Eg var på butikken ein liten tur på føremiddagen, eg trong ikkje moke, men no har det altså kome litt meir, men dei melde mildver i vermeldinga.
I dag har eg hatt ein nokså sløv dag, det vil seie at eg ikkje har gjort noko særleg i huset, må vel rydde og vaske litt i morgon, men når eg er her heilt åleine blir det ikkje så mykje å gjere- I dag var eg ein liten tur på butikken tidleg på dag, men eg må visst ned i morgon også. Eg treng litt mat sjølv om eg er åleine-men kanskje eg har nok i hus?
I dag kom eg meg opp til Marit ein tur, så vi fekk underhalde kvarandre med det vi har opplevd i jula. Eg tok med meg "tørre vafler" som eg har fått av Siolveig, eg syntest Marit måtte få smake dei-for dei var veldig gode, det syntest vi begge to. Då eg kom ned att laga eg meg litt mat som eg kalla middag før eg sette meg til å sjå TV. Ja, eg fyrte i omnen også, eg er veldig glad i å ha det varmt, og når eg er åleine treng eg ikkje å ta omsyn til andre, som kanskje ikkje likar varmen så godt som eg. Eg har Varmepumpa på heile døgnet, men fyrer litt om ettermiddagen og kvelden. Eg treng enda meir varme no når eg ikkje strikkar, men eg håper handa mi kjem seg så eg kan halde fram med lestestrikkinga. Det er så sytalaust. Og no treng eg ikkje å tenke på å strikke genser til meg skjølv, sidan Margtete hadde strikka ein god varm genser til meg i julegåve
Eg har ikkje skriv brev eller kort til nokon i år. Reknar med at dei fleste eg har kontakt med er innom bloggen, for her skriv eg stort sett alt eg har på hjertet.
Ønsker framleis alle god jul og godt nytt år.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar