God jul! Klokka er no 23.25 og det er ei lita stund sidan eg kom heim. Øystein køyrde meg heim i år også, i fint ver,ikkje snø og ikkje regn og ikkje kaldt.
Det har vore ei fin julaftan . Einar henta meg her, så var vi ned og såg til Nils si grav, og såg etter om lysa brann. Så køyrde vi, dvs. det var Einar som køyrde i dag, og på Hareid var vi først ein tur på kyrkjegarden før vi for heim til Solveig og Øystein. Olaug, Thomas og Tobias var der , og Audun, Håkon og Amund også, Så i år var vi mange. Men der var rikeleg mat og drikke og alle åt godt.
Pakkehaugen under juletreet var større enn nokon gong og eg trur vi brukte fleire timar på utdeling og opning. Alle vart glade for tinga dei fekk-og sjølv fekk eg mykje som eg ikkje på førehand hadde trudd at eg mangla, Eg er enno ikkje ferdig med å få alle tinga på rett plass her..
Eg får nesten dårleg samvit fordi eg har det så godt, mens andre i verda svelt og frys og lid. Men eg må få lov å vere glad for at eg har ein familie som bryr seg om meg. Eg sit her i eit litt kaldt rom no, men på meg har eg ein tjukk og varm genser som Margrete har strikka til meg. Det var kanskje den største overraskinga i dag
Eg ønsker alle som er innom bloggen min fleire gode juledagar !

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar