torsdag, juli 31, 2025

Dagbok 2025: 31. juli

 

Klokka er no 18 50, temperaturen ute er + 20 grader og det er skodde langt ned etter fjellsidene.  Det har regna litt i dag også. Men no er dei nye vindua på plass og i morgon får eg kanskje henge opp gardiner inne.

I dag har eg ikkje hatt så veldig arbeidslyst, men litt fekk eg no gjort ute. Plukka rips  og fekk vekk diverse gras med kantklipparen, så lenge eg hadde sen. Og ikkje så mykje meir. Eg får ikkje så mykje arbeidslyst når skodda ligg tjukk, og sola ikkje er å sjå.

No, på sein ettermiddag har eg vore ein tur opp til Marit, for eg hadde gløymt paraplyen min der i går.

Det var ikkje så mykje å koste i kveld, men eg får vel litt av ein jobb med å få alt på plass igjen-men det er no berre kjekt.

Før hadde vi mange ripsbusker, men no er det berre ei att, og eg treng ikkje meir heller.


onsdag, juli 30, 2025

Dagbok 2025:30.juli

 

                                               Ikkje så mykje å koste i dag

Klokka er no 18.55, temperaturen ute er +22 grader C; det kom ei regnbyge på ettermiddagen, elles har det vore opplett, men ikkje sol. 

Eg var som vanleg tidleg oppe ,men ikkje FOR tidleg i dag. Etter mogonstell , frokost etc. tok eg ein runde på butikken. Eg berre måtte ha Vaniljesaus, for eg hadde halvegs lova snikkaren at han skulle få rips med vaniljesaus i dag, for eg veit at han likar det. Det er tredje gongen han er her og flikkar på huset vårt, og alle gongane har det vore i "ripstida."

Då eg kom heim att plukka eg rikeleg med rips som eg renska og vaska-klar til bruk. 

Elles klipte eg plenen ved postkassane og nede i hagen, der "prosjekta" mine held til og til slutt tok eg plenen nedafor huset, meir vart det ikkje i dag.

Etter at eg hadde ete lunsj tenkte eg å plukke meir rips, men då eg var klar til å gå ut , kom regnet, så eg gjekk opp til Marit i staden. Der vart vi sittande å prate lenge, som vanleg; eg hadde med meg ein lest som eg strikka litt på innimellom.

Snikkaren var vekk lenge før eg kom heim så det var berre å begynne å koste. Det var ikkje så mykje rusk i dag så det gjekk greit. Men eg gleder meg til eg får gjere skikkeleg reint og få alt på plass. Det blir eit styr med å henge opp att gardinene, men eg har i alle fall vaska dei-og det treng ikkje så mykje stryking. Det er no godt å få gjort dette arbeidet når det er såpass bra ver  Det året vi fekk nytt tak, regna det nesten heile tida. Eg ser på PCen at vi skal få "regnfulle dager" framover - så då får eg vel ikkje plukka bæra mine.






tirsdag, juli 29, 2025

Dagbok 2025:29.juli


Klokka er no 17.06,temåeraturen ute er + 21 grader C, det er skya og litt vind.

Eg har hatt enda ein dag med arbeid i heimen, idag har vi fått inn nytt vindu på datarommet, men som de ser er det ikkje heilt ferdig montert. Gardibnene er tatt ned og skal på vask dei også, Soveromsgardinene ligg enno i tørketrommelen. . Det å skifte to vindu vart meir enn eg var klar over. Men det går bra. Sist natt låg eg på datarommet og det kjem eg til å gjere neste natt også. Det går heilt fint og eg sov godt.

Eg har ikkje vore verken på butikk eller noko anna i dag, berre ein tur opp til Marit. Elles har eg jobba ein del i hagen. Det går ein del tid til å rydde opp i huset både før snikkaren kjem og etter at han har fare.-men det er ein overgang. Eg ser fram til at alt skal bli ferdig. I går kveld vart eg litt frostig då eg sette meg i ro ved TV-en. Men då hadde eg små fine treklossar etc. å fyre med. det har eg i kkveld også- På ettermiddagen i dag tok eg meg på tak og rydda beddet ved Urke-garasjen og så rydda eg attmed kjellermuren . Erlend har lova å sette sen i kantklipparen slik at eg kan bruke den i morgon. Det er også tid for bærplukking  i hagen, så eg blir ikkje arbeidslaus.

Golvteppet som eg brukar å ha her-ligg på stovegolvet inntil vidare,


mandag, juli 28, 2025

Dagbok 2025: 28.juli


 Klokka er no17.30,temperaturen ute er + 15 grader og det er overskya, men opplett. for meg har det vore ein heilt spesiell dag, og det blir vel ein liknande dag i morgon.

Saka er at eg skal få slkifta til nye vindu på soverommet og datarommet mitt. På soverommet har ruta vore øydelagd lenge.mange år. Han som har flikka på huset mitt før ville gjere denne jobben også, og det var eg glad for. Han hadde bestilt vindua og dei har stått ute på tunet ei stund. I dag skulle han komme klokka 8, så eg var grytidleg oppe, noko som eg er rett som det er, men han kom ikkje før klokka 9. Det var no heilt OK. Han jobbar åleine og det går bra  men eg fekk hjelpe til litt med å få inn rutene. Eglles har eg kosta og rydda litt innimellom.

Han har fått på plass den eine ruta i dag, den på soverommet, så i morgon blir det datarommet og der er det litt krøbelt, men harn er no vand med litt av kvart.På bildet over ser vi soverommet etter at eg har kosta og støvsuga.


Fjølene under vindua blei skrota, så der må det nye fjøler til, slik eg har forstått det.
                 Her er soveromsvinduet på plass, så skal det komme nye fjøler                                                                  nedanfor.

                    Denne ruta skal på datarommet i morgon-håper eg.

Eg har no ikkje berre gått her og kosta i dag; eg var først ein tur på butikken  og litt seinare køyrde eg på VØR med hageavfall. Eg tek de turen når eg har 6 sekker-og det hadde eg i dag.

Marit kom ned og prata ei stund.  Eg har også sett TV og strikka litt. Men høgre tommeltotten er ikkje heilt god, så eg får ikkje strikke så mykje eg vil.

Komande natt skal eg ligge på datarommet, det er heilt greit, men det blir eit styr i morgon når den nye ruta skal inn, for her er trongt. Vi får sjå korleis det går Det hadde kanskje vore betre om eg var stor og sterk og kunne hjelpe til litt-.Men eg kan i alle fall stå tidleg opp og begynne å ordne opp på rommet.Eg er eit geni når det gjeld å stå tidleg opp.




søndag, juli 27, 2025

Dagbok 2025: 27.juli


  
Klokka er no 17.25,temperaturen ute er + 23 grader C, og det er sol og litt vind og skyer på himmelen. Heilt OK ver, og ikkje for varmt i alle fall.. Eg var tidleg oppe i dag ifjen, tenkte på at her skal komme ein mann i morgon og sette inn vindu til meg, han kjem klokka 8, så eg tenkte det var best å øve seg på å stå tidleg opp. Noko eg aldri har problem med.
Eg hadde ikkje planlagt dagen så dermed vart det ikkje så mykje eg fann på.Eg såg meg rundt i hagen etc, etter arbeid, så det vart til at eg rydda i rosebeddet oppe ved garasjen.
Etter at eg hadde ete litt lunsj, la eg meg ut på solsenga, men då skya det over, så eg gjekk inn att. No har eg sete ei stund oppe hos Marit som er åleine heime. Vi har no alltid noko å prate om. Kort sagt, så har heile dagen gått opp i berre tull, men no skin sola så fint ute at det er fristande å gå ein tur; dessverre er ikkje venstre foten i form til det, så det blir berre å gå og rusle rundt huset.I morgon er det heldigvis mandag og arbeidsdag, så då kan eg køyre på Vør, kanskje.
Og så kan det hende eg må hjelpe til å få vindua på plass ? Dvs. rydde og flytte på ting etc. Kven veit.
Her står det to vindu godt innpakka.


 

lørdag, juli 26, 2025

Dagbok 2025:26.juli

Klokka er no 16.48, temperaturen ute er + 16 grader og det er stort sett overskya men opplett. Tidlegare hadde vi sol innimellom.

I dag hadde eg tenkt å få gjort ein jobb, så eg sette i gang relativt tidleg. Saka var at heile vaskekjellaren vart "vannskada" i går. Det vil seie der hadde blitt masse vatn på golvet, men det meste forsvann i går. Men då det var gjort, ville eg ta ein liten Vask på rommetnår det likevel var vått . Derfor tok eg ut teppa som var våte og la dei i meir vatn eller spylte dei. På boildet over kan de sjå korleis eg vaskar plastteppe, Eg heng dei opp og spylar med slangen, på begge sider. Det vart ein del jobb , men eg er glad for at eg fekk gjort det, for der var eit visst behov. No er alle tinga på plass igjen og eg har hatt ei kvilestund. 

Eg tenkte eg skulle plukke bær i dag, men bæra var ikkje så modne som eg trudde. Derfor vart det til at eg berre rydda litt i hagen i staden.


Mandag kjem han som skal sette inn dei nye vindua mine, og eg veit at harn er glad i rips med vaniljesaus så då kjem han til rett tid. Eg må komme meg på VØR snart for no har eg mange hageboss-sekker.

Marit er heime åleine i dag, så eg skal ta ein tur opp til henne, trur eg. Eg har hatt meg ein lang pause etter det relativt tunge arbeidet før idag. I dag er det laurdag, så eg får ønske God helg! Det vart visst gløymt i går.

 

fredag, juli 25, 2025

Dagbok 2025: 25.juli


 Klokka er no19.22, temperaturen ute er + 21 grader C, det er skya, men ikkje regn. Eigentleg er det veldig fint å vere ute akkurat no. Men eg er inne altså.

I dag hadde eg ikkje noko som eg måtte gjere ute, trong ikkje vatne t.d. så eg gjorde ein liten innsats inne i hus, eg støvsuga teppegolva til dømes og rydda opp litt her og der. Etterpå tok eg ein tur på butikken for å skaffe meg litt meir mat.- Eg kom brått på at eg hadde spekesild liggande heime, så då blei det å kjøpe ny-poteter og diverse anna.

Då eg gjekk ut frå butikken tenkte eg på kor heldig eg er. Eg er 85 år, men kan gå på mine eigne bein og køyre min eigen bil, og eg har pengar til å kjøpe den maten eg vil ha. Eg har nettopp sett nyheiter frå Gaza, så eg veit litt om korleis folk der nede ,og andre stader i verda, kan ha det. Det vil seie-eg veit vel ikkje så mykje, men ser at folk lid.

Mens potetene kokte i dag halte eg i lang sudokuen i fredagsavisa. Den brukar å vere vanskelig, men i dag fann eg på noko lurt, så eg kom i land.

Litt seinare hadde eg eit ærend i kjellaren, og der fekk eg eit lite sjokk.Ho som hadde vatna gras og blomster med slangen i går, hadde skrudd av vatnet ute på muren, men ikkje i vaskekjellaren der vatnet kjem frå. Eg har eit litte plastfat som kan samle opp små mengder vatn, men når vatnet renn over fatet og renn ca 1 døgn eller vel det- Då blir det vått på golvet. Dei to lange golvteppa som låg der hadde no samla opp noko av væta , så dei fekk eg fjerna. Eg har ein stor mopp som eg for over med, meir kan eg ikkje gjere, men det er sementgolv der, så eg trur det kjem til å tørke opp bra til i morgon. Då får eg ein liten jobb med å få der i orden igjen. Det var så mykje som skjedde i går-på ein gong nesten,så det var kanskje ikkje så rart at eg gløymde stoppe vatnet. 

I dag har det vore ein roleg dag, eg sat og strikka litt men s eg såg TV, men eg sovna nesten framfor tV-en, berre eg ikkje sovnar med kaffikoppen i handa-det har hendt det også. Apropos søvn;  i dag sov eg til klokka 9, utan sovetablettar, og det synest eg er bra.

Det er ikkje blitt heilt grønt igjen i hagen, men no har vi i alle fall hatt regn.

Sola er der bak skyene-og det har ikkje kome gras der plommetreet stod.


torsdag, juli 24, 2025

Dagbok 2025: 24.juli

 

                                  Denne rosa har eg hatt nokre år

Klokka er no17.10, og eg sit og høyrer på torebrak, enno er dei langt borte, men vi får vel både smell og regn vi også om ei stund.Temperaturen ute er +25 grader C akkurat no.

Denne dagen har gått fort unna.  Helge kom tidleg på dag og fiksa datamaskina fort, så no er eg på nettet igjen. Verre er det med telefonen, eg skulle ønske eg hadde den gamle Doroen, eg likar ikkje desse moderne telefonane som skal kunne brukast til alt, men dei er veldig bra for dei som kan å bruke dei.

Så fekk eg telefon frå Audun , han og Elisabet ville komme ein tur. Eg skunda meg å få av meg litt av hagekleda så eg såg litt meir sivilisert ut, eg hadde nettopp vatna heile "godset" mitt og elles drive med litt hagearbeid, det er no det eg likar når det er ver for det.

Men det var kjekt å få helse på Elisabet, ho og Audun skal gifte seg neste sommar.

Eg har ikkje vore opp til Marit i dag, og ikkje på butikken-trur ikkje eg treng å handle før i morgon.

Denne rosa kjøpte eg i år, men eg trur den må vere samme sorten som den eg hadde før


Dagbok 2025: 22. og 23.juli

 Eg har vore utan datamaskin eit par dagar. Først vart det styr både med TV og data. Så vart alt bra, med unntak av Google på maskina. Eg forstod ikkje kva som var gale, for alt anna kom i orden , berre ikkje Google. Eg sende melding til han som alltid plar hjelpe meg, og han kom i dag, og han visste kva som var gale fordi han hadde vore ute for det samme. Det galdt reklame. Viss eg nekta reklame måtte eg betale for å ha FB t.d. Helge gjekk igjennom teksten  og opna opp for reklame og så på sekundet var alt i orden.

No er eg sjeleglad -for å vere utan internett er heilt håplaust for meg. 

Eg kan no berre skrive litt om kva eg har gjort dei siste par dagane. Eg har stort sett berre jobba i hagen, klipt plenar, raka etc. Har i alle fall fått sveitta nok, men eg likar å jobbe i hagen. Venstre foten er ikkje heilt god , så eg går ikkje tur, men går mykje her attmed huset. Så er eg  litt oppe hos Marit av og til. No ventar eg på telefon frå ei venninne.

mandag, juli 21, 2025

Dagbok 2025: 21.juli


 Klokka er no18.48, temoperaturen ute er + 28 grader C, det kom nokre få regndrpopar for ei lita stiund sidan, men det vart ikkje noko av.

Eg er nettopp komen heim, for i dag har eg vore på langtur med Margrete og Amanda + hunden Albert.

Amanda henta meg her og så køyrde vi inn til Margrete og gjekk over i hennan bil. Turen gjekk til Eid og vidare til Måløy og Raudeberg. Med det samme vi gifta oss i 1962 flytta Nils og eg til Raudeberg og vart buande der til 1965. Då hadde vi to små barn. Samme hausten flytta vi til Ørsta og her blei vi.

Vi såg skulen der eg jobba, kyrkja dr dei to vart døypte, og så var vi på Refviksanden. Der var det fantastisk i dag mykje folk, og mange som vassa og bada. Vi tre gjekk berre og vassa litt.

Litt seinare reiste vi til Måløy der vi omsider fann ein restaurant og kjøpte oss mat.. Der var kjempeheitt der også, men maten gjekk ned. Eg synest ikkje der er fint i Måløy no, der er ikkje ryddig-etter mine begrep. Men det var ingen ting i vegen  med bilturen-det var nydeleg alle stader. Det er lenge sidan eg har reist den vegen no, og Nordfjorden låg deer så vakker i solskinnet. Vi sette av Amanda då vi kom til Straumshamn, og Margrete køyrde meg til døra heil. 

Eg kan berre takke for ein fin og kjekk dag. dessverre har telefonen svikta, så eg har berre bilde som dei andre tok.

                                                              Margrete og eg på sanden
              Kyrkja på Raudeberg der både Solveig og Rasmus vart døypte.
              Den ligg veldig fint til, ikkje langt frå sjøen. Margrete og Amanda på                      bildet.(som dessverre vart litt skeivt)


søndag, juli 20, 2025

Dagbok 2025: 20.juli


 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 29 grader C og eg silsvettar her eg sit. For ei stund sidan gjekk straumen, så då la eg meg ut på solsenga ei stund, heldigvis var her staum då eg kom inn att, såpass eg kom meg inn på  PC.- en. Det vart velig annleis for meg no når alle for og eg vart åleine., eg har det no bra. men likar å ha kontakt med omverda.

Eg hadde ingen planar for dagen, men på føremiddagen fann eg ut at eg kunne pynte litt på den grøne flekken der rosebuska stod. Eg hadde sådd i før, men var ikkje fornøgd med resultatet. Så på sundag føremiddag prøvde eg å reinske vekk meir avrusk og rask som var der. Utpå ettermiddagen hadde eg på ein sekk med mold og sådde i for andre gong med litt betre frø, trur eg. Det er i alle fall gjort, så no spørs det berre kva som spirer opp. Eg fekk opp mange av dei nye skudda frå den gamlerosebuska i alle fall.

Det er omtrent alt eg har gjort i dag i tillegg til å lage meg middag av diverse restar. Eg har blitt litt bortskjemt med Wenche sine gode rettar-eg lagar ikkje så god mat, i alle fall ikkje når eg er åleine.

Eg har prøvd å sitte ute i skyggen, men då lyset gjekk la eg meg ut på solsenga på altanen og silsveitta ei stund. Eg kan ikkje hugse at vi har hatt det så varmt lenge som det vi har hatt no. Det er no godt med varme, men eg skulle ha vore nærmare vatn.  Ein gong for lenge sidan var Nils og eg opp i  Skåla            då var det så heitt då vi gjekk heim at vi la oss ut i høler på elva på heimvegen. Eg tenkjer på dei som bur i land som er enda varmare og der dei ikkje har tilgang til sjø eller vatn, I morgon skal eg vere med Margrete og Amanda på biltur viss det går etter planen. Det ser eg fram til.

Rasmus for med båthengaren i går, han fekk selt den til ein mann frå Elverum, dei møttest på Hamar. Eg er glad for at eg fekk den vekk.

Og no kom eg meg endeleg inn på Bloggen igjen-klokka nærmar seg 1. 



                    På ettermiddagen var eg ferdig med jobben i hagen.
















lørdag, juli 19, 2025

Dagbok 2025: 19.juli

Leonardo da Vinci rosene er ein villeg sort, eg likar dei godt.

 Klokka er no17.50. Sola skin og termometeret står på + 28 graderC; ikkje over 30 altså,men heitt nok.

Merkeleg nok har eg sove godt på dagsenga på datarommet. Men heitt har det vore. I dag vakna eg litt tidlegare, sikkert fordi gjestane mine skulle reise, og vi skulle opp klokka 8- Vi sløyfa fellesfrokosten i dag. Det var viktigare å kome seg av garde, særleg nå Rasmus skulle ha med seg "båtvogna" . Dei kom seg av gårde når dei skulle og eg fekk melding frå Stryn ein halvtime eller vel det seinare. Eg sette i gang med klesvask og oppvask i maskinene og så tok eg ein tur opp til Marit, ho sat ute og strikka i skyggen på "Platten". 

Då eg kom ned att sjekka eg vaskemaskinene mine og så vatna eg i hagen og rydda litt her og der. Å klippe plenen orka eg ikkje, det var for heitt!

Det vart litt kjedelig å vere her åleine no når eg var så godt vand, men eg kjem vel inn att i tralten snart. Viss det blir litt kjøligare så kan eg no strikke -for eksempel. Elles så går no klesvaskemaskina og tørketrommelen for fullt enno. Eg har så smått begynt å tenkje på korleis det går med Rasmus &Co, spent på korleis det gjekk med båtvogna , så eg håper å høre frå dei snart.Eg fekk ei melding frå Eidsvoll for ein times tid sidan, så då nærmar dei seg Kongsberg.



fredag, juli 18, 2025

Dagbok 2025: 18.juli


                              Avslapping  i varmen


Klokka er no 23.30, temperaturen ute er + 20 graderC, og vi har hatt enda ein kjempevarm dag. Eg skal innrømme at eg har gjort lite og ingenting i dag, bortsett frå litt kjøkkenarbeid med matlaging og oppvask. Wenche og Rasmus handlar og det er dei som lagar maten også, stort sett.Og det er god mat! Eg hjelper til med litt opprydding og oppvask,

Rasmus har drive og styrt med båtvogna mi, fått bort rust etc, Han har også prøvd å selje den på nettet, og det går kanskje i orden  når dei reiser i morgon. 

Vi har hatt nokre gode dagar med mykje god mat etc. Men eg har ikkje vore så veldig mykje ute i sola,det har vore for varmt; men no skal det visst bli slutt på varmen over helga- eg ville gjerne hatt det varmt lenger. Og eg ønsker meg mykje meir sommar. Hittil har eg halde meg heime, stort sett, men er skal nå få meg ein tur eg også.

Gjengen reiser altså i morgon, for Vebjørn skal på jobb etter helga.Dei andre har fri lenger.

Eg har sove godt kvar natt her på datarommet mitt, og det gjer godt.

torsdag, juli 17, 2025

Dagbok 2025: 17.juli


 Klokka er no ca 23, temperaturen ute ca +20 grader, og det er klårt og fint. Tidlegare i dag var det veldig varmt, sikkert over 30 grader. I dag skulle alle som kunne i storfamilien komme hit til kaffislabberas. Vi som bur her no hadde sjølvsagt ete middag på førehand, det var Rasmus som diska opp meg sjølvlaga pizza.

Gjestane skulle komme klokka 5.

Solveig hadde steikt ei stor haug med sveler, Margrete hadde laga kake, og det hadde eg også. Så var det kaffi og brus og is etc. Amanda hadde med seg hunden sin, Albert, og han fann seg godt til rette. Det vart ei kjekk stund for alle- håper eg, det er no Rasmus og familien hans som er lengst borte, men i år har mange av oss vore i konfirmasjonselskapet til Ingar på Kongsberg. Etter at dei tilreiste gjestane har fare, kom Einar han hadde hatt oppdrag som gjorde at han ikkje kunne komme før. Så fekk han også snakke med dei tilreisande. Vi har hatt ein kjekk dag, og det er så kjekt å ha Rasmus-familien her. Dessverre kan dei ikkje vere her så lenge, for "Mellombror" skal på jobb igjen over helga. Dei andre har meir ferie.






                                                      Ingar med Albert

onsdag, juli 16, 2025

Dagbok 2025: 16.juli

 


Ikkje noko har blitt gjort her i dag

Klokka er no 19.20, teperaturen ute er +29 grader C, og sola skin. Eg sit her åleine no for Rasmus og familien skulle ha seg ein tur ut i båt. Vi har ikkje vore så aktive i dag, til det er det for varmt, er er ikkje skamfull over det, men eg har stort sett vore inne i dag. Ja, eg fekk no ha ved i sekker ei stund, og så har eg vatna i hagen.Og Rasmus med fleire var på Vør og så handla dei mat etterpå-  Men elles hardagen godt med til mat og prat, vi orka rett og slett ikkje å sitte ute og bli steikte. Eg har no fylt opp med diverse småjobbar, klesvask, oppvask etc- Men vi har det kjekt, og har mykje god mat- No spørs det berre om dei kjem heim med fisk frå havet.

I morgon blir det ei lita familiesamkome, Solveig og Margrete kjem ein tur, og har kanskje fleire med, eg kosar meg men å få vere i lag med barn og barnebarn.

                                                      Det var for varmt å vere på altanen i dag


Det var for varmt å vere på altanen i dag

tirsdag, juli 15, 2025

Dagbok 2025: 15.juli


 Klokka er no 20.35, temperaturen ute er +29 grader C, og det har vore sol og fint i heile dag. Eg stod opp grytidleg , som vanleg, men la meg igjen og sovna til det var på tide å stå opp- 

Då Rasmus var her sist haust bestemte vi at plommetreet som stod på plenen skulle vekk og i dag skulle det skje. Det var mykje meir jobb enn eg hadde trutt. Rasmud saga og grov og stammen vart gjort om til ved på Kløyvaren i garasjen, Eg var med og fylte sekker med ved o kosta golvet. Men sjølve stammen på treet stod att. Rasmus ville på VØR ein tur før han begynte på den. Eg klipte plenen  mens habn var vekke. Så skulle skjølve rota opp, og det var ikkje lett. heldigvis hadde vi fire unge menn som kunne drage.

                               Fire unge menn halar og dreg.
             Og så var stammen oppe, det var litt av ein jobb med alle røtene. 

           Vi skal ikkje ha nytt tre i holet, men kva som skal skje vidare veit eg ikkje.

Det er liksom Rasmus som tek alt ansvar når vi er her i lag. Han og Weche handla inn mat og Wenche laga nydelig kyllingmiddag. Eg vaska opp litt etterpå både for hand og i maskin. Vi har sete mykje inne på ettermiddagen, det var rett og slett for varmt til å sitte i sola ute. Men det er kjempefint med skikkeleg sommarver, vi har venta på det. På torsdag skal "jentene" komme på besøk, så då får eg sjå alle tre borna mine på ein gong. Det blir fint.

Dagbok 2025:14.juli

 Vi er i grunnen komne til den 15.juli, for det er ein time etter midnatt. Den 14.juli var det bryllaupsdagen til Rasmus og Wenche og mamma sin fødselsdag. Ho vart fødd i 1904.

Rasmus og eg har ikkje lagt oss enno, men dei andre er i seng. Vi har så mykje å snakke om og planlegge, at vi har nesten ikkje tid å sove. Rasmus og familien kom her i 20 tida , og etter det har vi ete og prata nesten heile tida. Gutane er på kjellarrommet , som vanleg når dei er her. Det var ikkje avtalt at vi skulle ha middag når dei kom, men eg hadde no laga opp i ei panne med gulasj, så det vart middagen i dag. Rasmus driv og planlegg alt han/vi skal gjere i hus og hage.

Dagen som no er over var både varm og våt. Temperaturen  var oppe i + 32 graderC -minst, og så kom der ei skikkeleg  regnbyge-så eg kunne ha late vore å vatne med slangen.

Rasmus har planer for morgondagen, eg trur han ser fram til å sage ned plommetreet på plenen. Det er vel på tide vi kjem oss i seng vi to også. Ikkje i same seng, sjølvsagt- Og så håper eg at eg får sove nokre timar, det er ikkje alltid så lett.

søndag, juli 13, 2025

Dagbok 20 25:13.juli


Klokka er no 17.52, temperaturen på trappa er + 30 grader C, for ei lita stund sidan var temperaturen +32 grader, Det er varmt-og sveitten renn. Eg vakna som vanleg grytidleg i dag, før sola stod opp, og då såg det slik ut når eg såg utover frå altanen-sjå bildet over.Sola dukka opp ei lita stund seinare

Eg greidde å tvinge meg sjølv til å legge meg igjen, og eg fekk sove litt til. Så stod eg opp og då var Lollo der og ville ha frokost-og det fekk ho. Elles har eg vatna med slangen over mesteparten av tomta-eg må no ha noko å styre med når eg går her åleine.  Men i morgon seint på kveld kjem Rasmus og familien, det ser eg fram til.

Marit kom att frå hyttekosen i dag så eg sat lenge oppe hos henne og prata. Elles har eg ikkje gjort noko særleg, prøver å sole meg litt, men det er for varmt- eller kanskje det ikkje er så varmt lenger. Eg har sete å altanen med føtene i vatn(og såpe)- det er ikkje fritt for at dei treng eit skikkeleg vask innimellom..

Eg likar godt sol og varme, men det treng ikkje å vere SÅ varmt. No trur eg det var Erlend som kom att, i dag før middag melde han frå Flesland. No fortel han at han har vore på country-festival i Tromsø. Etter som eg forstår har har reist både langt og lenge med fly. Men han kom att på Vigra. Og no er han vel i hamn i Starevegen. Eg spurde om han fekk mat å turneane sine og det gjer han. Dei steller godt med musikarane, seier han.

 Eg vatnar blomster og gras kvar dag. I dag vatna eg tidleg på dag. Det som er det finaste no er Leonardo da Vinci -rosene. Dei er så ivrige at dei prøver å klatre opp i treet-enda dei ikkje er klatreroser.

Eg får dessverre ikkje gå tur på Vernet, for den venstre foten har blitt dårleg igjen så eg vil ikkje at den skal bli verre- heller betre!


lørdag, juli 12, 2025

Dagbok 2025: 12.juli

Klokka er noca 17.30, temperaturen på trappa mi er no +28 grader, men det kan hende der er litt sol på termometeret..

Som alle veit no, trur eg, er eg blitt ein morgongfugl, litt mot min vilje. I dag var er ikkje opp før ca 6.45 og då tok eg bildet over. Det er nemleg veldig sjelden ein få sjå sola så  langt mot aust, ho er der nok , men som regel er det ikkje så klårt tidleg på dag  at vi ser henne.  Men i dag skein ho rett inn på kjøkkenet til meg.

Det er ikkje slik at eg ønsker å stå opp så tidleg og eg legg meg ikkje tidleg på kvelden heller. Men no har eg ufrivillig blitt ein morgonfugl.

I dag tok eg fredagsvasken , sidan eg ikkje vaska i går, det var no fort gjort. Så har eg lova Marit å vatne tomatplantane deira, og mate katten, men s dei er vekke.  Katten kjem no ned til meg så snart dei fer nokon stad, om det berre er på butikken. Eg synest det er litt kjekt. 

Eg får ikkje gjort så mykje som eg vil i hagen, og det likar eg ikkje. Det er venstre foten igjen, no er den ikkje god. Han begynte å trøble for fleire veker sidan, men blei bra igjen, så eg begynte å gå på Vernet igjen. Det har eg slutta med no. Men ein ting kan eg gjere i hagen , eg kan vatne med hageslangen, og det gjer eg. Eg tenkjer litt på det når eg vatnar at dette er drikkevatn som mange i verda har for lite av.

Eg var ein liten tur på butikken i dag, men i dag vart det på KIWI, Den butikken er blitt veldig fin no etter opp-pussing og utviding.Og så er eg glad for at eg har den vesle gamle  bilen så eg får kome meg både hit og dit utan  hjelp av andre. Det eg ser fram til no er at Rasmus-familien skal komme på besøk neste veke. Håper det fine veret varer.

Eg har prøvd å ligge litt på solsenga desse fine dagane, men eg har ikkje tolmod til å ligge så lenge i ro. Eg har no funne fram strikketøyet mitt, Solveig kom med garn frå Sverige i går. Eg strikkar lestar som ho distribuerer vidare i slekta, eg synest det er heit greit å strikke lestar, så det går bra.

                                                              Tidleg morgon i hagen








 

fredag, juli 11, 2025

Dagbok 2025: 11.juli


 Klokka er no 20, 25 , temperaturen ute er +25 grader C på trappa, det er heilt passeleg varmt. Det har vore ein fin dag. I dag stod eg opp i skikkeleg tid, og det varte ikkje så lenge før Solveig og Øystein kom, slik dei hadde sagt. Øystein ville male trappa mi, og Solveig hadde kjøpt garn til meg- i Sverige, så no får eg strikke lestar, har alt begynt på den første.

Dei blei her ikkje så lenge for dei hadde "gjester" heime, så det vart ikkje kaffikos i dag.

Eg har ikkje gjort så mykje i dag , men eg vatna i hagen så blomster og gras skal få sitt. Seinare tok eg ein tur til Spar-butikken i Vik. Eg trudde dei hadde noko som dei ikkje har på KIWI, men eg fekk no ikkje heilt det eg skulle ha.

Elles låg eg ei stund på den gamle solsenga, men det var litt kjedelig så eg gjekk inn og begynte å strikke og sjå TV. Eg hadde ikkje hatt på TV-en før i dag, så eg visste ikkje kva som hadde skjedd i verda. Eg synest det har blitt litt rolegare igjen.Men fred i verda er det vel ikkje.Rasmus og famlien hans kjem over helga, så det ser eg fram til no.


Eg let slangen ligge att i graset, for eg må vel vatne i morgon også


                                              Kveldsol på altanen.

torsdag, juli 10, 2025

Dagbok 2025: 10.juli

 

Klokka er no 17.37, eg fekk nesten sjokk då eg såg det, for denne dagen har gått over i historia utan at eg har fått gjort det eg skulle og ville. Eg hadde ei dårleg natt, sov lite og var ikkje i form då eg stod opp heller så eg kom meg ikkje i arbeid før det leid på dag. Klokka 13.15 presis kom eg meg i "arbeid", tok bilen og reiste på butikken. Det var noko eg mangla når eg skulle ha glasur på ei kake. Det er alt eg har gjort i dag-hatt glasur på ei kake. Og når eg hadde gjort det, var energien oppbrukt. Dette er heilt ulikt meg, så eg håper å komme tilbake med vanleg energi så snart som muleg.

Marit er reist på hytta med Janne og eg passar katten. Der kom ein bil på tunet med ei stor kasse.til meg? Ja, då eg såg namnet Koppen, visste eg kva det var, det er dei to nye vindua som eg skal ha på soverommet og datarommet. Men han som skal sette dei inn må vente til Rasmus &Co har vore her. 

Eg sit og strikkar litt på med dei små nøsta eg har att. Eg reknar med å få meir garn frå Solveig når Øystein kjem ein tur i morgon.

Eg var ned i den pensjonerte jordbæråkeren-og jammen var der litt bær, til tross for at der ikkje har blitt ordna og stelt i år.

Eg trur ikkje eg kjem til å gå på Vernet i dag, foten vart ikkje heilt god då eg gjekk der i går. Treng ikkje å gå der kvar dag.

Håper at alle får ei fin helg; eg kunne tenkt meg meir sol og sommar no er det +18 grader og overskya her.

onsdag, juli 09, 2025

Dagbok 2025: 9.juli

Klokka er no 18.44, temperaturen ute er + 15 grader. Det har vore opplett og relativt varmt i dag, men ikkje sol. Eg prøvde å gjere litt husarbeid på føremiddagen, eg støvsuga teppegolva, men elles vart det ikkje så mykje gjort. Eg vart så trøtt at eg la meg ned på "dagsenga" ei stund,  eg er ikkje sikker på at det var så lurt. Men etterpå kom eg meg i alle fall ein runde på Vernet, til tross for at venstre hofta var litt trøblete. Ikkje alle dagar er like vellykka.

Eg har ikkje sett nyheiter i dag. Eg har problem med å sjå TV viss eg ikkje har strikketøy og no minkar det på garnet. Eg vurderte å fare til Vik og kjøpe, men det vart ikkje noko av.Solveig har visstnok kjøpt garn i Sverige som eg skal få. 
Kort sagt vart dette ein dag då lite vart gjort og lite hende.

No etterpå er eg litt irritert på meg sjølv, for eg kunne no gjort ein liten innsats i hagen. Der er det alltid noko som skal gjerast. Eg skal no ta meg ein tur rundt huset og sjekke. Naboen er komen heim frå sydenferie og har klipt plenen ovafor garasjen i dag. Eg klipte sjølv ein gong mens han var vekke.

Kvar gong eg går her må eg beundre det fantastiske byggverket som Fonnvernet er.




 

tirsdag, juli 08, 2025

Dagbok 2025: 8.juli

                                                                      Akkurat no

Klokka er no19.53, temperaturen ute er+18 grader C, men det har vore mykje varmare før i dag.Eg er ikkje sikker på kor varmt det har vore, men nydeleg har deti alle fall vore. Eg starta dagen med tidleg frokost, eg har det med å vakne tideleg og stå opp utan å sjæ på klokka slik som i dag. Eg sat ved frokostbordet klokka 5, men la meg igjen ei stund etterpå.

Eg var flittig på føremiddagen, vaska soverom og datarom, bytte på senger og hadde ut golvtepper og sengetøy til lufting. Det var godt å få gjort dette i så fint ver. Etter kvart vart det veldig varmt og fint, så eg la meg på solsenga ei stund, den har vore lite brukt i seinare tid. Etter kvart gjekk eg ein tur opp til Marit som sat ute og strikka. Etter kvart vart eg svolten på middagsmat og gjekk over gata og laga mat. Etterpå låg eg ei stund på solsenga, som forresten er nesten heilt kaputt. Eg hadde i grunnen tenkt å gå tur på Vernet, men så vart det ikkje noko av. Lett å bli lat når det er så varmt og fint.

Rasmus og familien kjem truleg oppover til helga, så eg må vel få huset litt i orden til den tid.Gutterommet har eg gjort ferdig for lenge sidan,men eg har det ikkje heilt i orden her i leilegheita; eg har brukt mykje tid på hagearbeid, så andre ting blir sett til side.

Ser fram til at eg skal få besøk av Rasmus og familien, det er no ikkje så lenge sidan vi var der ned i konfirmasjon, men dei er no litt for langt unna.

                                                                  Og sola skin i vest


 

mandag, juli 07, 2025

Dagbok 2025: 7.juli


Klokka er no 20.24, temperaturen ute er +22 grader og vi har hatt ein nydeleg dag med sol og varme. I dag venta eg Einar på besøk, han skulle komme klokka 12. Eg var ein tur på butikken og kjøpte inn diverse matvarer som vi skulle ha til lunsj. Eg dekka bordet og koka kaffi, men Einar kom ikkje. Han er den mest presise eg veit om, så når han ikkje kom vart eg skeptisk og redd for at det hadde hendt noko. Eg etterlyste han på sida vår på data, men ingen visste noko. Plutseleg kom bilen ned på tunet, presis klokka 13.00. Det var det tidspunktet Einar trudde han hadde skrive. Så vart alt herlegheit og glede og vi kunne kose oss med god mat , kaffi og prat. Det er alltid kjekt å få besøk av Einar-ja, andre også sjølvsagt.

Etter at eg vart åleine la eg meg ut på den gamle skrale solsenga , det skjer ikkje ofte. Då eg stod opp att vatna eg heile hagen med slangen. Men enno var det lyse dagen og sol og varme, så det vart ein tur på Vernet også. I dag vart eg kjend med eit ektepar som bur her på Vallabøen, dei var begge to litt yngre enn eg, men skal feire 85 år om ikkje lenge. Veldig kjekt å bli kjend med nye folk.

Då eg kom heim sat Marit ute, så eg måtte sitte ei stund og prate med henne også- vi har no alltid noko på hjertet. Enno skin sola ute, og det er varmt og godt, men det skal ikkje vare så lenge seier dei i vermeldinga.

Eg har hatt kontakt med Rasmus og dei vil komme oppover neste veke viss eg forstod han rett. Dei kjem i alle fall hit om ikkje lenge. Det skal bli kjekt. No er Solveig og Margrete komne heim frå svensketurane, så då er vi mannsterke. Ikkje noko anna er så kjekt for meg  som å få vere i lag med barn og barnebarn- og oldebarn


                                                                      Sommar og sol

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...