Eg tenkte eg skulle sjå over julepynten i dag og kanskje shine opp litt. Det vart veldig lite, for det var andre ting som frista meir, og der er så mykje julepynt at det er vanskeleg å vite kva som er brukbart. Eg trur eg skal vente litt med å pynte meir. Men i dag var eg så heldig at Marit kunne komme ned til meg, så vi drakk kaffi og åt kaker og prata- Vi blir aldri i beit for noko å snakke om; vi har til dømes gått to år i samme klasse på Eids gymnas. Så litt mimring blir det. Kor mange år vi har budd her på kvar si side av gata er eg ikkje sikker på, men det må no nærme seg 50(eller vel det) Trur eg.Gode nabp
Då Marit gjekk heim att til seg sjølv tok eg fram strikketøyet og begynte på ein ny lest av garnet som Solveig hadde med i går. Når eg strikkar ser eg som regel TV på samme tid.
Gode naboar er godt å ha, og det har eg.
Eg har utruleg mykje julepynt, og ikkje alt er noko å samle på, men det er ikkje så lett å kaste heller.
I dag også var eg låk i høgre armen då eg stod opp, men det gjekk fort over. I margon er det ikkje noko eg skal ut på, så då kan eg styre litt heime eller ta ein tur til Vik.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar