Klokka er no 1|8.12, temperaturen ute er + 5 grader C, , og det regnar. Den fine dagen i går har gått inn i minneboka. I dag har eg vore på trening og på butikken på heimveg. Då eg kom heim åt eg litt og så laga eg ei Mor Monsen kake, noko eg ikkje har gjort på mange år. Det gjekk for så vidt bra, eg rydda og vaska opp , og då eg var ferdig var kaka ferdig også.
Eg måtte inn på roterommet å hente noko, men då eg gjekk ut att på sokkelesten var golvteppet i gangen vått. Eg såg i taket , men der var det ikkje noko gale, så vatnet måtte komme nedanfrå. Eg er såpass klar i toppen at eg lufkta lunta, og fann ganske snart ut at vatnet kom frå WC; ikkefrå klosettet men frå Vannbeholderen bak, eg kan dessverre ikkje rette namna å alt. Så no blir det å kontakte rørleggar-det er så lenge sidan sist eg hadde rørleggar her at eg har gløymt alt- namn og telefon etc.Men eg får no sjå- eg må i alle fall få reparert -i mellomtida får eg prøve å halde der mest mulig tørt-litt trasig å ha teppegolv i gangen no. Så slik enda denne dagen- som eg var så fornøgd med. Men det skjer verre ting i verda.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar