Klokka er no 19.39, temperaturen ute er+8 grader C og det regnar;; ikkje det at eg likar regnet så godt, men alt er betre enn snø, is og kulde.
I dag har eg hatt " heime åleine dag" heilt frivillig, for eg vil gjerne gjere litt av kvart til jul. I dag hadde eg bestemt meg for å lage nokre kaker/brød som eg fann ei oppskrift på. Eg skal innrømme at baking ikkje er mi sterke side, men eg prøver no å lage litt innimellom. Eg var flinkare før. Men eg måtte på butikken først for eg mangla nokre ingredienser. Det er så enkelt når eg har den vesle bilen, då er det ikkje lange stunda før eg er heime igjen.
Det gjekk rimeleg bra med baksten, og med strikketøyet som eg tyr til innimellom. Eg trur eg er litt flinkare å strikke enn å bake-men litt kluss blir det med alt.
Elles har eg vaska litt klede - det er no maskinene som tek seg av klesvasken-sjølvsagt. Eg tenkjer av og til tilbake på det skuleåret eg var i Sunnfjord og budde på ein gard der dei ikkje hadde fått elektrisitet enno. Der fyrte vi på grua i vedhuset og kokte kleda i ei stor gryte. Det gjekk det også.
I morgon er det trening igjen, så då får eg ein tur til Vik. Det er no litt av kvart eg skulle hatt i hus, trur eg,men eg har ikkje oversikt enno. Det er enno nokre dagar til jul.
Eg er glad så lenge det ikkje kjem snø, ikkje det at eg ikkje likar snøen, men eg likar ikkje å moke. Og så ser eg veldig fram til at sola skal snu, for no er det mørkt det meste av dagen.
Eg kom til å slette heile bloggen i dag, men fann den heldigvis igjen.
Då skal eg strikke vidare.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar