fredag, desember 05, 2025

Dagbok 2025: 5.desember

Klokka er no16.40,Termometeret står på 0, og bildet over tok eg for nokre minutt sidan.Det er tidleg mørkt i desse dagar. I dag har eg ikkje vore så flink, for eg begynte å rote heilt frå morgonen av. Eg stod for tidleg opp, så då eg gjekk inn på "kontoret " mitt etter ein tidleg frokost, la eg meg på senga der og sov så lenge at naboane trudde det var noko som var gale. 
Det var det ikkje, men eg tenkte som så at eg trong ikkje vaske i dag, det kunne eg gjere i morgon. Og så fann eg på at eg kunne lage ei gulrotkake i dag, og eg hadde ingrediensane, så eg trong ikkje fare på butikk, og kake vart det, den er i frysaren no. 
Så gjekk eg i postkassa og der var det både aviser og blad, så eg fekk ein heil jobb med å løyse kryssord og sudokuar. Men så hadde eg lova å komme opp ti l Marit i dag, sæ no skal eg dit. Handle kan eg gjere i morgon , vaske også. 

 
                        Det er ein fin kveld og no skal eg opp til Marit

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 5.desember

Klokka er no16.40,Termometeret står på 0, og bildet over tok eg for nokre minutt sidan.Det er tidleg mørkt i desse dagar. I dag har eg ikkje...