Klokka er no19.50, det er bekmørkt ute, men det har vore ein spesielt fin dag; sol, men ikkje kaldt. Men mørkt vart det i kveld også, men no kan vi sjå fram til at dagane vert lengre og lysare.
I dag har heile storfamilien vore på Hareid- Før om åra har det vore tradisjon med 2. juledag her hos meg i Ørsta.Men familien veks og eg eldest, så i år var det Solveig og Øystein som laga til familietreff på Hareid. No skal det vere sagt at dei har nokså god plass, i alle fall meir plass enn eg. I dag var vi fulltallige, berre famlien på Kongsberg mangla, men dei brukar ikkje å vere her i jula, dei har familie i Kongsberg også. Forutan dei som er på bildet , var dei to barnebarna til Solveig og Øystein med. Olaug , dottera til Solveig er heller ikkje på dette bildet.
Dei har relativt stort hus på hareid og det kjem vel med , no når vi er blitt så mange. Margrete og eg hadde med oss litt kaker , så det vart litt spleis -slik det brukar å vere.
Vi hadde ein fin dag, og på heimvegen gjekk det også godt. Eg og Ingeborg sat på med Margrete begge vegar. Amanda kom i sin eigen bil i lag med brødrene. Flinke sjåførar begge to.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar