Akkurat no, klokka 17.30
Klokka er no 17.05 . Temperaturen ute er +3 grader og det er overskya, og litt regn. Ærleg talt har eg ikkje vore ute for ei dør i dag. Det har liksom vore ein veldig anonym dag. Eg har vore her åleine og ikkje snakka med ei sjel -berre sendt/fått meldingar frå Marit. Eg hadde tenkt meg opp til henne ,men eg var så trøtt og sløv at eg orka ikkje . Eg trur ho hadde det på same måten, Vi har feira jul med barn og barnebarn begge to, og det er no veldig kjekt, men så er det også bra for oss gamle å få kvile litt etterpå. Eg prøvde å sove utover morgonen , men det gjekk ikkje. Eg har sett litt på TV, men ikkje mykje-, berre litt Sjakk. Eg har i grunnen gjort veldig lite før no, for no fekk eg rydda litt på kjøkkenet etc.
Eg håper eg blir litt kvikkare i morgon, og det trur eg.
Vi er no ikkje ferdige med å feire, vi skal no ha Nyttår også.
Håper at alle som les her også har hatt ei fin jul-og jula varer heilt til påske, så det er berre å feire vidare..
Eg har ete så mykje godteri både i jula og før jul at eg må legge om kosthaldet når det blir kvardag igjen
Håper alle har det godt i jula, og så er vi no veldig heldige med veret-synest eg. Andre drøymer vel om kvit jul
Eg gjekk ut på trappa og skulle ta eit bilde, då såg eg at det har regna.
Eg likar ikkje regn, men snøen er verre for den må mokast.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar