Hareid. Då fekk vi drikke kaffi og prate ei stund før ho reiste heim til barna sine, dei skal vere hos mor denne julaftaen.

Eg skal ut til Hareid, både julaftan og 2. dag. Andre juledag blir det fullt hus; då skal alle vere der, både store og små i alderen frå 1 til 85 år.Før har vi brukt å vere her hos meg 2.dag, men flokken veks, og Solveig har betre plass. Og eg blir eldre for kvart år.

I morgon fyller Marit 87 år, så då skal eg opp ein tur. Elles har eg tenkt meg på butikken , og så skal eg stelle litt finare til å grava.

Det som manglar er at eg ikkje fekk stelt håret mitt til jul. Eg syntest eg var ute i god tid, men der var ikkje ein einaste time igjen hos frisøren, då eg kom så langt at eg skulle bestille

Eg skriv ikkje julebrev eller kort, for eg veit at mange les bloggen, så får det vere julebrev godt nok.

Eg ønsker alle som er innom her, og alle andre også ei god jul og godt nyttår. Måtte vi få eit år utan krig og elende i heile verda.


søndag, desember 21, 2025

Dagbok 2025: 21.desember

Klokka er no 17.50,temperaturen ute er minus 2 grader C, det er opplett og fint. På bildet over ser vi korleis det såg ut i dagmorgon. Vakkert , men litt kaldt.

Eg visste ikkje korleis det var med opne butikkar i dag, men trudde  at det var vanleg med søndagsope  rett før jul, så eg trudde på det. Det var noko eg skulle ha i Furene, og om der ikkje var andre opne butikkar, så var der i alle fall ope på Plantasjen. Eg ville  alle fall ut ein tur,så eg tok bilen og for.
Det var veldig fint ver, og då eg nærma meg Furene var det til og med sol. Is var det alle stader, men det var ikkje problem-ikkje før eg gjekk ut av bilen utanfor Coop. Eg gjekk og såg på alle butikkane ,men ingen var opne. Berre PLANTASJEN, der gjekk eg inn og såg meg om utan å finne det heilt store, men eg kom på at eg kunne kjøpe gjødselpinnar til ein plante eg har, som ikkje har nok farge på blomstrane; ho eg kjøpte blomsten med hadde gitt meg eit råd.
Eg vart ikkje så lenge verande, men køyrde beine vegen heim.-til KIWI, for der visste eg at dei skulle ho ope i dag. Eg parkerte og gjekk mot døra; det var det ein plakat som sa at dei skulle opne klokka 14, eg såg på klokka-kvart på! Nei då ville eg heller ned i morgon.
Eg hadde ikkje vore heime så lenge før det ringde på døra-og der stod Audun, og då var eg sjeleglad for at eg var her. Han kom med julegåver til Margrete-familien  frå Solveig og Øystein, så dei må hentast her. Reknar med at Margrete kjem ein tur. Audun hadde med seg "Tørre vafler" frå Solveig, det er dei beste tørre vaflene eg har smakt, så eg trur ikkje dei blir så gamle her i huset. Eg hadde andre tørre kaker som eg har kjøpt på butikken, så det vart eit lite kaffiselskap for Audun og meg. For meg er det veldig kjekt med slike einmanns-selskap, for då er det mindre plage med hørselen (Eg er ikkje flink å bruke høyreapparata mine) No har eg slappa av og sett litt TV, eg kan ikkje strikke, for høgre handa er ikkje god, og eg trur det er strikkinga si skuld. Så då får eg ta strikkeferie. I morgon har eg berre litt jobb med å vaske litt og rydde til helga. JUlaftan skal eg til Hareid.

 

lørdag, desember 20, 2025

Dagbok 2026: 20. desember.

Alle naboane har så mange fine lys på husa sine ril stor glede for oss som ikkje har pynta så mykje. Så i dag sette eg ut ei lita lykt med levande lys, og etter som der er farga glas på lykta blir det no LITT fint

Klokka er no18.10, temperaturen ute på trappa mi er +3-4 grader og det regnar.

På føremiddagen var ikkje veret så verst, så eg fekk no somla meg til å fare på butikken. I første omgang fekk eg kjøpt ein krans til Nils si grav ; også var eg ned på gravplassen og pynta etter beste evne; men det var ikkje så enkelt for den store lyngplanten ,som eg hadde ned for ei tid sidan, stod der like stor og fin og tok opp mykje plass.Men eg fekk no plassert julekransen og tent eit lys i dag, så skal eg finne noko meir å ha der ein annan dag. Så handla eg litt mat på heimvegen.

Eg var litt bortkomen i dag, for eg fekk ikkje styre på slik eg ville, på grunn av at eg har strikka så mykje med tynt garn og tynne pinnar, så handledda mine er ikkje gode og ikkje resten av armane heller.I tillegg har eg ein vond rygg. 

Det er mykje som kjem til med alderen. I dag har eg ikkje strikka og smått om senn fekk eg støvsuga litt og så strauk eg nokre klede. Eg hadde lyst bort i Furene , men eg kom meg ikkje av garde i dag heller. Eg tek kanskje ein tur på Plantasjen i morgon for der er det alltid ope på søndagar etter kl.12.Eg har ikkje så mykje å gjere til jul, for Solveig har tatt på seg å lage familieselskap 2 dag- Det har eg brukt å ha før. Men ho har så mykje betre plass, og familien veks.

Eg ser fram til å møte barnebarna som kjem heim til jul. (Og dei som er her også, sjølvsagt)


 

fredag, desember 19, 2025

Dagbok 2025: 19.desember


 Klokka er no 16.20, temperaturen ute er+6 grader C og det regnar; eg likar ikkje snø, men ikkje regn heller; det einaste godet med regnet er at vi slepp å måke det. Dette har vore ein litt annleis dag, i og med at eg begynte å vente på  rørleggaren   allereie då eg stod opp klokka 6. Men føremiddagen gjekk unna utan at nokon viste seg. Eg fekk ein telefon som eg ikkje greidde å svare på -det tok si tid før eg fekk kontakt, men då var det like før han kom. Eg var oppe hos Marit då eg såg bilen på tunet. Det vart til at han skifta ut heile klosettet , og det er eg godt nøgd med. ( Eg vart ikkje spurd )Prisen veit eg ikkje enno, men det frå vere julegåva til meg frå meg(og rørleggaren).

Det var noko anna kjekt også som hende i dag, eg fekk to brev i postkassa, det eine frå Olaug jr. som bur i Bergen, der var det mange bilde av junior Tobias som flylte 1år den 1. November.Han er ein stor og kraftig kar allereie.

Det andre brevet var frå Audun og Elisabeth som bur i Oslo, dei skal gifte seg den 2, mai, og eg fekk innbydelse til bryllaupet som skal vere i Akershus

Slottskirke. festen etterpå skal vere på Den gamle krigsskolen. (Audun er no blitt Major)

Klart eg vil vere med så sant eg kan.

EG har ikkje gjort det skapte grann i dag, men er fornøgd likevel. Ser fram til at her kan bli tørt igjen. I vaskekjellaren var der veldig vått, så den lekkasjen har ikkje vore liten, og så hadde eg ikkje vore ned så eg hadde sett det, så det vart litt for lenge med vatn utan at eg vsste det .Men no er alt bra.

Eg lurer på kven som har teikna bildet av Elisabeth og Audun?

torsdag, desember 18, 2025

Dagbok 2025: 18.desember

 Klokka er no 1|8.12, temperaturen ute er + 5 grader C, , og det regnar. Den fine dagen i går har gått inn i  minneboka. I dag har eg vore på trening og på butikken på heimveg. Då eg kom heim åt eg litt og så laga eg ei Mor Monsen kake, noko eg ikkje har gjort på mange år. Det gjekk for så vidt bra, eg rydda og vaska opp , og då eg var ferdig var kaka ferdig også. 

Eg måtte inn på roterommet å hente noko, men då eg gjekk ut att på sokkelesten var golvteppet i gangen vått. Eg såg i taket , men der var det ikkje noko gale, så vatnet måtte komme nedanfrå. Eg er såpass klar i toppen at eg lukta lunta, og fann ganske snart ut at vatnet kom frå WC; ikkje frå klosettet men frå Vannbeholderen bak, eg kan dessverre ikkje rette namna å alt. Så no blir det å kontakte rørleggar-det er så lenge sidan sist eg hadde rørleggar  her at eg har gløymt alt- namn og telefon etc.Men eg får no sjå- eg må i alle fall få reparert -i mellomtida får eg prøve å halde der mest mulig tørt-litt trasig å ha teppegolv i gangen no. Så slik enda denne dagen- som eg var så fornøgd med. Men det skjer verre ting i verda.

PS: Alt ordnar seg . Rørleggaren var innom i dag/kveld, men kjem att i morgon.

onsdag, desember 17, 2025

Dagbok 2025: 17.desember

Klokka er no 18.08, temperaturen ute er+8 grader C, og det har vore ein nydeleg dag , grønt og mildt utan snø -og det er snart jul. Eg er glad så lenge vi slepp å ha snø, for det er eit styr når den lavar ned og ein må til og moke-

Som de ser av bildet har eg vore ein tur på Vernet i dag, det er lenge sidan sist,for eg har hatt litt trøbbel med ein for. Derfor gjekk eg ikkje heile runden i dag, for eg vil skåne foten mest muleg.

I dag har eg ikkje fått gjort så mykje og det er sjølvsagt mi eiga skuld, eg søv uroleg om nettene og står opp tidleg, så eg er ikkje alltid like opplagt. Men i dag skulle eg finne fram eit julekort, og eg har massevis av dei, både brukte og ubrukte. Eg har eit møbel med tre skuffer og den øvste var full av kort, konvoluttar etc. Eg skulle berre ha eit ubrukt kort til ei gåve og det fann eg fort. Men så begynte eg å sortere og det tok si tid. Merkelappar til julegåver var der også plenty av-  og konvoluttar. Det er vanskeleg å kaste mange ting, men litt fekk eg no vekk.

Eg fekk i alle fall orden på tinga så no hadde eg oversikt. Trudde eg! Dette var øvste skuffa og eg meinte at alt var samla der, men så såg eg ned i skuffe nummer to. Og kva var der`? Meir kort og meir av mykje anna. Eg let att skuffa, for nok er nok -på ein dag.

Eg skulle på butikken og handle litt, så det vart no gjort utan at det hende så mykje. Men då eg kom heim, orka eg ikkje å sette meg inn når det dvar så fint ute. Det blei ein tur på Vernet, den første på veldig lenge. Grunnen til at eg ikkje har vore yute og gått er at eg har litt plager med venstrefoten, men no synest eg den er så bra at den toler ein liten tur, for eg saknar turane på Vernet, både det å vere ute og det å treffe folk. Eg møtte ei eg kjende i dag også.

Så har eg strikka no ei stund, det er andre lesten i eit par og då er det kjet å få noko ferdig. 

I morgon skal vi ha siste treninga før jul, og så kan det hende eg skal bort i Furene og handle litt til jul- viss det er ver og føre til det-

I dag såg eg at dei har gravkransar på KIWI, så eg finn kanskje ein der til grava der.
 

                             Dette bildet tok eg frå altanen i dagmorgon.

tirsdag, desember 16, 2025

Dagbok 2025: 16.desember

 

                                                                   Naboen lyser opp

Klokka er no16.15, temperaturen ute er +5 graderC , og det har regna litt meir og mindre i heile dag. Eg kan ikkje seie at eg likar veret så godt, men det er i alle fall betre enn snø.

Eg vakna grytidleg i dag, men valde å stå opp sidan eg ikkje fekk sove, så eg hadde god tid til både strikking og anna før vi for på trening klokka 9.30ca.  Etter treninga hadde Marit og eg eit ærend bort i Vik før vi for heim.

Eg var trøtt og orka knapt å tenke på å gjere noko, anna enn å få i meg litt mat, då eg kom heim. Eg fekk lyst på noko godt og vart glad då eg fann resten av Solveig si Mor Monsen. Då tenkte eg at den kaka kunne eg prøve å lage til jul, og eg fann ei oppskrift. 

Men sidan eg mangla ingrediensar, måtte eg sette bakinga på vent for eg var så trøtt at eg makta ingen ting anna enn å legge meg på "Dagsenga"  og slappe av. Så mykje søvn vart det ikkje, men eg har i alle fall greidd å komme  på føtene igjen, men handle kan eg ikkje, for no er det mørkt, så eg får i alle fall ikkje bakt noko i dag. Då får eg finne på noko anna å gjere og så kan eg i alle fall strikke og sjå TV. Det kan ha hendt mykje sidan sist eg høyrde nyheiter. For morgondagen har eg ingen planar enno.


mandag, desember 15, 2025

Dagbok 2025:15.desember

 

            Eg saknar ikkje snøen, sjølv om eg synest det er fint med kvit jul.

            Men eg må rydde litt på tunet, ser eg.


Klokka er no 18-19, temperaturen ute er +  7grader C, og det er mørkt og vått, inga kvit jul i sikte .

I dag hadde eg ikkje tenkt ut kva eg skulle styre med, derfor vart det fint lite gjort.

Litt forefallande husarbeid vart det no, litt klesvask etc. Middag laga eg også i dag, men det som var mest positivt for meg sjølv  var at eg fekk løyst sudokuen i fredagsavisa til Møre_Nytt, den som er "vanskeleg" altså, dei andre to bryr eg meg ikkje om. 

Eg har også strikka litt, som vanleg. Eg hadde så smått tenkt meg på litt julehandel, men då må eg av garde tidleg for det mørknar fort, og eg køyrer berre når det er lyst. I morgon skal eg på trening, så då kjem eg meg ut dørene om ikkje anna.

Enn så lenge sit eg og strikkar ull-lestar til heile slekta. så alle kan halde seg varme på føtene uansett.

søndag, desember 14, 2025

Dagbok 2025: 14.desember


 Så har vi tent det tredje lyset og jula nærmar seg. Veret liknar ikkje jul, 10 varmegrader , grøne plenar og litt regn; men det er heilt i orden for meg som ikkje er glad i snø.

I dag tenkte eg å gjere litt julearbeid, til dømes å lage grove rundstykke. Vi var samla hos Martit G, Marit U og eg for litt sidan, og der fekk vi så gode rundstykke, som ho hadde laga sjølv av mjølblanding  ho hadde kjøpt. I dag ville eg lage slike og gjekk til verket -las bruks-anvisninga fleire gonger og gjorde alt rett. Men bollane mine likna ikkje på dei eg hadde fått hos Marit, mine var heilt bleike, men gjennomsteikte, -og såg ikkje ut. Mens eg heldt på å bake kom Marit U for å låne melis, det hadde eg heldigvis. Men ho kunne fortelje at ho også hadde prøvd seg på dei gode bollane, utan å få dei til. Så er eg ikkje åleine i alle fall. Viss eg frys ned bollane mine, har eg sikkert mat til utpå våren ein gong.

Margrete la att resten av pizzaen hin kvelden, så den har eg hatt til middag i to dagar no. Men i dag hadde eg dessert etterpå, det var riskrem  med Piano bringebærsaus. Den sausen er GOD. I dag tenkte eg mykje på mor mi, som var flink å lage mat, ho var faktisk utdanna kokk, og etter at vi flytta opp til sykehuset jobba ho som kokk, først, og som kjøkkensjef etterpå, heilt til ho var 70 år.

Etter å ha ete "middag" og rydda opp, sette eg meg inn og såg TV-og sovna litt i stolen. Eg driv framleis og strikkar lestar til liten og stor i familien, det greier eg framleis-til tross for alderen. På TV er det stort sett program som eg har sett  før, i går kveld såg eg ein konsert som eg har sett to gonger før, minst. Men det er heilt OK. 

Resten av kvelden skal eg slappe av-og kanskje strikke litt mens eg ser TV--


lørdag, desember 13, 2025

Dargbok 2025: 13.desember

Klokka er no 21.44,temperaturen ute er + 6 graderC, det er overskyaog dei melder regn. Inga kvit jul i sikte altså, men eg er veldig fornøgd med varmegrader -og helst opplett.

I går var eg så fornøgd med meg sjølv for då hadde eg fått gjort litt av kvart. I dag har eg gått rundt med kjensla av at det er søndag-og det enda eg har vore på butikk..

Eg var ned på ALTI og kjøpte noko som eg måtte ha der, men eg stoppa ikkje lenge for på laurdagane er der Will West, med besøk frå heile søre Sunnmøre. Eg skulle i grunnen kjøpe meg nye strikkepinnar-det var ærendet.Men på den nye strikkebutikken hadde dei ikkje slike pinnar som eg vil ha, berre tjukkare, men ho tipsa meg om a dei hadde i Volda. Men eg for ikkje til Volda i dag, Eg stakk innom Alti og kjøpte eit par ting der, så reiste eg opp att på Vallabøen og handla litt på KIWI. 

Elles har eg ikkje gjort stort anna i dag enn å strikke og ete og prøve meg på Sudokuen, eg har ikkje løyst den enno, men eg skuldar på at eg ikkje har slike ark som eg lagar meg på data, Men printeren virkar ikkje, så no har Rasmus kjøpt ein ny printer til  meg, men den får eg ikkje før neste år-i januar.

I morgon ER det søndag, så då får eg vel finne på noko. Skal i alle fall tenne adventslysa mine,
 

fredag, desember 12, 2025

Dagbok 2025: 12.desember

 

Blir det grøn jul i år?


Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.men då må ein moke.

I dag vakna eg med vonde hender, eg strikka visst litt for mykje i går. Men eg kom meg litt så eg fekk gjort det eg hadde tenkt. Heile huset stod på ende, så eg rydda og vaska og støvsuga til det såg litt betre ut her.

Så sette eg meg til med sudokuen i Møre Nytt, men eg er enno ikkje i mål. For eg var så heldig at Margrete ringde  og så kom ho og Svein på besøk. Dei hadde kjøpt med seg mat ,så det vart både Pizza og kaffi og sjokolade og brus, og mykje god prat.

I morgon trur eg at eg må til Vik ein tur- det er kanskje noko eg treng?Og det kan no vere kjekt å sjå litt på "livet". Når ein berre går her oppe i bakkane så ser vi ikkje så mykje av livet i byen.

 Ei grøn førjulstid i år. Sist tysdag var eg ute og rydda opp i hagen, der halve syrinbuska var tatt av vinden.Sjå heilt til høgre på bildet.



torsdag, desember 11, 2025

Dagbok 2025:11. desember


Klokka er no18.21, temperaturen ute er + 8 grader, og det regnar, Eg synest det er godt å sleppe snø og kulde, men det er no meir stemningsfullt enn slik vi har det no-men det er godt å sleppe å moke snø, når ein er her åleine og skal ut med bilen. I dag har Marit og eg vore på trening, og på butikken på heimvegen .

Eg var så begeistra for dei to brøda eg laga i går, at eg laga to i dag også-ikkje heilt topp kvalitet, men eg kan no ete dei sjølv. Det er lenge sidan eg fann ut at for meg passar det best å kjøpe godsakerne, for eg er ikkje alltid like heldig med det eg lagar sjølv. 

Eg var veldig trøtt då eg stod opp i dag,- og eg var trøtt då eg hadde fått brøda i omnen, sat inne i stova  og såg TV- men eg halvsov heile tida. Det må vere årstida og mangel på lys som gjer at ein blir så trøtt. Men eg gleder meg til i morgon for då skal eg berre vaske og rydde og pynte etc. Det er slikt arbeid som eg likar. Men eg får ikkje pynte ute så mykje eg vil, for det greier eg ikkje sjølv. Men det er så mange naboar som pyntar mykje og fint så det har vi andre glede av også. 

I år skal vi vere mest på  Hareid i jula, for Solveig har mest plass og familien veks enno.Og så har vi så lyst å vere i lag alle. Julaftan har eg vore på Hareid i mange år -også mens Nils levde. Og Øystein er så snill at han køyrer meg heim seint på kveld.

Det som er så kjekt i jula er at alle barnebarna kjem heim, dei bur no langt herifrå dei fleste-men nokre bur no i nærleiken også. Aller nærast bur Erlend som har kjellarleilegheit her hos meg. Det er ikkje så ofte eg ser han, men han er her no mykje av tida.

No må eg viss strikke litt igjen, og sjå litt TV. Eg hugsar i gamle dagar då vi ikkje hadde TV, då sat vi og høyrde  radio......................




onsdag, desember 10, 2025

Dagbok 2025:10.desember


 

Klokka er no 19.39, temperaturen ute er+8 grader C og det regnar;; ikkje det at eg likar regnet så godt, men alt er betre enn snø, is og kulde.

I dag har eg hatt " heime åleine dag" heilt frivillig, for eg vil gjerne  gjere litt av kvart til jul. I dag hadde eg bestemt meg for å lage nokre kaker/brød som eg fann ei oppskrift på. Eg skal innrømme at baking ikkje er mi sterke side, men eg prøver no å lage litt innimellom. Eg var flinkare før. Men eg måtte på butikken først for eg mangla nokre ingredienser. Det er så enkelt når eg har den vesle bilen, då er det ikkje lange stunda før eg er heime igjen.

Det gjekk rimeleg bra med baksten, og med strikketøyet som eg tyr til innimellom. Eg trur eg er litt flinkare å strikke enn å bake-men litt kluss blir det med alt.

Elles har eg vaska litt klede - det er no maskinene som tek seg av klesvasken-sjølvsagt. Eg tenkjer av og til tilbake på det skuleåret eg var i Sunnfjord og budde på ein gard der dei ikkje hadde fått elektrisitet enno. Der fyrte vi på grua i vedhuset og kokte kleda i ei stor gryte. Det gjekk det også.

I morgon er det trening igjen, så då får eg  ein tur til Vik. Det er no litt av kvart eg skulle hatt i hus, trur eg,men eg har ikkje oversikt enno. Det er  enno nokre dagar til jul. 

Eg er glad så lenge det ikkje kjem snø, ikkje det at eg ikkje likar snøen, men eg likar ikkje å moke. Og så ser eg veldig fram til at sola skal snu, for no er det mørkt det meste av dagen.

Eg kom til å slette heile bloggen i dag, men fann den heldigvis igjen. 

Då skal eg strikke vidare.

Dagbok 2025: 10.desember


tirsdag, desember 09, 2025

Dagbok 2025: 9.desember


Klokka er no 18.13, men ute er det mørkt som natta. Temperaturen er 0 grader, og det har vore ein ganske fin dag i dag, men eg har ikkje vore ute.

I dag var vi på trening Marit og eg, det er litt sosialt det også for det er samme gjengen som er der i lag heile tida. Etter treninga køyrde vi beine vegen heim i dag utan å handle. Eg trudde ikkje at eg hadde behov for å kjøpe noko, men det hadde eg eigentleg, fann eg ut då eg kom heim. Eg tenkte eg måtte lage noko til jul, så eg bladde i oppskrifter, men det vart ikkje baking i dag, for eg ville helle finne fram litt meir pynt og få den på plass.

Men først av alt pussa eg messing. Det gjorde eg førre veka også, men eg hadde ikkje fått med meg alt då. Det gamle mini-juletreet heng i hop enno så det fekk plassen sin i år også. Eg synest det er kjekt å pynte på den måten eg har gjort siste åra, eg tek fram litt kvar dag -så blir det meir og meir jul.

Men så sette eg meg til å strikke igjen. Her går det i lestar og Solveig held meg med garn. Så får ho lestane  til lageret sitt og kan distribuere vidare.

I morgon har eg tenkt meg på butikken og kjøpe det eg treng til litt bakst. Eg er ingen kakebakar så eg får heller prøve meg på brød av ymse slag; viss ein seier at ein ikkje bakar til jul, kan ein lett få eit dårleg rykte. Men eg må innrømme at eg aldri har baka lefser, i fjor kjøpte eg nokre, men dei var ikkje så gode. Eg greier meg veldig godt om eg ikkje får lefser til jul. Eg har aldri laga lefser, og ein begynner ikkje med det etter 85-

mandag, desember 08, 2025

Dagbok 2025: 8.desember

                       Klokka halv seks tok eg bildet frå altanen.
                      No er klokka kvart på 6og eg skal skrive blogg

EG har ikkje mykje å skryte av i dag, men eg kan no fortelje om ein heilt vanleg litt kjedelig dag. Eg tenkjer heile tida på at det snart er jul, og då skal ein gjere mykje ; bake vaske, pynte osb. Og eg forstår ikkje heilt at er er 85 år og det er ikkje venta at eg skal vere så flink-Eg har aldri vore særleg flink å bake, men no er eg no heilt håplaus til det. Likevel må eg kvart år lage ei kake som eg aldri får til -slik den skal vere. Den laga eg i dag før middag og no er den i frysaren. Ikkje så fin akkurat men etande i alle fall. 

Mykje styr og oppvask også med baking, så det trur eg at eg sluttar med snart Men eg er no flink til å rydde opp att og vaske opp-i maskin.  Så no er det gjort. Etter at eg hadde ete litt sette eg meg i godstolen og strikka, men så sovna eg. Eg hadde slått av varmepumpa så der var ikkje så varmt, sjølv om det brann i omnen. Men den var slokna, og i dag hadde det losna igjen, pakninga som ligg rundt opninga. Eg har dytta den på plass mange gonger, men den kjem fram att-utan at eg kan seie kvifor. Men den let seg dytte i dag også. 

No skal eg strikkeferdig lesten, så det blir eit par. Det er ikkje så mykje eg kan, men eg kan strikke lestar. Solveig held meg med garn, og tek vare på det er strikkar, så dei i familien som frys på føtene kan kontakte henne.

Eg skulle få meg time med frisøren , men alt før jul var opptatt, så no må eg feire jul med dårleg sveis. I morgon er det trening, så då har eg i alle fall noko å gå til, og kanskje tek eg ein butikkrunde også, det er no kjekt å sjå på all stasen om ein ikkje skal kjøpe så mykje.

Eg sette no på TV-en , men der var det berre sørgelege nyheiter.  Så tross alt har eg og mine det bra.

søndag, desember 07, 2025

DAGBOK 2025: 2.søndar i advent

Klokka er no 19.00, temperaturen ute er så vidt under 0, og det har vore ein fin dag.  Eg har ikkje vore ute men det er no mi eiga skuld..

Eg tenkte eg skulle sjå over julepynten i dag og kanskje shine opp litt. Det vart veldig lite, for det var andre ting som frista meir, og der er så mykje julepynt at det er vanskeleg å vite kva som er brukbart. Eg trur eg skal vente litt med å pynte meir. Men i dag var eg så heldig at Marit kunne komme ned til meg, så vi drakk  kaffi og åt kaker og prata- Vi blir aldri i beit for noko å snakke om; vi har til dømes gått to år i samme klasse på Eids gymnas. Så litt mimring blir det. Kor mange år vi har budd her på kvar si side av gata er eg ikkje sikker på, men det må no nærme seg 50(eller vel det) Trur eg.Gode nabp

Då Marit gjekk heim att til seg sjølv tok eg fram strikketøyet og begynte på ein ny lest av garnet som Solveig hadde med i går. Når eg strikkar ser eg som regel TV på samme tid.

Gode naboar er godt å ha, og det har eg.

Eg har utruleg mykje julepynt, og ikkje alt er noko å samle på, men det er ikkje så lett å kaste heller.

I dag også var eg låk i høgre armen då eg stod opp, men det gjekk fort over. I margon er det ikkje noko eg skal ut på, så då kan eg styre litt heime eller ta ein tur til Vik.
 



lørdag, desember 06, 2025

Dagbok 2025:6.desember




Denne nydelige julestjerna fekk eg av Marit i går. Eg set stor pris på både Marit og blomsten

 Klokka er no 17.00, temperaturen ute er +1grad og det er overskya,og  så vidt eg veit verken regnar eller snøar det. I går kveld la eg meg med ein arm og ei hand som verkte; eg kjende litt på det heile natta og om morgonen då eg var oppe; men så var alt over og handa og armen var så gode som nye. Merkeleg. Men bra.

I dag skulle eg handle først best. Eg sanka i hop ein heil sekk med tomflasker som eg skulle pante på butikken. Og det gjorde eg. 90 kroner vart det i pant-ikkje mykje for ein stor sekk full, men det viste på kassalappen etterpå. I dag hadde eg skikkeleg hadlelapp så eg kom heim med det eg skulle.

Solveig sende melding om at ho og Øystein kom innover ein tur, sidan det ikkje vart noko av Molde-turen som var planlagt. Og då kunne Øystein sjå på omnen min; eg trudde ei stund at det var noko feil med pakninga som ligg mellom omnen og døra, eg hadde eigentleg sett at den var i orden, men Øystein sjekka og var samd med meg, så då er alt bra. Eg har ikkje gjort mykje i dag, men eg har i alle fall sett på ein klesvask som er i tørketrommelen no. Eg har maskiner som gjer det meste -og takk for det.

Solveig kom med meir garn til meg, så eg gjer litt nytte for meg med lestestrikking, her i familien skal inge fryse på føtene. -Så lenge eg strikkar!


fredag, desember 05, 2025

Dagbok 2025: 5.desember

Klokka er no16.40,Termometeret står på 0, og bildet over tok eg for nokre minutt sidan.Det er tidleg mørkt i desse dagar. I dag har eg ikkje vore så flink, for eg begynte å rote heilt frå morgonen av. Eg stod for tidleg opp, så då eg gjekk inn på "kontoret " mitt etter ein tidleg frokost, la eg meg på senga der og sov så lenge at naboane trudde det var noko som var gale. 
Det var det ikkje, men eg tenkte som så at eg trong ikkje vaske i dag, det kunne eg gjere i morgon. Og så fann eg på at eg kunne lage ei gulrotkake i dag, og eg hadde ingrediensane, så eg trong ikkje fare på butikk, og kake vart det, den er i frysaren no. 
Så gjekk eg i postkassa og der var det både aviser og blad, så eg fekk ein heil jobb med å løyse kryssord og sudokuar. Men så hadde eg lova å komme opp ti l Marit i dag, sæ no skal eg dit. Handle kan eg gjere i morgon , vaske også. 

 
                        Det er ein fin kveld og no skal eg opp til Marit

torsdag, desember 04, 2025


 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar.

Eg var på trening i dag og etter treninga tok eg meg sammen og kjøpte bensin; det er noko eg alltid gruar meg til, for eg har ikkje lært meg å bruke kort. Men eg gjer som mange andre-ber om hjelp, og det får eg. Eg brukar å seie at eg føler det på meg når bilen er tørst, og det trur eg på, for eg får alltid nedpå mykje -eg fyller alltid heilt opp. Så skulle eg bestille hårklipp m.m. men der var eg altfor sein, det var ikkje EIN time ledig før jul.

Eg var litt trøtt då eg kom heim, av ein eller annan grunn, så eg har ikkje gjort anna i heile dag enn  å ete og strikke. Eg hadde lagt ifrå meg ein lest i går kveld der det mangla berre tå-fellinga, men slik som eg bala i dag med å få den ferdig....! Forstå det den som kan, eg feller no av ein lest for dag-nesten- og brukar ikkje å bale med det.

Veret er veldig vekslane for tida, og no ser det ut til at vi skal få det kaldare; eg likar verken snø eller kulde, men vi må vel ta imot det som kjem. Det er fint no når ein kan køyre på berre vegar. Eg er må nesten HA bil, når ein skal handle og elles. No når eg er gammal ser eg kor langt det er til Vik(sentrum)spesielt viss ein har noko å bere på. Eg har ikkje så gode føter heller, men i fjor vinter gjekk eg no til Vik av og til.  Eg håper i alle fall at vi  ikkje får mykje snø no.

Eg har ikkje baka kaker til jul enno og eg er ikkje ferdig med pyntinga, I morgon er det fredag og vaskedag igjen, så kanskje eg finn på noko då. Småkaker har dei rikeleg av på butikkane, så det treng eg ikkje å lage i alle fall. Det er litt stygt å seie det rett ut, men eg likar ikkje å bake. Eg likar å stelle i hagen og eg likar å vaske etc. Men bake det likar eg ikkje, eg får det ikkje så godt til, det er vel det som gjer der.

Håper at alle får vere friske og raske i denne julemånaden.

onsdag, desember 03, 2025

Dagbok 2024: 3.desember


Klokka er no17.40, temperaturen ute er+5 grader og det er måneskin og bert på alle vegar, det er som ein nesten får lyst å gå ut.
  I dag har det vore ein litt spesiell dag; eg brukar å vere på spansk-kurs om onsdagane, men no er det juleferie frå spansken, så det vart heimedag. Eg visste først ikkje kva eg skulle bruke dagen til, men det vart mykje å velje mellom. Eg tok fram "stjerna" som eg kjøpte i går, og greidde å finne ut korleis eg skulle få tendt den. Men då eg skulle henge den opp var ikkje det så enkelt for ei gammal dame som ikkje likar seg i "høyden" - så det blei sett på vent.

Kva kan eg gjere i dag med tanke på jul? spurde eg meg sjølv. Jau, eg kan pusse messing- så gjorde eg det. Koparen pusser eg ikkje, den vaskar eg i maskina-litt nærmare jul.

Så var det fint ver ute, så eg fekk vaska soverommet og dataromme og ha ut teppa.Eg var godt i gang då naboen kom og fortalde meg at syrin-buska mi hadde fått store skader. Då hadde eg ikkje anna å gjere enn å gå ut og få rydda opp. Det vart ein liten jobb og ein sekk med kvist og kvas som skal på VØR. Så var det tid for å ta inn att golvteppe etc. Og litt mat-det hadde eg nesten gløymt. 

Så kom Erlend heim att og han hengde opp den nye stjerna som de kan sjå på bildet. Eg synest den ser litt  agressiv ut med alle tennene, men det venner eg meg sikkert til til. 

Eg hadde lova Marit å komme oppom, så no har eg vore der og prata ei stund. Det var så fint å komme ut i mørkrt i kveld, mange lys rundt om på husa, og eit stort lys på himmelen.





tirsdag, desember 02, 2025

Dagbok 2025: 2.desember.

Klokka er no 15.41, temperaturen ute er + 6 grader, og det regnar så smått. Alt er betre enn snø og is-  i alle fall for meg.

I dag var eg grytidleg oppe så eg sat og høyrde julesongar på datamaskina aldri så lenge før eg kom meg av garde på trening.

Etter treninga køyrde eg bort til ALTI og kjøpte lyspærer til lysestaken min, kjøpte ein ting til, men den har eg ikkje fått til å lyse enno.

Eg var også på Apoteket og kjøpte medisinane eg treng framover, det er billeg for meg no når eg har frikort.

Då eg kom heim att åt eg eit måltid før eg la meg inn på dagsenga mi og vart liggande der aldri så lenge. Ja, eg må no sove litt av og til eg også. Men no er eg klar for å gjere noko, same kva det er. Eg har ikkje direkte orden på kva som skal skje. I morgon er eg i alle fall fri, for spansken har juleferie. Eg veit så lite kva eg skal gjere til jul, men eit kvart må det no bli. Vaske og pynte, det kan eg i alle fall.Eg har begynt med å pynte heile tida fram til jul, men så er det ut med pynten igjen rett etter nyttår. Før kunne ein ha juletre og julepynt lenge etter nyttår, eg hugsar ein gong vi hadde juletreet til ut i februar. 

Eg håper på at Helge finn ein måte å reparere printeren min, han greidde det i fjor. Det er så kronglete å gjere noko når ein ikkje har dei hjelpemidla ein er vande med.

Eg har ein tendens til å bli sittande framfor TV og strikke, og det blir vel det eg kjem til å gjere i kveld også. Dagane er korte og kveldane lange no i desember, men det er ein overgang. Håper berre at det ikkje blir så kaldt. Kulde er det verste eg veit. I dag var det berre vegar, så det var i alle fall kjekt.


mandag, desember 01, 2025

Dagbok 2025: 1. desember


 Kalenderbildet mitt for desember er frå Ona. Nils og eg overnatta der ein gong. Det er utruleg mykje som finst på den vesle øya.

Klokka er no 17.36, og bildet over er tatt for ei lita stund sidan. Det ligg litt nysnø her, men det har ikkje snødd i dag ,trur eg. Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag; Eg tenkte eg skulle hatt meg ein tur til Vik, men så tenkte eg at det kunne vere til i morgon for då er det trening. Eg veit ikkje korleis ver og temperatur blir i morgon, men no er det + 3 grader ute, så eg håper temperaturen stig enda meir- og at snøen smeltar.

I dag har eg ikkje fått gjort noko av det eg hadde tenkt, for eg  begynte å tenkje på  at til Vik kan eg fare i morgon, når eg likevel skal på trening. Det er litt av kvart eg treng, så eg må ein tur på ALTI- Men så er det denne snøen og isen-og i det heile tatt ViNTEREN som eg ikkje likar. Men i dag har eg vore skikkeleg lat, det einaste eg har gjort er å strikke. 

No er klokka 17.49 og temperaturen ute var nettopp+ 3 graderC , men no kom der ei endring som eg ikkje forstår  DOW -0,39 står det på skjermen min.

 

Dagbok 2025:25.desember

 Klokka er no ca kvart på 8, temperaturen ute er +5 grader C, og det regnar litt.Ikkje akkurat julestemning  ute , men eg er glad for å slep...