Klokka er no 17.00, temperaturen ute er +1grad og det er overskya,og så vidt eg veit verken regnar eller snøar det. I går kveld la eg meg med ein arm og ei hand som verkte; eg kjende litt på det heile natta og om morgonen då eg var oppe; men så var alt over og handa og armen var så gode som nye. Merkeleg. Men bra.
I dag skulle eg handle først best. Eg sanka i hop ein heil sekk med tomflasker som eg skulle pante på butikken. Og det gjorde eg. 90 kroner vart det i pant-ikkje mykje for ein stor sekk full, men det viste på kassalappen etterpå. I dag hadde eg skikkeleg hadlelapp så eg kom heim med det eg skulle.
Solveig sende melding om at ho og Øystein kom innover ein tur, sidan det ikkje vart noko av Molde-turen som var planlagt. Og då kunne Øystein sjå på omnen min; eg trudde ei stund at det var noko feil med pakninga som ligg mellom omnen og døra, eg hadde eigentleg sett at den var i orden, men Øystein sjekka og var samd med meg, så då er alt bra. Eg har ikkje gjort mykje i dag, men eg har i alle fall sett på ein klesvask som er i tørketrommelen no. Eg har maskiner som gjer det meste -og takk for det.
Solveig kom med meir garn til meg, så eg gjer litt nytte for meg med lestestrikking, her i familien skal inge fryse på føtene. -Så lenge eg strikkar!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar