Klokka er no 16.20, temperaturen ute er+6 grader C og det regnar; eg likar ikkje snø, men ikkje regn heller; det einaste godet med regnet er at vi slepp å måke det. Dette har vore ein litt annleis dag, i og med at eg begynte å vente på rørleggaren allereie då eg stod opp klokka 6. Men føremiddagen gjekk unna utan at nokon viste seg. Eg fekk ein telefon som eg ikkje greidde å svare på -det tok si tid før eg fekk kontakt, men då var det like før han kom. Eg var oppe hos Marit då eg såg bilen på tunet. Det vart til at han skifta ut heile klosettet , og det er eg godt nøgd med. ( Eg vart ikkje spurd )Prisen veit eg ikkje enno, men det frå vere julegåva til meg frå meg(og rørleggaren).
Det var noko anna kjekt også som hende i dag, eg fekk to brev i postkassa, det eine frå Olaug jr. som bur i Bergen, der var det mange bilde av junior Tobias som flylte 1år den 1. November.Han er ein stor og kraftig kar allereie.
Det andre brevet var frå Audun og Elisabeth som bur i Oslo, dei skal gifte seg den 2, mai, og eg fekk innbydelse til bryllaupet som skal vere i Akershus
Slottskirke. festen etterpå skal vere på Den gamle krigsskolen. (Audun er no blitt Major)
Klart eg vil vere med så sant eg kan.
EG har ikkje gjort det skapte grann i dag, men er fornøgd likevel. Ser fram til at her kan bli tørt igjen. I vaskekjellaren var der veldig vått, så den lekkasjen har ikkje vore liten, og så hadde eg ikkje vore ned så eg hadde sett det, så det vart litt for lenge med vatn utan at eg vsste det .Men no er alt bra.
Eg lurer på kven som har teikna bildet av Elisabeth og Audun?

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar