Klokka er no 17.34, og det er bekmørkt ute, dessutan regnar det. Eg har ikkje vore lenger enn til utedøra i dag. Hadde no tenkt å ta ein tur opp til Marit, men så utsette eg det også. Eg vil ikkje seie at eg har kjeda meg i dag, for om eg har gjort det er det opp til meg sjølv. Eg kan gjere det eg vil, men i deg var det ikkje mykje som frista, så eg vart verande inne og sløve, . Eg kan ikkje strikke på grunn av den vonde handa, så eg måtte finne på noko anna. Eg fann ikkje på så mykje anna enn å lage til litt mat og ete. Og så har eg no sett på TV-en. Men no ser eg fram til å få ein kvardag så eg kan handle litt, til dømes.
Eg hadde kjøpt inn rikeleg med melk og fløte, men hadde ikkje hugsa på at eg skulle vere her åleine for det meste. Dermed måtte eg prøve å bruke det eg hadde , så i går kokte eg risgraut og brukte melka og i dag vart det riskrem til middag. Eg hadde heldigvis ein kartong med Piano-bringebærsaus.
Eg har no rikeleg med mat på lager, men ikkje alltid det eg har mest lyst på. Lurer på å kjøpe ei lita svineribbe til nyttår. Det brukte vi å ha før i tida, då vi var ein heil familie. Men det kan no hende eg kjøper nolo anna som eg har lyst på.
Dei fleste barnebarna som er heim i jula, begynner vel snart å lede på seg, det er så kjekt å få sjå dei. Men Rasmus og familien feirer jul i Kongsberg -og det er no klart dei må, to av gutane bur no heime enno. Men det er lett å ha kontakt med alle no når ein har PC og Telefonar. Eg brukar helst datamaskina for eg likar ikkje så godt telefonen.
No ser eg fram til å komme meg litt ut i morgon, skal no handle litt i alle fall. Det har no vore ei kjekk jul, men eg skulle ønske at det fine veret hadde vart litt lenger.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar